
Dykdypp! Ei av dei ferske, unge kvintettane på den norske jazzscenen i 2025.(Foto: Emilie Myrene Stokke)
Ballade jazz: Over til noko anna
Motto for 2026: Når ferdige svar og automatiske val tek over, blir gleda ved å leite etter noko anna desto større. I årets siste Ballade Jazz skriv Torkjell Hovland om levande utgjevingar frå Cortex og Hedvig Mollestad, Egil Kalman, Kristian Enkerud Liens KRISE og Dykdypp.
Torkjell Hovland er kritikar for ballade.no og skriv Ballade Jazz ein gong i månaden. (Foto: privat)
Om eg skal konkludere med noko etter dette året, trur eg det må vere den grunnleggande verdien og gleda som ligg i å oppsøke det alternative. Å leite etter noko anna i seg sjølv, nettopp fordi det er noko anna.
Kulturdebattar, boikott, skit og lort. Det blei fort destruktivt og deprimerande.
Men på den andre sida har det kome andre musikkuttrykk, andre stader, andre menneske som vi heller kunne velje å fylle livet med. Ser du dit, er det ei konstruktiv haldning, og det krev å aktivt velje det.
Som mange andre, valde eg å forlate Spotify i år. Det var nok av argument, som ein gjerne kunne krangle om. Det er ingen vits, meinte nokon.
Men for pokker då – for meg var det nok berre å velje noko anna, og oppsøke andre stader der vala ikkje er tatt for deg.
Favorittstaden for musikk vart mitt eige hovud.
Gode gamle «sette seg ned og kjenne etter»! Kjenne etter kva låt som kom til meg. Eg skreiv låta opp på notatarket framfor meg og laga analoge spelelister.
Med chat gpt tilgjengelig kan vi sleppe å tenke i det heile. Med Spotify kan vi sleppe å lytte. Det er snart ikkje liv igjen.
Å oppsøke alternativ, noko anna, handlar ikkje berre om å seie nei til noko. Det handlar først og fremst om å aktivt fylle livet sitt.
Over til noko anna.
Ledige stillinger
Cortex & Hedvig Mollestad – Did We Really (Sauajazz 2025)
Cortex og Hedvig Mollestad (Foto: Sauajazz 2025)
Bassist Ola Høyer legg ein solid beat i lag med trommis Dag Erik Knedahl Andersen. Det luktar sekstital. Cortex kom som eit framhald frå gruppene Atomic og Motif for ein 10-15 år sidan. 60-tals frijazz med ny, norsk energi.
Denne gongen er gjesten noko overraskande. Å høyre gitaristen Hedvig Mollestad i ein slik akustisk samanheng, var noko eg ikkje visste eg sakna: ein perfekt kombinasjon. Saksofonist Kristoffer Alberts og trompetist Thomas Johansson flettar seg saman. Meir enn i dei meir rocka uttrykka vi har høyrt Mollestad i siste åra, glir ho rett inn i lag med desse akustiske instrumenta. Til tider liknar ho her på Bill Frisell, og hadde du spelt eit utdrag frå tittellåta «Did We Really?» i årets julejazz-kviss, kunne eg lett gjetta han.
Dei gir musikken tid til å vekse. Energien set seg i oss, og utviklar seg til kick etter kick. Særleg sentral for dette er Knedahl Andersen, som skil seg ut i norsk trommeflora. Han er old school i stilen, men lét friskt annleis. Det tradisjonelle har nemleg ein god dose leiken kreativitet i seg.
Kristoffer Alberts sitt spirituelle spel på siste låt er eit høgdepunkt. Ei av årets mest levande jazzplater kom på tampen, gitt.
___
Egil Kalman – Nordafjells (Supertraditional 2025)
Egil Kalman – Nordafjells (Supertraditional 2025) (Foto: )
Vi blir kasta ut i dansen frå første lyd av Nordafjellsen, ein topp-hits blant rammeslåtter, desse hypnotiske slåttane frå Setesdalen. Eg veit ikkje korleis ein modulær synth fungerer, eg har aldri leika med ein slik. Men han ser unekteleg avansert ut. Samtidig er den analoge synthen ein motsetnad til den moderniseringa vi gjerne koplar den elektroniske folkemusikken med. Det er lenge sidan synth var lyden av framtida. Instrumentet Egil Kalman spelar på er eit tradisjonsinstrument.
Kalman er også kontrabassist, mellom anna å høyre på den ferske plata til Andreas Røysum Ensemble (og Miman i same selskap, Motvind). Han har forska på diverse elektronikk og diverse folkemusikk ved Universitetet i Agder, og gjennom utgjevinga Nordafjells får vi oppleve noko av dansen han fann der.
Dette er feinschmecker-lydar, og ekstremt digg å kjenne i øyreklokkene. Bassen grev seg djupt inn i beinstrukturen din, og knitringa pirkar på dei merkelegaste stader i hjernen. Mange av lydane lét som om det er feltopptak frå naturen, men er ikkje det. Andre tider blir synthen som eit slitent kyrkjeorgel i ei lita kyrkje. Igjen – eg forstår ikkje korleis den er laga, og nettopp i den magien ligg verdien.
The human touch – på diverse digitale verkty og i programmering, kan du ofte legge inn grad av human touch på slik og sånn prosent. Her er det menneskeleg frå starten av. Egil Kalman spelar dette live – berre sjå her:
___
Kristian Enkerud Liens KRISE – Apt Opt Kroma (Sonic Transmissions 2025)

Ein glatt overgong til andre synthar – gitarist Kristian Enkerud Liens Krise opnar med taktfaste slag på ein stor synthlyd. Eit enormt. «Korps!» er det første ordet eg noterer meg. Det er nok størrelsen, og det er marsjtakta – og det er dei sure horna – på «Laus» som gir meg assosiasjonane.
Partysynthen på «Septimal Dans» minner om Lindstrøm, medan gitar og trombone flettar seg i hop i svimmel, mikrotonal dans. Den akustiske gitaren til Kristian Enkerud Lien er ei gåte i seg sjølv. Han har fått ein enkel gitar til å romme deilige kollisjonar av tonar. Vi blir ført gjennom harmoni til harmoni som gradvis endrar seg, gjerne mikrotonale skeivheiter som løftar oss ytterlegare ut i det ukjende.
Emil Bø si trombone er stort tilstades her, andre tider nærmar han seg meir ein mjuk trompetist. Det buldrar og brakar i bandet, men musikarane forskar i bulderet. Det er heile tida variasjonar i klangane, i lydane og energien. På eit punkt blir eg fysisk kvalm av musikken. Alt det skeive, særleg når det blir blåst opp i stort, blir heftig i lengda. Men takk gud for plater som krev overskot då! Det er jo dei som gir dei største lytteinnsiktene.
Det store høgdepunktet kjem mot slutten – «Feblater» er smertefull og vakker. Den minner om Knut Reiersrud sin «Store Gutter Gråter Ikke» frå Klapp (Kirkelig Kulturverksted, 1995). Eg gret med trombonen.
___
Dykdypp – Huggutullin (Sonic Transmissions 2025)
Dykdypp – Huggutullin (Sonic Transmissions 2025) (Foto: )
På tampen av året lot eg meg fengsle av denne relativt unge kvintetten. Dykdypp er givande å lytte til frå start til slutt, fleire gongar.
Eg blir særleg glad i cello-spelet til Selma Edwards Granly. Ho spelar fritt og virtuost som om det er ei fele ho held, og blandar seg like fort bort i kontrabassklangen. Ho har fleire fargerike parti gjennom plata, og var forresten involvert i to av mine konserthøgdepunkt i år – i Anna Uelands «Populærmusikk for likesinnede» og blant tidlegare omtalte Emil Bø sine vener, på Motvindfestivalen.
Opp mot Granly flyt Åsne Ausen Fossmark sin saksofon. Vi høyrer triller inspirert av folkemusikk, i det elles så tydelege jazzsoundet. Tittellåta «Huggutullin», tydeleg i så måte.
Bassist Johannes Burns Lykkås og Linus Hanem Solvang på trommer er kreative og levande, og gitarist Arin Myklebost Gran fyller like gjerne funksjonen til eit piano gjennom plata.
«Salmen» stikk seg ut som favoritt her. Med eit forsiktig akkordspel frå Granly på celloen, og eit forsiktig, men intenst saksofonspel.
Det siste eg skriv om i år er altså musikk som ikkje er så revolusjonerande, men gir så mykje, og «Hugutullin» blir ei av platene vi tek med vidare inn i neste året. I mi analoge speleliste, henta rett frå eige hovud.








