Bergensbaserte BIT20 Ensemble speler Tine Surel Langes "Living Landscapes", eit av tingingsverka som starta BIT20s haustsesong sist helg. (Foto: Thor Brødreskift / BIT20)

Korleis høyrest nordisk samtidsmusikk ut?

Med konsertserien #NORDEN set BIT20 nordiske komponistar på repertoaret.

Kalender

Konsert med Ensemble KammerKlang – Mariakapellet

13/05/2024 Kl. 18

Vestfold og Telemark

KASPER TRANBERG TRIO

15/05/2024 Kl. 20:00

Vestland

Opera for barna: Mozart som barn

23/05/2024 Kl. 17:00

Oslo

#NORDEN – Norge
Peer Gynt-salen, Grieghallen i Bergen
28. august 2021, kl. 18:00-21:00

Dirigent: Christian Karlsen (SE)

Synne Skouen: Hva sa Schopenhauer…?
Anders T. Røshol: Swiveling In a Flexible Unison (tinga verk)
Bente Leiknes Thorsen: The Feminist Guide to the Sinfonietta

Pause med panelsamtale med komponistane, moderert av BIT20s kunstnariske leiar, Trond Madsen

Tine Surel Lange: Living Landscapes (tinga verk)

 

BIT20 si nye satsing #NORDEN er ein konsertserie som over fleire år vil undersøka breidda og kvaliteten som eksisterar i nyare nordisk komposisjon. Gjennom å tematisk dedikera fem konsertar til kvart enkelt av dei nordiske landa spør BIT20: Fins det nokre tendensar eller fellestrekk i den nordiske samtidsmusikken?

Første land ut i konsertserien #NORDEN er Noreg med komponistane Synne Skouen, Bente Thorsen, Anders T. Røshol og Tine Surel Lange. Neste år vert det Sverige og Finland sin tur, etterfylgt av Danmark og Island i 2023.

Okei, Noreg.

Kveldens representantar er ei blanding av etablerte og mindre etablerte komponistar. Tidsmessig spenner verka frå nye verk tinga for anledninga, til Synne Skouen sitt verk frå 1977. Sistnemnte er første ut.

Hva sa Schopenhauer..?
Tross i at stykket er meir enn 40 år gamalt er temaet stadig relevant; kjønnsroller. Hva sa Schopenhauer..? er eit 8 minuttar langt stykke som harselerer med den tyske filosofen Arthur Schopenhauer frå 1800-talet og hans syn på kvinner. Skouen fortel at då ho fann ei bok av Schopenhauer i grandonkelen si bokhylla så «vart det for freistande, rett og slett».

Gjennom hennar aktive karriere som kritikar, komponist, musikksjef og kultursjef i NRK P2 har Skouen godt innblikk i musikkbransjen og skeivfordelinga av kjønn. Ho vart sjølv omtalt som kvinneleg komponist i ei tid då ein framleis ikkje hadde forstått unødvendigheita av å setja kvinneleg foran komponist, eller kva yrke det måtte gjelde.

Det vart for freistande, rett og slett.

Verket startar med at sopran Hilde Annine Hasselberg kjem ut på scena. Skouen er kjent for å setja musikalske komposisjonar saman med teatralske effektar slik at dei utgjer små scener.

I dette stykket vert utsegn som «Dermed blir ogsaa kvinden satt tilbake paa sin naturlige plads, som underordnet væsen» lest opp med høgtideleg røyst av Hasselberg ikledd en stor, staseleg flosshatt.

Sopran Hilde Annine Hasselberg harselerer med Schopenhauer sitt utdaterte kvinnesyn. (Foto: Thor Brødreskift / BIT20)

Filosofen sine tankar kring kvinner vert lest opp over musikk som varierer frå det abstrakte til klassisk symfonimusikk som tenderer mot det eventyrlege.

Ved å demonstrativt setja hatten på skrå, retta og flytta på han oppnår Hasselberg å latterliggjera utsegna og bodskapet i teksten. Skouen starta si karriere som komponist i ei tid då kjønnsbalansen var ein heil del skeivare enn den er i dag, og eg undrar meg korleis stykket vart motteken då det premierte.

Swiveling In a Flexible Unison
Den første urpremieren denne kvelden er av Anders T. Røshol med det tinga verket Swiveling In a Flexible Unison. Også dette er eit kort stykke, og strekker seg over 15 minutt.

Det er tidvis mildt. Tidvis foruroligande.

Medan noko musikk smeltar lydane saman og krev at lyttaren må konsentrera for å lokalisera lydkjelda, spretter lydane her frå utøvar til utøvar. Ein kan i tur og orden høyra kva instrument som spelast. Ei frenetisk fløyta stilnar fort. Perkusjon. Stillheit som dukkar opp i form av korte pausar. Dei avbryt seg sjølv og lydane skiftar stadig retning. Det er tidvis mildt. Tidvis foruroligande.

Med Røshol sin tidlegare professor og veileiar Asbjørn Schaathun sine ord: Dette er musikk kvar idear raskt avløysar kvarandre. Gjennom å arbeida med musikalske motsettingspar forsøker Røshol å finna ei balanse mellom kaos og orden i komposisjonane sine:

Materiale med retning/tekstur utan retning
Glatt tid/ujamn tid
Gjentaking/variasjon
Fri form/streng form

BIT20 opna haustesesongen med konsertserien #NORDEN. (Foto: Thor Brødreskift / BIT20)

Medan dei andre komponistane brukar røyst, teatralske virkemidlar og video/bilete i sine verk er dette kveldens mest nakne framføring. Lydane får stå for seg sjølv.

Diverre sitt eg ikkje igjen med sterkt inntrykk av noko, og eg er usikker på kva komponisten eigentleg vil med stykket. Røshol si jakt på balanse står fram som ei innadvendt utforsking for komponisten sjølv; ei teoretisk oppgåve han vil løysa utan særleg tanke på publikum.

The Feminist Guide to the Sinfonietta
Det tredje verket er av Bente Leiknes Thorsen, og har mellom anna vore oppført på Ultima og Nordic Music Days i Bodø. Satt i kontekst av kvelden kunne ein kalla det ein oppdatert, meir hissig versjon av Skouen sitt verk. Det er komponisten sjølv som er hovudpersonen og flosshatten er erstatta av diamanttiara.

I raud, fotsid tyllkjole dekka med glitrande steinar entrar ho scena. Den overpynta og prinsesseaktige utkledninga kombinert med trassig framtoning fastslår komikken i situasjonen. Trykka, komisk stemning vert framheva av ein spotlight som får steinane til å glitra i all sin ironi.

Komponist Thorsen i raud kjole skildrar verket sitt som «tøysete og harselerende og kleint og platt og tidvis langt over the top». (Foto: Thor Brødreskift / BIT20)

Verket refererer til Benjamin Britten sitt stykke The Young Person’s Guide to the Orchestra frå 1945; eit verk som på pedagogisk vis forklarer og demonstrerer korleis eit orkestra er bygd opp av dei ulike instrumenta.

Eg er ikkje hysterisk, eg er forbanna!

The Feminist Guide to the Sinfonietta tek eit oppgjer med kjønnsroller knyta til orkesterverda og forventingar til korleis kvinner skal oppføra seg. Sørgmodig, langsamt pianospel fungerer som ein konstant under stykket og står i kontrast til Thorsen sin energiske libretto. Sinfoniettaen poengterer teksten med små fanfarar for ordet «mannleg», ved å klappa for ordet «dirigent» og spela bruddstykker av musikkverk når komponistar vert nemnt.

Ukonvensjonelle instrument, som papirfløyta kjent frå barnebursdagar, er ein del av Thorsen sitt verk. (Foto: Thor Brødreskift / BIT20)

Med eit manus fylt med humor og sarkasme slaktar Thorsen haldningar som tilseier at kvinner ikkje kan spela blåseinstrument fordi det forvrenger andletet på lite flatterande måtar og at det er vulgært for ei kvinne å sprei beina for å spela cello. Ho oppmodar oss til å studera dei mannlege brassmusikarane sine andlet medan dei spelar for å poengtera at deira andlet óg forvrenger seg på uflatterande vis.

Stykket avsluttar med Thorsen som i harnisk roper «Eg trudde eg skulle bli komponist, men så vart eg» – kunstpause – «kvinneleg komponist! Eg er ikkje hysterisk, eg er forbanna!»

Ho forlét scena. Stykket er morosamt og underhaldande, og det er utruleg deilig å kollektivt klappa for ein forbanna feminist!

Publikum under framsyninga av The Feminist Guide to the Sinfonietta. (Foto: Thor Brødreskift / BIT20)

Eg må óg poengtera det komiske i at BIT20, som dei siste to årene har gått inn for 50/50 kjønnsbalanse, måtte kvotera inn ein middelaldrande mann som dirigent til kvelden fordi Thorsen sitt verk kravde det.

Living Landscapes
Etter ein time lang pause fylt med panelsamtale med komponistane er det rigga til for det største verket. Det som originalt skulle vera eit omtrent 10 minuttar langt verk med «noko perkusjon» utvikla seg til ein times langt stykke, og med full sinfonietta.

På stolen ligg ei bunke med ni ark i format A5. Fotografiar frå Lofoten trykka på stivt papir der kvart ark er tildelt ei rune og utgjer kvar sitt kapittel.

Når me kjem inn att i salen er det hengt opp det Lange kallar vulgært store skjermar. Dei to skjermane utgjer 12 meter med lerret og er vinkla slik at dei ruver litt over oss. Musikarane sitt i ein halvsirkel med andleta vendt mot oss.

Lange har laga eit videoverk utan å skriva ei einaste note, og sjølv om det er strenge føringar for korleis det skal spelast, er det verken partitur eller dirigent. Sjølv likar ho ordet lydkoreografi.

Ulike parameter avgjer kva musikarane skal spela, og ein skarv som flyr over lerretet kan vera ein instruks for kva instrument som skal spelast. Mengda sollys som gradvis kikkar fram kan avgjera intensiteten i instrumentet. Naturen er dirigenten i dette verket.

Motiva er henta frå heimstaden Lofoten, der ho vart satt koronafast. Einsamheita det førte med seg fekk ho til å sjå ulike vesen i landskapet og undra seg over kva som hadde skjedd om dei enorme skikkelsane hadde reist seg. Kva ville det gjort med vårt gudekompleks?

Lange tonar. Lange blikk. Pyttane ser rett på oss. Tårevåte pyttar.

Living Landscapes kunne ikkje vore meir aktuelt etter FN si rapport og oppløpet til valet. Dette er ein hyllest til naturen, fylt med ærefrykt.

Skjermane vert skrudd på og dei spektakulære fjella frå Lofoten kjem til syne.

To store skjermar var eit essensielt verkemiddel i Lange sin komposisjon Living Landscapes. (Foto: Thor Brødreskift / BIT20)

Me høyrer elektronisk murring. Andlet trer fram ved at enkle strekar vert teikna opp i fotografiet. Ein sprekk i fjellet vert til ein munn, ein dal vert til auge og bølgande linjer teiknar eit andlet i profil.

Typografien i fjellet syns med eitt full av skikkelsar. Musikarane agerer på bileta. Heilt roleg. Lange tonar. Konturane av fjelltoppar vert synonyme med silhuettar av menneskjekropp. Sola kjem sakte fram og strykerane aukar intensitet i samspel med det som skjer på lerretet.

Mellom kvart av dei ni kapitla vert det stille og musikarane skrur av ljoset på notestativet medan dei ventar på ny instruks.

I eit kapittel legg blåsarane frå seg instrumentet sitt og rører forsiktig tynne pinnar mot vinglasa. Eit snødekt fjell kjem på skjermen, og det verkar med eitt openbart av det er lyden av is me høyrar. Lyden frå vinglasa får selskap av tverrfløyte, og lydane glir saman. I motsetning til Røshol sitt verk med tydelege skilnadar mellom instrumenta krev dette nøye lytting for å sortera lydkjeldene.

Etter kvart dukkar det opp to kvinner med kroppsmåling som imiterer landskapet dei er i. Med seige rørsler og kamuflerte kroppar liknar dei mytiske vesen. Med stive blikk ser dei utover landskapet. Då blikket plutseleg vender seg mot oss kjennes det som ein konfrontasjon, og det er nesten som eg får ei trong til å unnskylda for klimakrisa me har skapt.

To mytiske vesen kamuflert av kroppsmåling i Lofotens skogar. Kroppsmåling: Vilija Vitkute. (Foto: Thor Brødreskift / BIT20)

Det ender med nærbilete av to pyttar med vatn som liknar to auger som kikkar på oss. Ljoset endrar seg, og overflaten på vatnet vekslar mellom å spegla den kvite himmelen over fotografen, og å verta gjennomskinleg så me ser botn av pytten. Eit no fullt ensemble stryker og drar på lydar over eit elektronisk bakteppe. Lange tonar. Lange blikk. Pyttane ser rett på oss. Vatnet renner over. Tårevåte pyttar.

Eit prosjekt i utvikling
Eg tek ein prat med mannen bak ideen for konsertserien #NORDEN, kunstnarisk leiar av BIT20, Trond Madsen.

– Gjennom konsertserien vil de undersøka variasjonar og relasjonar i dei nordiske landa. Har du nokre refleksjonar kring dette etter den norske konserten?
– Me ynskjer ikkje berre å sjå på fellestrekk for kvart av landa, men og om det fins nokre fellestrekk landa i mellom. Å trekka nokon slutning etter fire verk er litt overmodig. Det kan vera vanskeleg å finna noko konkret no i første omgang, men me har eit ynskje om å finna moglegheiter til å spela endå fleire konsertar enn dei fem først tenkte, med vekt på nordisk repertoar.

– Korleis valte de ut komponistane for den første konserten i #NORDEN?
– Me hadde jo sølvsagt ynskja å kunne presentera ein heil hærskare med fleire komponistar! Men det starta med at eg oppdaga Bente sitt verk. Eg syntest det var viktig å få vist det i Bergen, og det satt premissane for eit visst tematisk fokus. Då me fann Synne sin Schopenhauer, så berre måtte den med og.

Kunstnarisk leiar Trond Madsen i panelsamtale med komponist Tine Surel Lange. (Foto: Thor Brødreskift / BIT20)

BIT20 ynskjer å la unge, uetablerte komponistar få moglegheita til å visa seg, og Madsen trur på å ta litt sjansar.

– Me ynskjer å gå litt utanfor dei typisk kjente namna og sjå om det fins nye spanande komponistar. Tine sitt verk til dømes, var i utgangspunktet tenkt mykje kortare, men etter vår første samtale laga ho ei idé- og prosjektskildring som var heilt fantastisk spanande. Dermed gjekk resten av konserten til hennar verk.

Madsen meiner det er ei heil verd av spanande komponistar i dei nordiske landa, og er ivrig etter å grava vidare. Neste land ut i serien er Sverige, og vil premiera i april 2022 om alt går etter planen.

 

Red. mrk.: Åsa Opedal var vikar som kommunikasjonsmedarbeidar hjå BIT20 hausten 2020.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.