
Brasilianske Heloisa Amaral startar opp i jobben som ny sjef for Ultima 1. februar. Ho er den andre kvinnelege Ultima-direktøren i festivalen si 33-årige historie. Amaral er utøvande pianist, og medlem av mellom anna Ensemble NeoN og duo Hellqvist/Amaral. Ho har òg ein doktorgrad i kunstnarisk forsking. (Foto: Torkjell Hovland)
Ho likar ikkje komfortsona eller dogmer. Den nye direktøren og kunstnariske leiaren for Ultima vil fokusere på dugnaden i Ultima – og lytte.
Sist fredag vart det offentleg – den nye direktøren og kunstnariske leiaren for Ultima heiter Heloisa Amaral frå 1. februar 2023. Åremålet er på fem år. Ho tek over etter Thorbjørn Tønder Hansen, som har leia festivalen sidan 2017.
Amaral er frå São Paulo i Brasil, men har budd i Noreg mellom 2003 og 2015, før ho reiste til Belgia og Nederland for å skrive doktorgraden i kunstnarisk forsking. Ho er utøvande pianist, og er mellom anna medlem av Ensemble NeoN og duo Hellqvist/Amaral.
Ho ville møte meg på Rådhuset. Ultima sine opningskonsertar er ofte her, men det var noko spesielt ho ville vise meg.
Inne i bygget blir det klart kva det var i det vi studerer dei store veggmåleria: – Det er ein veldig sosialistisk tankegang bak dette bygget. Desse veggmaleria viser forskjellige yrkesgrupper i Noreg, og korleis dei jobbar saman for å bygge ideen om ein nasjon, som jo var viktig på den tida.
Då Heloisa kom til Noreg vart ho fascinert av dugnaden. På bileta ser vi fiskarar, bønder og arbeidarar: – Ideen om mange menneske som gjer sitt, men som saman jobbar mot noko større er ein fin inspirasjon! Ultima fungerer også slik på mange måtar.
– Samtidig snakkar det imponerande rådhusbygget om autoritet, og korleis politiske og institusjonelle visjonar pregar måten vi tenker og lever på. For det gode, men også for det onde. For meg er dette ei påminning om Ultimas samfunnsansvar: ein festival som institusjon må ikkje diktere, den må tørre å stille vanskelege spørsmål.
Heloisa bestemte seg allereie som ung tenåring for å bli klassisk pianist. Den einaste musikken ho brydde seg om å spele var klassisk og romantisk pianorepertoar.
Men då ho flytta til Tyskland for å studere piano, 16 år gammal, oppdaga ho noko nytt. Der møtte ho mellom andre pianisten James Avery:
– Eg likte veldig godt korleis han nærma seg pianoet. Han var så begeistra for samtidsmusikk sjølv, og inspirerte oss studentane. Og når eg kunne møte komponistar sjølv, så fann eg noko som eg ikkje fann elles – det var ikkje noko spørsmål om at dette måtte spelast akkurat slik. Det handla meir om å utvikle prosjekt. Kvifor skal eg spele dette – nettopp kvifor vart viktig for meg.
Sjølv om ho formelt sett ikkje har begynt i jobben, ville Amaral kome til Oslo denne helga og følge deltakarane på Curating Lab, som er i regi av Ultima og det europeiske nettverket Sounds Now. Her deltek unge menneske frå forskjellige kreative bakgrunnar, mellom anna frå journalistikk, musikk, design, teater og dans. Saman representerer dei eit spenn av ulike musikalske interesser – frå musikk for gaming, kvardagslydar, rap og kunstig intelligens, til tverrkunstneriske uttrykk og utforsking av møter mellom ulike kulturelle tradisjonar.
Å starte med å lytte, og gå rett til det praktiske var viktig for Amaral:
– Det er inspirerande å jobbe med desse unge menneska som ikkje har samme bakgrunn i, eller type kjennskap til musikk som eg har. Dei kjem med heilt andre ting. Korleis jobbar dei med musikk og korleis lyttar dei? Kva slags rom kan Ultima vere for dei?
Ledige stillinger
Det er få musikarar som sit i leiarstillingar i samtidsmusikkfestivalar, dei fleste har anten ein teoretisk bakgrunn eller er komponistar. Dette er Amaral stolt av:
– Som samtidsmusikar plar ein vere mellom lyttaren og komponisten. Vi beveger oss heile tida mellom desse ulike perspektiva, samtidig som vi har ei eiga stemme og eigne synspunkt. Og dette har noko med den generelle utviklinga i feltet å gjere, at musikaren si stemme får ein større plass.
Sjølv var ho på Ultima første gong i 2003 og spelte med det norske samtidsmusikkensemblet asamisimasa, og har sidan spelt fleire gongar.
Heloisa Amaral i Duo Hellqvist/Amaral, frå ein konsert i 2016. (Foto: Pressefoto)
– Men kva har vore di oppleving som publikum på festivalen?
– Det har endra seg sidan dei første åra. Då var det mykje som var heilt nytt for meg som ikkje var frå Noreg. Eg opplevde ein forskjell mellom det norske som vart presentert på festivalen og det som kom frå utlandet.
