
Endring i åndsverklova
INNLEGG: Deler av kulturlivet lever av sal og er utanfor dei offentlege kulturbudsjetta. Dette segmentet vil ha nytte av eit betre vern som endringa i åndsverklova medfører, skriv Ragnar Bjerkreim.
7. mai vedtok Stortinget endringar i åndsverklova. Tiltak mot brot på opphavsretten på Internett har endeleg kome på plass i landet vårt. Venstre stemte imot framlegget frå regjeringa, og Framskrittspartiet stemde blankt.
Mange kunstnarar og kulturarbeidarar vende Venstre ryggen ved stortingsvalet i 2009. Før valet i 2009 stilte også forlag, plateselskap og filmselskap seg undrande til Venstre, SV og Rødt sitt syn på ulovleg bruk av kulturprodukt på nettet. SV har nå endra standpunkt og stiller seg bak den nye lova.
Korleis åndsverk kan vernast på Internett har etter mitt syn vore den viktigaste kulturpolitiske saka dei siste åra. Dette spørsmålet har også vorte løfta opp på nasjonalt politisk plan. At ei sak frå kulturlivet får så stor merksemd skjer ikkje ofte. Debatten om diktargasje i Stortinget på 1880 talet der Ibsen og Bjørnson deltok var kanskje like viktig som debatten ikring åndsverk på nettet i dag. På 1880-talet var vern av litterær eigedomsrett mykje diskutert i Europa, ein debatt som førte fram til skipinga Bernkonvensjonen i 1886, ein konvensjon Noreg slutta seg til i 1896.
Eit samla kulturliv
«Dele – ikke stjele«-aksjonen, samla i august i 2009 over 2300 underskrifter frå alle delar av kulturlivet. 37 organisasjonar stod bak ei oppmoding til partia før stortingsvalet om å klargjera sine standpunkt om tiltak mot piratkopiering og piratdeling på Internett. Eit slikt opprop frå eit samla kulturliv har ikkje skjedd tidlegare, korkje i Noreg eller i Europa. Likevel skulle det ta den raudgrøne regjeringa over 3,5 år før tiltaka kom. Komponistar, songtekstforfattarar, artistar, skodespelarar, forfattarar, film, litteratur – og musikkprodusentar helsar lova velkomen.
Les også:
Kunstnarane vende seg frå Venstre
Venstre har tradisjonelt vore mange kunstnarar sitt parti, men ved valet i 2009 mista både Venstre , SV og Rødt mange stemmer frå denne velgjargruppa. Unge Venstre var sterkt influert av Piratpartiet i Sverige. Piratpartiet var store i grannelandet på denne tida, og fekk inn to representantar i Europaparlamentet i Brussel. Unge Venstre inviterte også ein av grunnleggjarane av The Pirate Bay til eit av sine møter. Det liberalistiske ungdomspartiet til Venstre fekk gjennomslag for sitt syn under landsmøtet i Venstre i 2009. Denne sommaren gjekk debatten om Venstre sin kulturpolitikk i Aftenposten.
Eg har stilt meg spørsmålet om piratsaka var avgjerdande for at Venstre og SV gjekk så mykje tilbake ved valet i 2009. »Dele – ikke stjele«-aksjonen førte til at mange kjerneveljarar i Venstre, SV og Rødt vende seg til andre parti. Striden om vern av åndsverk på Internett var såleis avgjerande for regjeringsspørsmålet ved dette valet, i og med at Venstre gjekk så mykje tilbake.
Inkonsekvent argumentasjon
Venstre har mange gode formuleringar om kunstnar – og kulturpolitikk i sitt program, og har ein dyktig partileiar som brenn for kulturlivet. Men det er synd at partiet ikkje ser inkonsekvensen i sin eigen argumentasjon. Å ikkje ville verna åndsverk på nettet harmonerer ikkje med arbeidet for å betra kåra for skaparar og produsentar av kultur. Motsetnaden i Venstre sin kulturpolitikk er like forbløffande og ubegripeleg som ein allianse mellom Krf og Hedningesamfunnet ville vore.
Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Følg Ballade på Twitter
Store tap
I praksis har det ikkje vore noka handheving av brot på åndsverkslova i Noreg. Telenorsaka i 2009 viste at dei som har rettar til musikk, film og litteratur var utan rettsleg vern. Med dei nye endringane på plass kan ein håpe på at publikum i enda større grad vil bruke dei nye lovlege distribusjonsformene som, Netflix, Wimp, Spotify og Beat.no m.fl. Det er vanskeleg å estimera kor mykje kulturlivet har tapt på ulovleg nedlasting dei siste åra. Det er grunn til å tru at det dreier seg om store summer. Den raudgrøne regjeringa skal ha ros for auka kulturbudsjett, men har agert seint mot brot på åndsverk på Internett. Deler av kulturlivet lever av sal og er utanfor dei offentlege kulturbudsjetta. Dette segmentet vil ha nytte av eit betre vern som denne lovendringa medfører.
Ledige stillinger
Inntektene frå strauming og nedlasting har auka, men lovleg sal av musikk på nettet kompenserar ikkje nedgangen i salet av CD-plater. Å tette holet i åndsverklova kan føra til at økonomien i dei nye distribusjonskanalane vert betre, og at film, litteratur og musikk kan strøyma ut til publikum.
Ragnar Bjerkreim er komponist, styreleiar i NOPA (Norsk forening for komponister og tekstforfattere) og styreleiar TONO.
Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. Pr i dag er NOPA og NKF medlemmer i Foreningen Ballade.

















