Det Norske Kammerorkester med solistane Hans Christian Bræin og Øystein Birkeland under festkonserten til Synne Skouen på Ultima 2020 (Foto: Det Norske Kammerorkester / Euishin Kim)

«Dette må du høre!»

KONSERTMELDING: Festkonsert til ære for Synne Skouen 70 år.

Kalender

Karethe Eriksen // Hos Solveig

31/10/2020 Kl. 19.00 og 21.30

Viken

Opera for Kidsa – OPERA

01/11/2020 Kl. 14.00

Innlandet

Popquiz på Røverstaden

02/11/2020 Kl. 19:00

Oslo

Synne Skouens 70-årsjubileumskonsert var eksempel på eit konsertformat vi gjerne skulle hatt meir av. Det var ikkje tilfeldig – vi snakkar trass alt om ein av dei mest begeistra musikkformidlarane vi har.

Det er alltid litt rart å anmelde festkonsertar, priskonsertar og åpningskonsertar. Ofte blir det mykje forstyrrande element, og sjølve musikkopplevinga kan bli prega av at motivasjonen for konserten er å feire nokon. Men slik opplevde eg det ikkje på Sentralen denne tysdagskvelden. Det var ei levande musikkoppleving heilt for seg sjølv.

Det Norske Kammerorkester vekte interesse hjå Synne Skouen allereie då Terje Tønnesen tok med seg orkesteret og framførte Beethovens 5. symfoni i operaen – ståande, utan dirigent og heilt utanat. Sidan har det vorte varemerket til Det Norske Kammerorkester. Orkesteret bestilte Autumn Arias (2012) frå Synne Skouen.

Vi høyrer ei einsleg fele bak i rommet. Korte fraser dukkar opp frå fleire kantar av Marmorsalen. Lengst vekk høyrer vi klarinettsolist Hans Christian Bræin. Øystein Birkeland som cellosolist vekslar mellom eit skarpt blikk på notane og ut i rommet. Orkesteret formar komplekse overflater, frå grovt til fint sandpapir. Men alltid høyrer vi kvar enkelt stemme i teksturen. Musikarane legg like mykje i si eiga stemme som om det var 27 solostykker dei spelte. Slik grip det totale lydbiletet tak i oss som lyttande publikum – det er menneske av kjøtt og blod som lagar musikken. Slik blir melodiane frå Birkelands cello til songar som syngast.

Autumn Arias var også det einaste Skouen-verket vi fekk høyre denne kvelden – synd, synst eg. Men som programvert Ida Habbestad sa det – det hadde ikkje akkurat vore typisk Synne Skouen. Skouen var kurator og hadde heller valgt ut seks verk av komponistar som på ulike vis hadde betydd noko for ho, inspirert ho eller som ho ville løfte fram. Skouen vil formidle musikk. Gjennom samtalar med Habbestad fekk vi vere med inn i hennar møte med denne musikken. Eg kunne høyrt på henne i timesvis. Ho er så ekte, ærleg og engasjert i det ho fortel om. Og det er det som gjer ho til den store musikkformidlaren ho er – vi blir rive med av hennar begeistring. Under Ballades debatt om musikkritikk før konserten, var det akkurat det Skouen ville løfte fram: «peik på musikken og sei: Dette må du høyre!». Synne Skouen lever det.

Synne Skouen (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard/Ultima)

Finn Mortensen var mellom anna lærar til Skouen i den første komposisjonsklassa på Norges musikkhøgskole. Hans Sonate for solofløyte vart skrive for den norske fløytisten Alf Andersen. Det er virtuost som berre det, men først og fremst er det leikent. Det er for så vidt noko som ofte heng saman. Manglar det virtuose det leikne, kan det ofte bli uinteressant.

Dieter Kaufmanns Concertomobil for fiolin og elektronikk og Ragnhild Berstads Anstrøk for fiolin og cello kalibrerer lyttinga vår til eit vanvittig spekter. Vi lyttar til detaljar i abstrakte strekteikningar. Og eg trur det er dette som førebur oss og opnar øyrene for det som blir kveldens absolutte høgdepunkt.

Dette må eg høyre igjen, dette må eg djupare ned i, dette må du høyre! Eg blir sitjande med haka langt nede under heile Dalia Raudonikyté-With sitt Grues et Nix for strykeorkester. Eller det som Synne Skouen trur og håpar er Traner dekket av sne. Dei harmoniane som vrengast i opninga vekkjer sterke kjensler, frysningar. Og igjen er det dei einskilde musikarane i Det Norske Kammerorkester som klarer å få fram dei små detaljane, det enkle, i det komplekse totallydbiletet. Grues et Nix stoppar og blir hengande i lause lufta.

Det Norske Kammerorkester (Foto: Signe Fuglesteg Luksengard/Ultima)

«Musikk er det einaste språket som kan seie alt utan å nemne noko», sa Synne halvvegs i konserten. Det vi høyrde denne kvelden var beviset.

Kvelden blir avslutta med Arne Nordheims Adieu. «Der du hører Arnes klo». Det hadde vore ein lang kveld no, og hovudet byrja å bli fullt, men Nordheims forstyrrande adjø frå orkesteret som no var utvida med perkusjonistar og flygel tvingar seg gjennom. Det ropar.

Tenk om fleire konsertar hadde vore slik. Eg trur ikkje ein treng 70-årsjubileum som unnskyldning for å gjere det, heller. Det ligg ei kraft i det å vite at dette er musikk som har betydd mykje for dette einskilde menneske, og ikkje berre er eit kompromiss av alle mulige motivasjonar. Det gjer utan tvil noko med lyttinga, og det gjer at ein reflekterer over musikken på ein heilt annan måte.

SISU var Det Norske Kammerorkesters overraskelsesgave til jubilanten (Foto: Det Norske Kammerorkester / Euishin Kim)

På veg heim kjenner eg på ei kjensle av å ha møtt nye menneske like mykje som ny musikk. Takka vere kvar einskild musikar i Det Norske Kammerorkester og Synne Skouen som peika og seier «DETTE må du høyre!»

Det Norske Kammerorkester
Terje Tønnesen – kunstnerisk leder
Øystein Birkeland – cello
Hans Christian Bræin – klarinett
Tom Ottar Andreassen – fløyte
Terje Tønnesen – fiolin

Synne Skouen: Autumn Arias (2012)
Finn Mortensen: Sonata for Solo Flute (1953, utdrag)
Dieter Kaufmann: Concertomobil (1986, utdrag)
Ragnhild Berstad: Anstrøk (1999)
Sofia Gubaidulina: String Quartet no. 4 (1993)
Dalia With: Grues et Nix (1996)
Arne Nordheim: Adieu (1994)

Kurator: Synne Skouen
Programvert: Ida Habbestad

Produsert av Det Norske Kammerorkester. Et samarbeid med Ultimafestivalen.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Stillinger

Førsteamanuensis II i klarinett

Norges musikkhøgskole (NMH)

Førsteamanuensis i musikkvitenskap

NTNU – Institutt for musikk

Kulturhusleiar

Sogndal kulturhus

Salgs- og publikumsansvarlig

Arktisk Filharmoni

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev