Oslofilharmonien i Berlin (Magma 2002)

Valen i Berlin – ein mental referanse

Femti år etter at han døydde i Valevåg har ein spelt eit betydeleg orkesterverk av Fartein Valen i hans andelege heimby. Det var i Berlin han tok sjølve steget inn i snuoperasjonen frå tonalitet til atonalitet. Der studerte han i fleire år og byen forblei heile livet også ein mental referanse.» Ballades mann Nicholas H. Møllerhaug rapporterar på ny frå Magmafestivalen i Berlin.

Kalender

Orgelkonsert på Påskeaften: Kåre Nordstoga

30/03/2024 Kl. Kl,12.oo

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin:

Oslofilharmonien spelte ‘Kirkegården ved Havet’ av Fartein Valen igår kveld i Berlin. Kanskje utan å vite det har dei gjort ein solid og usynleg gestus for Fartein. Femti år etter at han døydde i Valevåg har ein endeleg spelt eit betydeleg orkesterverk av Valen i hans andelege heimby. Det var i Berlin han tok sjølve steget inn i snuoperasjonen frå tonalitet til atonalitet. Der studerte han i fleire år og byen forblei heile livet også ein mental referanse.

Det var nemleg her han fekk høyre mesteparten av musikken som vart hans eige fundament. Bach, Mozart, Brahms etc. Han gjekk som alle andre studentar i konserthuset – og traska frå kyrkje til kyrkje på orgelkonsertar. Her fylde han minnet med andre detaljar også: m.a. visittane i den Berlin Zoo og Aquarium. Dyreparken står framleis og er den eldste i Tyskland. Då han mange år seinare flytta til sitt otium i Valevåg, Sunnhordland var det denne andelege ballasten han tok av.

Kanskje hadde han – som så mange andre – ein skjult draum om å bli framførd i stort format i Berlin. Slik hadde han sjølv møtt dei andre store komponistane. Slike draumar går heldigvis lettare i oppfylling no om dagen – ikkje minst ved hjelp av Magmafestivalen. På tjuetalet då Fartein rusla gatelangs var det sikkert ei uoppfylleleg draum.

Igår skjedde det allikevel: for ein nesten fullstappa Berlinerfilharmoni – og det på ein tysdag. Difor trur eg dagen i går med Kirkegården som opning av denne spesielle OFOkonserten gjorde dagen stor. Iallfall for Valen-fans – som Ballade sin utsendte. Difor blir denne konsertgossippen prega av nett det.

Eg må allikevel nemne at OFO spelte forrykande godt og langstrakt program elles også. Olav Anton Thommessen, Magnus Lindberg, Torkell Sigbjörnsson og Sibelius var kollegaer av Valen som blei framførd.

Det er på høg tid at ein legg til rette for ein utoverretta speletradisjon for Valen sin musikk. Han må bli vurdert av utanlandske publikum også – har han fortend ein plass i det norske parnasset? Difor bør ein oppmode dirigentar med større horisont enn Svinesund å innstudere Valen også. Difor står det respekt av at Ashkenazy tek Valen i bruk (det er nemleg lenge sidan Ceccato gjekk inn for Valen i Bergen Filharmoniske). At han også går med på å spele det utanlands kan gjere noko med dette Valen-dilemmaet.

Valen er ein norsk komponist utanlandsk publikum har godt av å få høyre – han treng å bli bedømd på sine eigne premiss. At det er behov for dette ser ein på mottakinga den lekre Valen-plata ‘The Eternal’ Rune Grammofon gav ut. Ikkje utan grunn blei den rekna som ei av dei beste samtidsmusikk-platene i 2000.

Det engelske musikkbladet The Wire stod for kåringa – Då er det ok at ein etterkvart også får høyre musikken hans live. Og ikkje minst – hyppigare heime i gamlalandet – sjølv om både OFO og BFO gjer sitt for å gje publikum små doser med Valen.

Igår var det kanskje andre som fekk oppleve Valen på denne måten.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.