Hopp til innhald
Musikar Erlend Apneseth

(Foto: Olivier Hoffschir)

Inkonsekvent frå Kulturdepartementet

Koronasituasjonen: Musikar Erlend Apneseth etterlyser informasjon og svar om honorering etter 1. mai i Den kulturelle skulesekken.

Av Erlend Apneseth, musikar

Då koronakrisa slo inn over landet i mars blei det vedtatt å betale ut fullt honorar til utøvarane i Den kulturelle skulesekken (DKS) som fekk avlyst oppdraga sine i mars og april. Det var rimeleg å anta at dette var ei linje dei ville legge seg på ut skuleåret, slik at forholda vart like for alle engasjerte utøvarar i 2019/2020.

Difor kom det som ein overraskelse då meldinga kom om at Kulturdepartementet etter forhandlingar med Kulturtanken og Creo no har bestemt seg for å gå vekk frå denne linja, og ikkje betale ut honorar i det heile til utøvarar som får avlyst oppdraga sine i mai/juni.

Dette er problematisk på fleire måtar, der den mest åpenbare er forskjellsbehandling av utøvarar: nokre får altså betalt ut fullt honorar, mens dei som tilfeldigvis har lagt turnéane sine i mai eller juni står på bar bakke.

Denne inkonsekvensen blir ikkje kommentert i brevet frå Kulturtanken til utøvarane om avlysing i mai/juni. Grunngjevinga er force majeure på grunn av koronakrisa, fundert i følgande formulering:

«Departementet har nå fattet en beslutning om at videre anvendelse av tilskuddsmidler for ikke gjennomførte oppdrag etter april ikke er i tråd med retningslinjene.»

Kvifor er ikkje vidare bruk av tilskotsmidla i tråd med retningslinjene?

Det har vist seg å ta lang tid før kompensasjonsordninga frå NAV kjem på plass, og mange kunstnarar står som kjent heilt utan inntekt dei neste månadane. Slike inntekter som honorar frå DKS kunne difor hjelpt mange på kort sikt. Fylka og kommunane som organiserer DKS ute i landet er arrangørar som ikkje er avhengige av billettinntekter, og som har moglegheit til å ta vare på utøvarar i ein slik situasjon på ein annan måte enn «vanlege» konsertarrangørar.

Eg etterlyser difor tydelegare informasjon frå Kulturdepartementet om samtalane med Kulturtanken og kva som blir gjeldande frå 1. mai og utover, kvifor det «ikkje er i tråd i med midlenes formål» i denne tida å betale ut honorar til alle utøvarane under kontrakt i 2019/2020 – samt kva de tenker om utøvarane framover om dette skulle fortsette i lang tid.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Hei kalas skulle ha spilt under Festspillene i Bergen

Koronasituasjonen: Ingen kulturarrangement før 15. juni

Ingen Miniøya i Oslo eller Nattjazz i Bergen i år, men Festspillene i Bergen jobber med alternative løsninger.

Cezinando spilte skolekonserter for DKS Buskerud i

Avviser egen avtale for DKS-utøvere

KS avviser egen tariffavtale for lønnsmottakere i Skolesekken. Utøverorganisasjonen CREO mener dette tvinger musikerne over i usikre frilanstilværelser.

Rohey

Færre forestillinger i kulturell skolesekk

Antall opplevelser som produseres per barn synker. – Litt trist at vi regner med videre nedgang, sier DKS-direktøren.

Flere saker

Kai Gustavsen, festivalsjef Kongsberg Jazzfestival

– Jeg tviler på at Norge går konkurs selv om vi innordner oss på en måte som gjør at frilansere kan leve av å utøve musikken sin.

Sier festivalsjef Kai Gustavsen i Kongsberg Jazzfestival.

Live Mörmaid på kafeen Pust på Majorstua.

Mörmaid og drømmen om et konseptalbum

Elektroartist Mörmaid ser tilbake på en krevende albumdebut. Nå har hun funnet ny inspirasjon til å skape sanger igjen.

Wimp

WiMP 5 år i Norge

Fem år etter at musikktjenesten ble lansert på det norske markedet har den 500 000 brukere i fem land.