Komponist Synne Skouen mottok Musikkforleggernes ærespris onsdag kveld (Foto: Akam1k3)

Musikkforleggerprisen: – Ein enorm anerkjennelse

Langbord med kvite dukar fylte Marmorsalen på Sentralen i går, då Musikkforleggerprisen skulle delast ut. – Dette er jo eigentleg ei feiring av åndsverksloven, sa ein av prisvinnarane, Maja S. K. Ratkje.

Kalender

Operapub på Røverstaden

15/04/2020 Kl. 20:00

Oslo

JAZZ I SIKTE

17/04/2020 Kl. 20:00

Rogaland

Kroke

17/04/2020 Kl. 19:00

Oslo

Operapub på Røverstaden

22/04/2020 Kl. 20:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

“Vi ber om fullstendig stillhet”, sa ei stemme over høgtalaranlegget. Det Norske Jentekor stod oppstilt rundt eit tverrsnitt av norsk musikkbransje. Eit utdrag frå Sirkling av Maja S.K. Ratkje opna kvelden. Det er eit sjeldant augeblikk, der eksperimentelle samtidskomponistar sit til bords med dei som toppar listene på strøymetenestene – og dei heidrar kvarandre. Opphavarane.

Det var fleire prisar som skulle delast ut (sjå oversikt over vinnarar nedst i saka). Prisen for årets verk (pop) gjekk til Gabrielle Leithaug med låta “Tenker på deg”.

Kva betyr det å få ein slik utmerking?
– Ein sit jo ofte aleine med sine eigne tankar, og så veit ein ikkje om ein får det ut – om det resonnerer, fortel Gabrielle. – Og når ein får ein slik pris så er det som om nokon seier – vi skjønnar kva du meiner, og vi set pris på det.

Også prisvinnar i kategorien årets gjennombrudd (klassisk/samtid), Peder Barratt-Due, trekk fram noko av det same: – Det er veldig hyggelig å få bekrefta at noko eg gjer er riktig iallefall. Og at det er noko når ut gjennom musikken, fortel han.

Kva prosjekt står du i akkurat no?
– Eg held på med ein opera for Bergen Nasjonale Opera og Islandske Operaen for eit prosjekt som heiter «Ny opera». Så eg har ein deadline på søndag, faktisk.

Så det blir ikkje noko festing på deg i kveld altså?
– Nei, eg trur eg må rett heim og skrive, hehe.

Årets verk (klassisk/samtid) gjekk til Maja S.K. Ratkje og Monica Aasprong sitt verk Sirkling. Verket vart bestilt av Det Norske Jentekor, og framført på Kirkemusikkfestivalen i fjor.

Det Norske Jentekor under Musikkforleggerprisen 2020 (Foto: Torkjell Hovland)

Prisen kom overraskande på Ratkje: – Eg var heilt sikker på at eg ikkje skulle få denne!

Kva betyr det å få denne prisen?
– Det er jo ei enorm tillitserklæring å bli fagfellevurdert på den måten her. Ein sit jo der ofte og lurer på kva ein held på med. Ein prøvar ting ein ikkje har svaret på. Det skil seg jo frå Spellemannprisen, som i stor grad er ein utøvarpris, ved at det er ein pris for dei som står bak musikken. Dette er jo ei feiring av åndsverkslova, eigentleg. Å få lov å lage musikk, og sette ting på kartet.

Maja S.K. Ratkje og forleggar Trine Boje Mortensen (Foto: Torkjell Hovland)

Om du skal seie noko om dette verket – korleis har livet vore for verket fram hit?
– For meg er det viktig å lage musikk som handlar om vår tid. Sirkling var ei moglegheit å sette på agendaen noko eg er oppteken av; å leve saman med kretsløpet, vatnet og jorda.
Det er Monica Aasprong som har skrive librettoen til Sirkling, og i tillegg til eiga tekst, siterer ho frå Wergeland, Bibelen og Koranen, tekster som på ulikt vis tematiserer dette.
– Det ligg eit imperativ i verket som handlar om å ta vare på det naturen har skapt, eller Gud har skapt, om ein er religiøs.

– Samtidig vil eg at det skal vere eit godt musikkverk som opplevast utanfor kretsløpet. At du lagar noko som er utanfor tid samtidig som tematikken handlar om den heilskapen vi er ein del av her og no.

Ratkje har komponert for Det Norske Jentekor ved fleire høve før.
– Denne gongen ville eg ta Jentekoret endå eit steg lenger enn tidlegare. Ikkje at dei skulle gjere noko halsbrekkande, men at dei skulle gjere ting som løftar musikken til ein ny stad som eg ikkje kunne vite kor var.

Sirkling var det første verket som vart utgjeve på Ratkjes nye forlag, Edition Wilhelm Hansen. Forleggar Trine Boje Mortensen var óg til stades under utdelinga.

Kvifor ville de signere Maja Ratkje?
– Vi er alltid på utkikk etter originale stemmer i musikklivet – og det er Maja i aller høgste grad.

Det er vel stas for eit forlag også og få ein pris?
– Alltid. Denne prisen handlar jo, som Maja seier, om opphavsfolk. Sjølv om ikkje ein alltid lukkast, så prøvar vi vårt beste i alle forlag trur eg, å gi den plassen som skal til for å lage god kunst.

