Elleve steg nærare likestilling
Det europeiske initiativet Keychange arbeider for likestilling i musikkbransjen. Saman med den norske samarbeidspartnaren Oslo World fekk dei nyleg elleve norske musikkorganisasjonar til å skriva under på Keychange-erklæringa som oppfordrar til full kjønnsbalanse.
Keychange vart oppretta i 2017. Initiativet har 13 partnarar fordelt over like mange land, og meir enn 400 deltakarar spreidd ut over 40 ulike land. Initiativet strekker seg med andre ord langt utanfor dei europeiske grensene. Nyleg retta Keychange fokuset mot partnarlandet Noreg. Kva betyr utvidinga av programmet, korleis arbeidar dei og kan me forventa å sjå nokre endringar?
Årlege rapportar over kjønnsfordelinga
Dei nye medlemmane av Keychange er Rabalderfestivalen, Cosmopolite, Festspillene i Bergen, Førdefestivalen, Kongsberg Jazzfestival, Melafestivalen, Miniøya, Moldejazz, Nasjonal jazzscene, Nordic Black Theatre og Norsk jazzforum. Kva betyr det at dei no er medlem av dette initiativet? Forpliktar signeringa av Keychange-løftet (The Keychange Pledge, om å jobbe for å oppnå en kjønnsbalansert musikkindustri, red. mrk.) til nokon konkrete endringar? Eller er det ein fare for at det berre vert brukt som positiv marknadsføring?
– Det forpliktar til at me skal jobba for å nå målet om ein 50/50 balanse i musikklivet. Dei aktørane som så langt har signert tar det på alvor, og eg trur absolutt ikkje dei berre brukar det som positiv marknadsføring. Mange har allereie nådd målet om 50/50 og ynskjer å stilla seg bak initiativet for å kunne inspirera andre til å følga på, fortel Oslo World sin festivalsjef, Alexandra Archetti Stølen.
Oslo World leiar Keychange i Noreg, og Archetti Stølen har vore med sidan oppstart av initiativet. Oslo World var blant dei første festivalane som signerte Keychange-løftet i 2017, og som forplikta seg til å nå målet om 50/50 kjønnsbalanse innan 2022. Dette har festivalen allereie klart dei tre siste åra.
– Dei aktørane som signerer, vert hyppig kontakta av Keychange-nettverket og må rapportera status årleg. Dette vert ein sterk drivkraft hos alle som signerar oppropet. Ein får ikkje direkte represaliar om ein ikkje oppnår 50 prosent representasjon, men eg tenker at det å setta seg eigne mål er gjevande i seg sjølv og påverkar måten me jobbar på, meiner ho.
– Ein skal ikkje vera så redd for å telja
For å få overblikk og kartlegga kjønnsbalansen, vert teljing naudsynt. Ragnhild Menes er festivalsjef for det ferske Keychange-medlemmet Kongsberg Jazzfestival, og meiner ein ikkje skal vera så redd for å telja.
– Festivalen vår har hatt meir bevissthet på dette dei siste årene, men eg trur at ved å forplikta oss til eit talfesta mål vert me på ein positiv måte tvungen til å aktivt jobba for endring, fortel Ragnhild Menes.
Fleire av medlemmane er einige om at konkrete tal gjer det enklare å navigera, og ved å jamleg sjekka kvantitativ status er det enklare å helda seg på riktig kurs.
– Sidan 2008 har me som eit ledd i bevisstgjeringa bede arrangørane om statistikk på booking av kvinnelege musikarar i arrangørane sine årlege rapportar til oss. Det at dei faktisk må setta seg ned og tella, har vore ei aha-oppleving for mange, fortel dagleg leiar av Norsk jazzforum, Gry Bråtømyr.
Eit argument som ofte møter ein i samband med kjønnskvotering er at det går på kostnad av kvaliteten. Archetti Stølen kjøpar ikkje denne unnskyldninga.