Ho trekk fram kontrasten mellom det som kom frå Tyskland, for eksempel:
– Harmoni og slike ting var jo ikkje lov i den tradisjonen. Det skulle heile tida vere politisk radikalt på kvar einaste tone, det var notebasert, og fokus på ensemble. Så for meg var møtet med mykje norsk samtidsmusikk litt sånn – får ein lov til det? Det opna noko for meg.
Utviklinga til Ultima dei siste ti åra, ser Amaral på som veldig spennande:
– Det er så mykje anna enn notebasert samtidsmusikk som kjem på programmet – blanding mellom kunstformer og kunstartar, og eit nytt publikum som interesserer seg for Ultima. Det har vore mykje meir arbeid med å opne det som blir sett på som «samtidsmusikkfeltet».
Samtidsmusikk treng ikkje vere berre ein sjanger, meinar Amaral:
– For meg er det ei haldning. Ein måte å nærme seg lyden, og ein eksperimentell måte å jobbe med musikk på, også som lyttar. Ikkje ta ting for gitt, men å jobbe utanfor det konvensjonelle. Og så ope som Ultima i dag har blitt, så går det an å jobbe ut i frå den ideen.
– Og korleis skal Ultima kommunisere den forståinga av samtidsmusikk til eit publikum?
– «Korleis skal» kan eg ikkje seie enno. Eg er ikkje her for å bestemme på eiga hand korleis ting skal gjerast på festivalen eller kva som skal spelast. Eg er her for å lytte og jobbe saman med Ultima sine medlemmar, publikum og alle som utgjer festivalen.
– Eg vil vere ein fasilitator for samtalar og møter mellom kunstnarar og publikum.
– Med ei slik haldning til Contemporary Music – er det fristande å berre ta vekk heile ordet?
– Eg synest contemporary er eit interessant omgrep. Eg likar at det er med tida. Con temporary. Tenker ein på det på den måten er det interessant. For det gir ein temporal kontekst.
– Men kan samtidsmusikk-omgrepet også vere ei barriere – for folk som berre tenkjer det er vanskeleg, sært…pling plong?
– Det var ei episode då eg jobba på Ultima og var med på Barnas Ultimadag, der barn kuraterte ein festivaldag. Vi spurde oss sjølve – «Korleis skal vi forklare dei kva vi driv med?» Men då vi møtte dei, så hadde jo ikkje dei noko slike førestillingar om at dette var «vanskeleg» eller «berre pling plong» – dei var opne. Då måtte vi faktisk sjekke våre eigne fordommar.
– Ein kan ikkje ignorere at samtidsmusikk som felt også har ei lukka verd som veks ut av ein tradisjon, men det kan vere så mykje meir enn det.
– Sjølv vel eg, særleg i denne konteksten, å tenke ut i frå andre perspektiv enn det.
Eit viktig perspektiv for Amaral er lyttesituasjonen, og Amaral er medviten på ansvaret Ultima har her: – Det er ofte veldig styrt korleis ein skal lytte. Korleis publikum står, i kva rom – dette er spørsmål som eg synest det er viktig at Ultima stiller, og som kjem til å prege arbeidet mitt. Det ligg eit ansvar, men også inspirasjon i dette. Det handlar om korleis ein lyttar.
– Vi har jobba på sentrale institusjonar, og det er også dei som er Ultimas medlemmar. Men scenene vi skal vere på kan strekke seg mykje meir utover sentrum.
Gjennom doktorgraden sin fokuserte ho nettopp på desse spørsmåla, og såg på presentasjonskonvensjonar i klassisk og samtidsmusikk: – Rituala rundt lyttesituasjonen, kvifor sit vi som vi sit, kvifor høyrer vi som vi høyrer. Dette virkar inn på komposisjonen. Og komposisjonen påverkar korleis vi lyttar.
Amaral vil også jobbe med korleis Ultima kan vise fram «bakrommet» og Ultima som laboratorium:
– Det diskursive har fått mykje plass. Å forklare musikken for publikum. Eg synest framleis det er veldig relevant, men eg trur det er eit anna viktig aspekt som går på det praktiske. Vi har vore eit idébasert samfunn lenge, men generelt sett i verden er vi kanskje litt tomme for visjonar og idear? Eller i alle fall tomme for korleis vi snakkar om dei?
– Å heller sjå på det praktiske, og invitere publikum inn i det, trur eg kan gi nye perspektiv.
– Ideen om laboratorium spring ikkje ut i frå mitt hovud, men det er også noko vi ser hjå kunstnarane sjølv. Dei er interessert i kven publikum er, kven dei lagar musikk for. Det er ikkje anonyme øyrer.
– Då kjem vi kanskje tilbake til det du nemnde – at det handlar om ei haldning eller ein måte å lytte på?
– Ja, for meg er det ikkje noko mindre «contemporary music» å høyre på noko veldig tradisjonelt, som ein Beethoven-symfoni, men i ein eksperimentell kontekst. Og ein annan ting er korleis ein individuelt vel å lytte. Men det handlar om korleis det får plass i dag, og kva andre plassar kan den ta i dag.













