Hopp til innhald

Om Osafestivalen 2001

Osafestivalen slutta sundag etter ein konsert med Bergen Domkantori som framførde verk av Eivind Groven. Det var den siste av 8 konsertar, i tillleg til dansekveld, eit seminar og eit dansekurs. I alt har det vore bortimot 1000 personar innom alle arrangementa

I det talet ligg også inne dei som har gjennomgangsbillett. Med dette besøkstalet har ein nådd budsjettet på billettinntektene, og ein håpar at festivalen skal koma ut med eit lite overskot.

Av konsertar kan ein nevne opningskonserten med den nye trioen Håkon Høgemo, Einar Mjølsnes og Sigrid Moldestad alle på hardingfele. Dei hadde ein kjempekonsert der dei hadde arrangert slåttar for samspel. Det var klubbkveld med den irske trioen Setantai og nordisk verdensmusikk med finske Gjallarhorn. Steinar Ofsdal var delaktig i to konsertar, ein med dei langeleikspelande Brøtagutane frå Valdres og ein familiekonsert med gitaristen Olav Torget. Grieg Trio gjesta festivalen med eit framifrå program. Die Tanzgeiger frå Austerrike tok publikum med storm med alt frå orginale utgåver av wienervalsar, polka og ispedd litt sigøynermusikk. Marylands frå Bergen sto for dansemusikk i eit fullsett dansegolv.

Vossaspringaren var også i fokus under eit svært vellukka kurs med Håkon Dregelid og Tone Rørlien. Deltakarane fekk og rikeleg høve til å prøve dansen i praksis på ein måte der dansen høver best, nemleg på ein dansekveld i lag med eit feststemte dansarar.

Osafestivalen fekk med denne festivalen stadfesta sin eksistens og profil med ein møtestad for klassisk musikk og folkemusikk.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Horn åpner Osafestivalen

Kulturminister Ellen Horn åpner i dag Osafestivalen på Ole Bull Akademiet på Voss. Festivalen er oppkalt etter fiolinisten Sigbjørn Bernhoft...

Eivind Groven portrett

Osafestivalen i oktober

Osafestivalen 2001 er den niande i rekkja, og byr på konsertar med musikarar frå Austerrike, Irland og Finland. Frå Noreg...

EYFO, Voss (Foto: Jan Lothe Eriksen)

EYFO med avslutningskonsert på Osafestivalen

European Youth Folk Orchestra er samansett av 11 unge folkemusikkutøvarar i alderen 20-28 år frå 9 ulike europeiske land. Hardingfeleutøvaren...

Nils Økland

Osafestivalen: Urframføringer, tingingsverk og Ultima-samarbeid

Profilen til Osafestivalenpå Voss er å vera eit møtepunkt mellom klassisk musikk og folkemusikk. Namngjevar til festivalen er Sigbjørn Bernhoft...

Økland, Underdal, Kroken (Collage: Norsk Folkemusikk og Danselag)

Opningskonsert og tingingsverk for hardingfele til Osafestivalen og Ultima

Osafestivalen på Voss og samtidsmusikkfestivalen Ultima i Oslo har i år gått saman om å tinge verk for solo hardingfele....

Osafestivalen

Osafestivalen 2006

Odd Nordstoga, Tindra, Steinar Ofsdal og Majorstuen er blant artistene som kommer til den 16. Osafestivalen på Voss. Det blir...

Flere saker

Somatøs samling Foto: Alette Schei Rørvik

Kropp. Hud. Men farge?

Somatøs Samling lykkes med relativt enkle virkemidler å sette søkelys på kroppen og spesielt hudens mange ulike fortolkninger.

Eksportdagen

Music Norway inviterer til Eksportdagen 2019

Fredag førstkommende, dagen før årets Spellemann, arrangerer Music Norway Eksportdagen 2019 på Kulturhuset i Oslo.

Madrass

Ei rabiat natt i Nidarosdomen

Det største løftet under årets Olavsfestdager var en storslagen konsert gjennom ei hel natt i Nidarosdomen. Marianne Lystrup fulgte fremføringen...