Hopp til innhald
Ekeberg kaller! Komponist og lydhacker Mads Kjeldgaard blant trærne på Ekeberg

(Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / Ultimafestivalen 2020)

Opp i tretoppar, ned i mold og inn i skog

KONSERTMELDING: Under tittelen «Ekeberg kaller!» hadde Ny musikk sett saman fire verk som på ulike måtar peika på verda rundt oss og som tvinga oss til å vere tilstades “her og no”. Vi forlot Ekebergparken som ein rikare plass enn då vi kom.

Nokre hadde allereie sett seg ved dammen rundt James Turrells installasjon i Ekebergparken, Skyspace. Men den beste lyden skulle visst vere i midten framme, med høgtalarar plassert rundt oss. Her ville produsentane fange publikum i lyden. Eg sette meg rett ned i barken og kika på dei høge tynne trestammene. Utekonsertar er ikkje berre konsert ute. Omgjevnadane har allereie aktivert sansane på ein annan måte enn ei mørk, svart boks gjer, lenge før nokon har laga lyd. Dette utnytta Ekeberg kaller! til fulle.

Vi høyrer ein lur i det fjerne. Wolfgang Plagges PreLURium var eigentleg bestilt til Lyden Av-festivalen til Norges musikkhøgskole, som vart avlyst i vår. Plagge har skrive verket for lurar stemt i ulike toneartar og naturtonerekker framført i ulik hastigheit og startpunkt. Det kjem frå alle kantar, og vi ser ingen av lurspelarane, men intuitivt byrjar vi å leite med blikket. «Sjå, ein hest!», seier jentungen ved sidan av meg. Og der er to som spring forbi, kanskje på siste intervallet opp bakken.

PreLURdium på Ekeberg kaller! under Ultima 2020 (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / Ultimafestivalen 2020)

Medan blikket vandrar, har PreLURium-et utvikla seg til ei kaotisk fanfare i alle toneartane. Det er skeivt. Fanfare for the jogging man, noterer eg. Ein tungpusten og utslitt variant av Aaron Coplands Fanfare for the common man. PreLURium-et vender fokuset utover og oppover i tretoppane.

Men så blir fokuset vårt vendt innover av eit elektronisk klangbad frå høgtalarane rundt oss. Eg stirrer på molda under meg, pirkar i barken med blyanten, i det Plagge har glidd over i Ruth Andersons Points (1974) og So What (1971), framført av Mads Kjeldgaard ved miksepulten. Det er djupe frekvensar og mjuke sinustonar som dominerer i Points. Anderson har skrive verket ut i frå ein filosofi om lyd som energi. Sinustonar tvingar seg inn i hjernebarken og gjer meg nesten forvirra om kva som er inni hovudet og utanfor. Det vibrerer i kroppen og opplevast nærast som ei massasje. Det er innadvendt, vendt ned i jorda. Kvit støy angrip oss i So What, der eit fly over parken blir ein naturleg del av Andersons lydlandskap. Kanskje vart det ekstra understreka av flyet, men So What har ein meir destruktiv energi enn Points. Det er lyd som forstyrrande element i skogen.

Så tek tromboner frå Oslo Brassband over for elektronikken. Det er urframføring av George Lewis’ Kulokker. George Lewis bur midt på Manhattan, men har lete seg fascinere av kyr si soniske verd. Smak på den setninga. Lewis er trombonist og har spelt fri improvisert musikk, mellom anna som medlem av legendariske The Association for the Advancement of Creative Musicians (AACM). Men det var den svenske komponisten Karin Rehnqvist som introduserte Lewis for tradisjonen med kulokkar frå Skandinavia. Likevel er Lewis sitt kaotiske New York ein sentral del av uttrykket i Kulokker. Rautande kyr er eit perfekt kreativt springbrett til musikk for brassband – dette er jordnær surrealisme. Det bølger og svell frå ensemblet, medan pauker slår og ein oppstykka frigroove frå trommesettet engasjerer til oppjazza fraser i trompet. Tydelege, konkrete jazziske motiv og riff var integrert midt i det abstrakte lydlandskapet. Kulokker er eit mektig måltid, tungt å fordøye, men likevel vart fokuset stadig holdt oppe gjennom dette ekkoet frå jazztradisjonar.

Musikken peikar på ulike perspektiv på landskapet rundt – frå luren oppe i tretoppane, sinustonar ned i molda og eit kaotisk brassband som peikar på kompleksiteten innover i skogen, skriv Ballades anmeldar om produksjonen «Ekeberg kaller!». (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard / Ultimafestivalen 2020)

Men det var ikkje verka kvar for seg som først og fremst begeistra meg på Ekeberg kaller. Plagges verk, for eksempel, vart ikkje så mykje meir enn ein finurleg idé som godt kunne vore tenkt litt djupare. Det er opplevinga av heilskap i denne utekonserten eg sit att med. Heile konserten går i eitt, med glidande overgangar mellom verka. Eit modig grep som fungerte særs godt og løfta kvart enkelt verk opp i ei heilheitleg oppleving der musikken peikar på ulike perspektiv på landskapet rundt – frå luren oppe i tretoppane, sinustonar ned i molda og eit kaotisk brassband som peikar på kompleksiteten innover i skogen.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Kitchen Orchestra spiller overraskende greier på festival i hjembyen Stavanger

Kobler seg på i Stavanger

Hvordan skal musikeren opptre overfor de andre under konserten? Egne instrukskort følger med når lokale musikere møter internasjonale komponister under...

Wolfgang Plagge

Wolfgang Plagge 60 år

Gratulerer med dagen til komponisten, pianisten, organisten og musikkformidleren Wolfgang Plagge!

Det Norske Kammerorkester med solistane Hans Christian Bræin og Øystein Birkeland under festkonserten til Synne Skouen på Ultima

«Dette må du høre!»

KONSERTMELDING: Festkonsert til ære for Synne Skouen 70 år.

Flere saker

INGER BRÅTEN

Kulturmisjonæren

Med over 30 år i bransjen, som både frivillig og profesjonell, går Inger Bråten fra å være sjef i sitt...

Stillbilde fra Sigrid Raabes It Gets Dark

Ballade video: Danser med ulver, møter med Djevelen

Møter i veikrysset med Mattis Kleppen, Amund Maarud & Lucky Lips, Eide Olsen og Vidar Busk, Sigrid, Highasakite, Michelle Ullestad,...

Eirik Brevik Trondheim Calling

I dag starter Trondheim Calling, her er den nye festivalsjefen

– Det var på Trondheim Calling jeg skjønte at musikk var noe det gikk an å jobbe med. I dag...