Hopp til innhald

Og me døyr så stille at me trur me lever

Eit rekviem for musikk i barnehagen, av Johan Egdetveit.

Dei siste 20 åra har ei av mine store gleder vore å reisa ut på turné for å spela for ungar i barnehagane. Eg byrja saman med Halvor Lunde (signe hans minne), med «Belgen er løs», reiste med forfattar Bjørn Arild Ersland med «Tor og traktoren», og dei siste åra med «I ville vesten» saman med Dag Sindre Vagle.

I dei fleste barnehagane vart me møtt med stor forventning av borna, dei hadde ofte gleda seg i vekevis til konsert. Som regel vert me overstrøymande takka av begeistra personale, gjerne med orda: ”Dette er så viktig for oss, og me er så takksame for denne ordninga.” Då brukte eg alltid å seia at det må de òg passa på å melda oppover i systemet dykkar, for det er ikkje nokon sjølvsagt ting at det held fram.

No har det altså skjedd.

Les også: Hvor blir det av kunstsatsingen for de minste?

Det sitjande regimet har «modernisert» og «reorganisert» og laga ein meir «robust» organisasjon, slik dei har for vane. Og som vanleg slått barnet ut med badevatnet. Det vert ingen fleire turnear i barnehagane. Det er over og ut, slutt og finito.

Og det er så stille. Ingen protesterer.

Det er nok av di at brukarane ikkje har fått det med seg. Etter kvart byrjar nokon kanskje å tenkja: «Er det ikkje lenge sidan me har hatt besøk av Rikskonsertane no?»

Les også: – Skolen er vårt hovedansvarsområde

Og så spør dei gjerne kulturetaten i kommunen. Og så får dei beskjed: – Rikskonsertane finst ikkje meir. No er det «Kulturtanken.
Så spør dei gjerne: – Kva er kulturtanken?
– Det veit me ikkje, det er det ingen som veit.
– Men kan me få besøk av «Kulturtanken» då?
– Nei.
– Kvifor ikkje?
– Det er det heller ikkje nokon som veit, men dei prioriterer nok ikkje barnehagar innanfor rammene i den meir robuste og moderne organisasjonen…

Johan Egdetveit er komponist, produsent og musiker basert i Stavanger

Ledige stillinger

Les svar fra Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken: Kultur til dei minste

Ledige stillinger

Relaterte saker

Mari Haugen Foto: Asker kommune

Hvem skal produsere flerkulturelle konserter for barn?

Spør Mari Haugen, som både har bekymringer, og ser muligheter for fremtiden.

Arild Moen Foto: Vestfold fylkeskommune

Frykter smalere utvalg musikk for barn og unge

Fylkeskulturdirektøren i Vestfold etterlyser en nasjonal strategi for å sikre barn og ungdom tilgang på konserter etter Rikskonsertene ble lagt...

Pinquins og skolebarn på Riksonsertene og Ultimas samtidsmusikkfestival for barn, RiksUltima, på Vibrandsøy utenfor Haugesund i

Vil opprette Musikkbruket

– Rikskonsertene fikk kritikk blant annet for å være en topptung organisasjon. Men i fraværet av en samlende aktør for...

Artisten Cleo under en konsert i regi Rikskonsertene og DKS Foto: Lars Opstad / Rikskonsertene

Kulturtanken oppretter ungdomsråd

Rådet skal gi råd til Kulturtanken om Den kulturelle skolesekken (DKS) på nasjonalt, regionalt og lokalt nivå.

Lin Marie Holvik Foto: Lars Opstad/Kulturtanken

Kultur til dei minste

Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken, svarer Johan Egdetveit.

1397240 10152130543431096 1593383966 o

Når musikken stilnar

Lin Marie Holvik bagatelliserar meir enn ho stør oss i kampen mot at musikk i barnehagen som konsept vert rasert,...

Flere saker

Håvard Gimse og Lise Fjeldstad

Ufullendte kollisjoner

Ny norsk klavermusikk ble koblet til poesi på Oslo Kammermusikkfestival. Men sammenstillingens potensial ble ikke utnyttet fullt ut, skriver Emil...

Urort

Måles på medietekke

Årets Urørt-finalister har som oppgave å være synlige i sosiale- og tradisjonelle medier. – En vesentlig del av det å...

MIRA PARIS 01 FOTO THOMAS KOLBEIN BJORK OLSEN BERLINKONTORET

Mira Thiruchelvam er med på Karpes Europa-turné: – Å være litt sterk i meningene sine hjelper

Mira Thiruchelvam er et av de fire nye medlemmene i Karpes utvidede band som nå er på Europa-turné. Det er...