Æresprisen gjekk til Synne Skouen. Skouen har utmerka seg gjennom eit langt liv som komponist, journalist, kommentator, og i ei rekke ulike roller og verv i musikkbransjen.
– Eg trudde dei sa at dei hadde noko kjedelig å meddele – dei meinte nok gledeleg. Eg tenkte: “okei, no vil dei ha meg til å skrive ein nekrolog for nokon”, fortalde Skouen frå scena. Før ho sa nokre ord som løfta forsamlinga ut i undring: – Det seiast at motstand gjer sterk, men då gløymer vi eit lite ord som heiter: men. Men motstand kan også knuse oss. Eg er ikkje knust, men tvert i mot heldig – tusen takk for æresprisen!

Med æresprisen fyl det ei oppfordring om å gi eit stipend på 20 000 kroner til eit ungt talent. Valet var enkelt for Skouen, fortel ho meg etter utdelinga.
– Det kjekkaste var nesten det å skulle gi det stipendet – Rebecka var eit opplagt valg! (Rebecka Ahvenniemi, red. mrk.)

Skouen skreiv blant anna på Facebook i september i fjor at “Dette er musikk som kommer tett på, og ikke kjennes fjern i det hele tatt, full av menneskelig lekenhet og uttrykksfulle spor. Heia Rebecka!”

LES OGSÅ intervju med komponist Rebecka Ahvenniemi fra New York

Kva betyr det å få æresprisen?
– Det er ikkje berre ein ærespris, det er ei ære for meg! Det er verkeleg ei oppmuntring. Og det treng ein jo – ein treng at nokon høyrer deg, ser deg.

I grunngjevinga trekk juryen blant anna fram måten Skouen har skapt merksemd rundt problemstillingar innan musikk og kulturfeltet som ofte blir neglisjert av andre mediekanalar. Det var blant anna difor Skouen i si tid starta Ballade, som du no les.
– Eg hugsar godt eg sat og bladde i lommeleksikon for å finne namnet; “Ballade” – både musikkbegrepet, og i forståinga å lage bråk.

Kva er det du ser fram mot no?
– No skriv eg på ein opera, som skal framførast om to år. Det er eigentleg lukka – å få lov å sitte å vere kjempeegoistisk! Berre holde på med mitt eige liksom, ler ho. – Og så kosar eg meg med å publisere på Facebook. Eg tilhøyrer dei som elskar Facebook!

Synne Skouen og Tix under Musikkforleggerprisen 2020 (Foto: akaM1k3)

Ja, du har det i deg at du har lyst å skrive?
– Ja, ytre meg. Og spesielt i kortform.

Du har jo nettopp ytra deg om ulike problemstillingar i musikklivet. Når du sit her i dag blant kollegaer på tvers av norsk musikkliv – kva er det du ser på som utfordringar i dag?
– Det som er påfallande no, samanlikna med tidlegare, er for det første volumet – at vi er blitt så mange. Det er så mange kjempeflinke folk – uansett sjanger. Samtidig er kulturstoffet i media gått ned, det blir berre mindre og mindre – men heldigvis så er det ikkje blitt mindre folk på konsertane. Det blir berre ikkje reflektert i media.

– Eg trur at orkestera har skada seg sjølv litt ved at dei har spelt så mykje gamalt repertoar, fortset ho. – Då får vi ikkje den nødvendige tilveksten av publikum. Det har blitt betre, men dei skulle begynt for lenge sidan. I mellomtida har media slutta å skrive om det.

– Når det kjem ein ny generasjon politikarar på stortinget som ikkje har høyrt klassisk musikk, og ser kor mykje pengar som går til orkestera, så kjem dei til å kutte støtta. Om ikkje ein klarer å gjere seg relevante. Ingen er freda, seier Skouen.

ÅRETS PRISVINNARAR

Klassisk/Samtid
Årets verk: «Sirkling»
Opphaver: Maja S. K. Ratkje
Tekst: Monica Aasprong
Musikkforlag: Edition Wilhelm Hansen

Årets opphaver: Ketil Hvoslef
Musikkforlag: Musikkforlagene

Årets gjennombrudd:Peder Barratt-Due
Musikkforlag: Musikkforlagene

Pop
Årets verk: «Tenker på deg» av Gabrielle
Opphaver: Gabrielle Leithaug, Ole Torjus Hofvind, Syver Storskogen
Musikkforlag: Starbox Publishing og Sony/ATV Music Publishing Scandinavia

Årets opphaver: Morten Gillebo (Mogilla)
Musikkforlag: Cassette Publishing/ Warner Chappell Music Norway

Årets gjennombrudd: Marie Ulven (girl in red)
Musikkforlag: Universal Publishing Group UK

Årets mest spilte låt: «Sweet But Psycho» av Ava Max
Opphaver: Andreas Haukeland(TIX), William E.B Lobban, Madison E. Love, Henry R. Walter, Amanda Koci
Musikkforlag: Artist Publishing Group, Prescription Songs, Cirkut Breaker, Warner Geo Met Ric Music, Artist 101 Publishing, Artist Publishing Group West, Songs By Cook Classic, Livemadlove, Max Cut Publishing

Årets synkronisering: «Makt for SOS Barnebyer» – reklamefilm
Opphaver: Ugbad Mustafa(MustiOfficial) og Margrete Hjelle
Musikkforlag: Ohlogy Publishing
Produksjonsselskap: Tangrystan Productions As
Regissør: Ida Thurmann-Moe og Andreas Grødtlien

Ærespris: Synne Skouen

Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. Musikkforleggerne er medlem i Foreningen Ballade.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev