Hopp til innhald
Johnny Cash og Dolly Parton littlarm

(Foto: Arkiv)

Bygdalarm heidrar musikklyrikken med konkurranse: Å gjendikte Johnny Cash og Dolly Parton

Kva blir «Jolene» på sunnmørsdialekt? «Ring of fire» på nynorsk? Nokon som dristar seg på «Dumb blonde»? Bygdalarm utfordrar lekmann og lærd over heile landet til å bli med på den uhøgtidlege tevlinga om dei beste Parton/Cash-gjendiktingane på dialekt eller nynorsk.

– Det er duka for dei vakraste, tøffaste, kulaste køntri-tonar under årets Bygdalarm! seier arrangørane av festivalen.

– Lyrikk kjem, som nokon kanskje hugsar frå grunnskulen, frå oldtidas Hellas då tekst vart framført til lyrespel. Kva er meir naturleg då enn å dra diktforma tilbake til musikken? Dette skjer når LittLarm igjen riggar til den populære gjendiktingskonkurransen under Bygdalarm. Siste LittLarm (i 2019) tok for seg Leonard Cohen og mottok rekordmange bidrag. I år slår me til med våre store idol, Dolly Parton og Johnny Cash – Man in Black møter Coat of Many Colors!

Dolly Parton og Johnny Cash er to av countrymusikkens viktigaste artistar, og no vil festivalen Bygdalarm heidre musikklyrikken deira gjennom gjendikting til nynorsk og dialekt.

– Parton- og/eller Cash-lyttarane har garantert favorittar, men tek du utfordringa og gjendiktar yndlingssongen? spør arrangørane, som fortel at vinnartekstane vert framførte av festivalens eige husband under LittLarm i Norheimsund, som går føre seg under Bygdalarm-festivalen laurdag 1. juli.

– Tevlinga går kort og godt ut på å ta føre seg ein eller fleire av dei mange songane til artistane og skrive ei gjendikting som er originalen verdig. Då Cash har lånt fleire av sine mest kjente songar frå andre ordsmedar, så seier me – kva så? Køyr på! Dette skal vera moro og uhøgtidleg!

LES OGSÅ Ballade-artikkelen «Bygdesjarm» frå Bygdalarm 2016, då David Bowies tekstar blei gjendikta 

Teksten må vere arrangørane i hende innan 1. juni 2023.

Les meir om reglar, premiar og innsending på Bygdalarms nettsider.

 

 

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Bygdalarmpublikum under Aurora konserten Foto: Toril Walker Norheim / Bygdalarm

Bygdasjarm

Gjendikting av Bowie fikk flere former under Bygdalarm. En festival som ikke kan kalles stormannsgal. Bortsett fra traktorstuntene da.

Guro Kleveland, redaktør av Ballade

Bli med Ballade bak ordene

Inn i lyden, ned i teksten. Ny Ballade-serie: Bak ordene.

– Jeg har ikke skrevet den perfekte sangen, og kommer aldri til å gjøre det. Lars Lillo Stenberg om både de lette og de vanskelige tekstene

Lars Lillo-Stenberg: Å fortsette er perfekt

– Man må bare le, sier deLillos-ikonet, selv når et hjerteinfarkt eller folk som ikke forstår sangtekster tynger han.

No. 4. Fra venstre: Ingeborg Marie Mohn (keyboard, gitar og vokal), Julia Witek (bass og vokal) og Emilie Christensen (vokal)

Hverdagsmagi

– Det er hverdagsspråket som er gøy. Å bruke ordspill og å snu på ting, sier No.4-vokalist Emilie Christensen om...

Lars Lillo Stenberg på Ballades Bak ordene live, januar

Ballade radio: Om Prøysen, samisk stolthet og Lars Lillos 300 sanger

Live on tape: Vi inviterte mannen bak «Tøff i pysjamas» og «Neste sommer» og dama bak Mari Boines viktigste låt...

Flere saker

Aurora

Ballade video: Kom nærmere i stormen

Søndag morgen med Arif Murakami, Tomora x 2, Ida Stein, Morten Qvenild, Håkon Siri, Filip Ring, FRANTX og Bladverk x...

Den finske komponisten Kaija Saariaho

Sibeliusprisen 2020 til komponisten Kaija Saariaho

Den finske komponisten Kaija Saariaho tildeles prisen for hennes utstrakte engasjement over en årrekke for norsk musikkliv.

Anette Trettebergstuen framfor verk av Gunvor Nervold Antonsen

Kunstnarkår – vil utarbeide verdiprinsipp for betaling av kunstnarisk arbeid

Kulturinstitusjonar skal rapportere på bruk av frilansarar, ein standard for honorering og eiga satsing på samisk kultur. I dag la...