– Når ein vert konfrontert med mannleg overrepresentasjon i eit festivalprogram, er klisjeen å grunna det med at det er for vanskeleg å gjera noko med. At det ikkje fins nok kvinneleg talent, eller at det er økonomisk uforsvarleg å sikta på jamn balanse. Det er ingen tvil om at festivalbooking er ein vanskeleg balansekunst, men mange av festivalane som er nærast å nå måla satt fram av Keychange, har òg dei mest interessante bookingprofilane. Det er openbart at desse festivalane ikkje ser på målet om kjønnsbalanse som eit krav isolert frå andre mål, det vere seg kunstnariske eller økonomiske – eller noko som trengs å kompenserast for. Balansemålet vert heller eit verktøy i jobben med å verta betre på alle desse punkta. Det vert ein måte å justera kursen i arbeidskvardagen som utan den typen tydelege mål fort kan verta planlaus. Det er ei tydeleg påminning om å leita etter dei neste store artistane, etter nye musikalske moglegheiter – og på den måten fortsetta å helda seg relevant for publikum, utdyper Alexandra Archetti Stølen.
Keychange 1.0 og 2.0
Medan Keychange 1.0 starta som eit opprop for å oppnå 50/50 kjønnsbalanse innan 2022, har dei no utvida ambisjonane sine sidan 2017.
– Med Keychange 2.0, som vart lansert hausten 2019, har ambisjonane vorte utvida til å gjelda fleire formar for representasjon – både kjønn, seksualitet og opphavsstad, forklarar Archetti Stølen.
Keychange 2.0 har ikkje ein stadfesta deadline på same måte som Keychange 1.0, men i mars 2024 vil ein stor rapport over utvikling og resultat lanserast på bransjefestivalen Tallinn Music Week i Estland.
I samband med fokusveka i Noreg vart Samsaya, AURORA og Mari Boine utnemnt som ambassadørar. Dei tre innverknadsrike artistane visar eit mangfald av kulturell bakgrunn og er sterke, kvinnelege førebileter i Noreg. Mari Boine har lenge vore eit viktig talerøyr for samisk kultur, og har fronta stoltheit over det samiske språket og joiketradisjonen.
– Keychange si oppmoding om auka inkludering av minoriteter i den globale musikkbransjen hastar. Det er på tide med nye utfordringar og endringar, meiner Mari Boine.
For å oppnå mangfald og kulturutveksling leiar Keychange eit internasjonalt utviklingsprogram der artistar og bransjeaktørar frå 12 forskjellige land er vorte valt ut av ekspertar frå musikkbransjen. Dei utvalde artistane og innovatørane kjem frå heile Europa og Canada, og får over dei neste åra moglegheita til å delta på internasjonale festivalar og bransjearrangement, som igjen kan leia til samarbeid på tvers av grenser. Dei første seks norske deltakarane som er valt ut er Ella Marie Hætta Isaksen, Miss Tati, Charlotte Bendiks, Amira Morstaq Ali, Kine Lundevall og Jennifer Gunn.
Miss Tati, eller Tatiana Palanca som er namnet hennar off stage, har røter frå både Angola og Portugal, men har vakse opp i Bergen. Ho er kjent som ein modig, ærleg rollemodell som hyller kulturdifferansar og som spreier glede gjennom soulmusikk. Å få vere med i Keychange sitt utviklingsprogram har vore ei ekstra drivkraft for ho.
– Gjennom deira mentorprogram har me i delegatgruppa fått masse nyttig fagleg påfyll i form av mellom anna føredrag og panelsamtaler. Keychange er viktig fordi dei tilbyr eit utviklingsprogram som har fokus på å løfta kvinner og minoriteter i musikkbransjen. I tillegg vert det lagt til rette for å bygga nettverk og dela erfaringar med andre aktørar. Å vera ein del av det har gitt meg motivasjon og meir pågangsmot, fortel Miss Tati.
