Hopp til innhald
Lin Marie Holvik Foto: Lars Opstad/Kulturtanken

(Foto: Lars Opstad)

Kultur til dei minste

Lin Marie Holvik, direktør i Kulturtanken, svarer Johan Egdetveit.

«Det er så stille,» skriv Johan Egdetveit i ballade.no 7. desember 2017. «Ingen protesterer.»

Jo, det er heldigvis mange som meiner noko. Og enda fleire som gjer noko. Mange kommunar har gode kulturtilbod til dei minste borna. Då Rikskonsertane blei nedlagt, blei også den statlege ordninga for barnehagekonsertar lagt ned, med verknad frå og med 1. januar 2018. Fylker og kommunar har teke over ansvaret for musikken i Den kulturelle skulesekken-ordninga, og fleire vidarefører tilboda i barnehagane for eigne midlar, som til dømes Aust-Agder bibliotek og kulturformidling med deira Den kulturelle beremeisen, og Trondheim kommune med Den kulturelle barnehagesekken. Rikskonsertane si barnhageordning var heller ikkje landsdekkjande, det var på det meste 12 fylke som fekk tilskot frå staten til dette tilbodet lokalt.

Les også: Og me døyr så stille at me trur me lever

Men det er fleire enn Egdetveit som tykkjer det er leit at det ikkje finnast ei DKS-ordning for alle barnehageborn. Også vi i Kulturtanken. Difor opprettheld og nyutviklar vi ein open, nasjonal konferanse i 2018 . «Kulturborn 0-8 år» heiter konferansen, og den er eit samarbeid mellom Norsk kulturskoleråd, Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringen/Nord Universitet og Kulturtanken. Formålet med konferansen er å skape en arena for erfaringsutveksling, diskusjon og utvikling innan kunst og kultur for born i målgruppa 0-8 år, for alle som jobbar på feltet; kunstnarar, tilsette i barnehagar, byråkratar. Hensikten er nettopp å ikkje sleppa tak i dette viktige feltet. Sjølv om musikk har vore viktig, drøymer vi meir om eit utvida tilbod med fleire uttrykk til dei minste borna, noko denne konferansen vil spegla.

FØLG DEBATTEN: @BalladeNO på Twitter og BalladeNO på Facebook

Kulturtanken si oppgåve som etat er å forvalte og utvikle Den kulturelle skulesekken, og i skulen er det mange kunstnarar som kjem på besøk. Dette veit sjølvsagt både fylker og kommunar, sidan dei alle er mottakarar av store statlege midlar til nettopp denne eineståande nasjonale ordninga vi tross alt har i Noreg. Så kan vi vere einige i at vi gjerne skulle hatt noko tilsvarande for ungane i barnehagane. Det er fint å melde til politisk nivå at ein ønsker kultur for dei minste borna, men å skyta på Kulturtanken er kanskje å sende bodskapen i feil retning. Vi får heller stå saman om å arbeida for å få til ei god ordning også for dei minste borna.

Lin Marie Holvik er direktør i Kulturtanken,

Ledige stillinger

Relaterte saker

Johan Egdetveit Foto: Momir Novakovic / NordLight Studios

Og me døyr så stille at me trur me lever

Eit rekviem for musikk i barnehagen, av Johan Egdetveit.

Mari Haugen Foto: Asker kommune

Hvem skal produsere flerkulturelle konserter for barn?

Spør Mari Haugen, som både har bekymringer, og ser muligheter for fremtiden.

Arild Moen Foto: Vestfold fylkeskommune

Frykter smalere utvalg musikk for barn og unge

Fylkeskulturdirektøren i Vestfold etterlyser en nasjonal strategi for å sikre barn og ungdom tilgang på konserter etter Rikskonsertene ble lagt...

Pinquins og skolebarn på Riksonsertene og Ultimas samtidsmusikkfestival for barn, RiksUltima, på Vibrandsøy utenfor Haugesund i

Vil opprette Musikkbruket

– Rikskonsertene fikk kritikk blant annet for å være en topptung organisasjon. Men i fraværet av en samlende aktør for...

1397240 10152130543431096 1593383966 o

Når musikken stilnar

Lin Marie Holvik bagatelliserar meir enn ho stør oss i kampen mot at musikk i barnehagen som konsept vert rasert,...

Cezinando, på turné i Den kulturelle skolesekken i Buskerud oktober

Den kulturelle skolesekken får 9,6 millioner i støtte til portal av Difi

Portalen skal gjøre forvaltningen av Den kulturelle skolesekken lettere.

Flere saker

Susanne Lundeng og Engegårdkvartetten

Nasjonalnostalgi og regionalromantikk

Personlige nordlandsbilder og en nasjonalromantisk stumfilm er paret med melankolsk-nostalgisk folkemusikk på Riksscenen i Oslo. Er det en bølge av...

6355318323 4c41d3ef76 z

Øya vurderer dollarkjøp for å sikre bookingbudsjettet

Sterkere krone betyr billigere dollar. Det gjør det rimeligere for norske festivaler å booke amerikanske band.

Stilllbilde fra Janne Erakers video Chair Variations

Ballade video: Stolleker og brennende tak

Nye videoer med Janne Eraker, Solveig Sørbø, Isák, Sval, Marion Woodseth, Benedicte Brænden, Ivar Eidem, El Caco og Slegest. En...