Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin:
Magmafestivalen har trass digre avenyar og bygg fått eit konsentrert preg. Konsertane er posisjonert i forskjellige bygg ikkje så langt frå einannan. Ikkje berre finn ein filharmonien her – også Statsbiblioteket og salen der var ein fin venue. Der spelte Ardittikvartetten eit totalnordisk program seinare på opningskvelden m.a. med verk av nordmannen i Paris, Sven Lyder Kahrs.
Konserten var prega av den stringente ‘Ardittisounden’ som mange elsker og nokre få hatar. Denne sounden har ei sterk innflyting på musikken. Ein sound som kanskje blei litt vel tørr i biblioteksalen. Kahrs sitt stykke var komplekst og innehaldt i kompleksiteten fleire intense nesten-melodiske utspel som såvidt fekk spele ut. Atli Ingolfsons stykke HZH viste ei nyskapande instrumentell og motivisk handsemd av kvartettinstrumentariet.
Særleg var faktisk dei repeterande minimalistiske sekvensane velgjerande (endeleg litt minimalisme som ikkje liknar på Salinen eller Reich). Dei punktmusikalske periodane undervegs gjekk opp i større einskapar etter korte eller lengre forløp. Bent Sørensen sitt verk treng berre eit motto: «Angel’s music».
Medan opningskonserten laurdag fann stad i storsalen i filharmonien spelte storbandet til Berlinerfilharmonikarane i litlesalen på søndag. Scharoun-ensemblet spelte opp med eit heilt anna nordisk program. Ein heilt annan sal – og framleis med ein lydhøyr kronprins tilstades (og færre pressefolk). Dette vart på ny like mykje ei auditiv oppleving som glede over god akustikk.
Det åtte- eller sekskanta (kom ut or teljinga) rommet består av ei sær terrasseordning. Det heng dessutan karakteristiske djevlerokke-liknande akustiske demparane i taket. Desse gjev rommet til saman ei rar form. Ikkje minst blei formen forsterka av den lyse mjuke gullfargen som også finn på utsida av bygget. Musikalsk merka ein raskt at Scharoun består av musikarar som kjenner rommet betre enn sin eigen fiolinkasse. Dei hadde også gjort eit godt førearbeid i innstuderinga – både Wallin og Nordheim framførd. Alt vart kyndig dirigert av Magmakaptein Rolf Gupta.
At berlinarane kjende si besøkelsestid i helga kan ein også takke Gupta for. Saman med sine medsamansvorne i musikkinformasjonen og komponistforeningen har han gjort ein stor jobb for å få dette til. Kronprinsen har allereie fått sin dose takk. Ifølge kjelder i den berlinske kultursfæren har skribleria i tysk-berlinsk presse vore storarta. Det vitna også dei ganske godt fylde salane i helga om. Ein annan ting ein la merke til var at det var eit ungt publikum – ikkje berre var Haakon M. i denne klassen. Ein såg i tillegg fleire andre unge anlet frå Noreg.
Andre kjende anlet hang på veggane i foajeen i Berlinerfilharmonien. Der hadde dei nordiske musikkinformasjonssentra – og særleg det norske – kurert ei informativ og vellaga utstilling. Den dreide seg om våre nordiske komponistar. Denne vart opna – nok ein gong med kronprinsen tilstades og ein opplagt Rolf Wallin med nyoppblåste ballongar og reine fingrar. Ballongens svar på Ole Bull spelte nemleg sitt legendariske stykke for raud ballong – og det varma alle norske hjarte i Berlinerfilharmonien.

Notodden Blues Festival i økonomisk krise
Til tross for et av tidenes beste besøk går festivalen mot et underskudd på opptil fire millioner kroner. Nå jobber styret på spreng for å løse de økonomiske utfordringene.

Kim Stian Gjerdingen Bakke skal jobbe for korene
Bakke blir ny generalsekretær i Norges Korforbund.

Eurovisjon med Israel tross protester
Det ble ingen avstemning om Israels deltakelse i ESC-konkurransen.

Ida Maria: Polsk orgelkassett banet vei for punkrocken
Da Ida Maria var åtte år gammel kom foreldrene hennes hjem fra Polen med orgelmusikk i bagasjen. Det ble en skjellsettende opplevelse som for alvor inspirerte henne til å vie livet til musikken.

Ballade video: Bandet med svovelstikkene
Det nærmer seg jul med Utan Dom., Mari Boine, Hedda Aronssen, King Hüsky, Bastian, Torgny Amdam, Gothminister, Frode Barth, Flexi Aukan og Brynjar Hoff.

Minneord: Kjell Wernøe 1938-2025
Det kjennes godt at Kjell Wernøe fikk glede seg over dokumentarfilmen om sin far før han døde, og det kjennes godt å se alle de vakre hilsnene som har kommet på sosiale media i den siste uken.





















