Litt meir LHBTIQ, takk
Keychange er ei rørsle som kjempar for ein bærekraftig musikkindustri og som vil omstrukturera bransjen. Når det kjem til å inkludera og motivera mennesker frå ulike stader og samarbeida på tvers av grenser, har Keychange fleire konkrete tiltak og alle dei nye organisasjonane visar eit mangfald av nasjonalitetar på scena.
Men med eit litt strengt blikk registrerar me at det er tre cis-kvinner som er ambassadørar for initiativet, medan Keychange sitt nye pledge oppfordrar til likestilling for «kvinner og underrepresenterte kjønn» (journ. utheving). Ein kan få inntrykk av at dei ikkje har komme heilt i gang med å sikra mangfald innanfor underrepresenterte kjønn, og me etterlyser difor nokre LHBTQ-førebileter som dei unge kan sjå til.
Organisasjonane har heller ikkje konkrete planar om korleis dei skal involvera underrepresenterte kjønn, men kan skilta med sporadiske prosjekt som teater i dragformat på Rabalderfestivalen og dragdisko på Miniøya. Her er det rom for at Keychange legg fram nokre tiltak som kan hjelpa medlemma på veg, og det er framleis litt å ta tak i her sjølv om me går i riktig retning – om enn noko tregt.
Mammapermisjon til inspirasjon
Alexandra Archetti Stølen er nøgd med å få visa fram Noreg til dei andre i Keychange og trur at me kan vere til inspirasjon på fleire vis.
– Noreg har ein sterk tradisjon for likestilling, og eg trur at det å setta fokus på Noreg kan vera inspirerande. Me har komme langt i saker som handlar om familieplanlegging, til dømes, og det er viktig for å auka kvinners deltaking i arbeidslivet. Mange av partnarlanda våre kan sjå lenge etter våre ordningar for mammapermisjon, avsluttar Alexandra Archetti Stølen.
I samband med Noreg si fokusveke vart det heldt ein paneldiskusjon om «Digitalisering og mangfold i musikkbransjen». Samtalen er framleis tilgjengeleg i opptak, og tek for seg spørsmål som Har digitaliseringen skapt alternativ til dei tradisjonelle portvokterane i musikkbransjen? Teknologien er bygga av menneskjer – vil han dermed og etterlikna fordommane våre? Og – er det mogleg å forvirra algoritmane ved å spele det uventa? Her deltok mellom anna Kathrine Synnes Finnskog, direktør i Music Norway, artist Chika Dole, Marius Solberg, redaktør av YLTV og Anja Nylund Hagen, forskar ansatt i Kulturrådet.
Veka etter Noreg som fokusland stod Island for tur, som også løfta ambassadørar frå musikkfeltet, ulike artistar, skaparar og innovatørar innan musikk, og arrangerte mellom anna nettdebatten «Gender, language and inclusion».
I dag og frem til 2023 leiast Keychange av Reeperbahn Festival, PRS Foundation og Musikcentrum Öst, støttet av Creative Europe-programmet i EU, i samarbeid med Oslo World, Tallinn Music Week, Iceland Airwaves, BIME, Linecheck/Music Innovation Hub, Ireland Music Week, SACEM, Liverpool Sound City, Way Out West, Spring Break, MAMA, Mutek og Breakout West.
Oslo World, Talent Norge, Music Norway og Norsk Tipping er norske samarbeidspartnarar i Keychange.
Les meir om Keychange på nettsida deira.
Her heime arbeider mellom andre foreninga Balansekunst, der over 100 organisasjonar i landet er medlem – mellom dei ei rekkje av Keychange-medlemma – for kjønnsbalanse og mangfald i kunst- og kulturlivet.
Ledige stillinger
Prosjektansvarlig
MusikkforleggerneSøknadsfrist:27/01/2025
Ultima søker kreativ markedsfører og digital innholdsprodusent
Ultima Oslo Contemporary Music FestivalSøknadsfrist:25/01/2025
Professor/ førsteamanuensis i musikkterapi
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:09/02/2025
Prosjektleder musikk og arbeidsliv
Institutt for musikkvitenskap - UiOSøknadsfrist:22/01/2025