NRK satsar vidare på norsk folkemusikk. No skal meisterspelemannen Odd Bakkerud (1931 – 1989) med hardingfela fram i lyset med plateslepp ein dobbel-CD. – Dette er eit godt eksempel på at også det heilt oppsiktsvekkande er å finne i arkiva våre, seier arkivsjef i NRK, Bjarne Grevsgard. CDane baserer seg på opptak gjort av NRK i perioden 1959-1971, og kjem ut på Ta:lik.

Odd Bakkerud, 1931 - 1989 (Foto: Ta:lik)

— Meisterspelemannen Odd Bakkerud frå Nes i Hallingdal dominerte og imponerte på kappleikar frå 1955 og tjue år framover, men lite kom ut på plate.

— Når vi no har inngått eit samarbeid med det unge plateselskapet ta:lik records er det blant anna fordi vi vil presentere ein stor musikar som Bakkerud med dei genuine opptake, men med ein presentasjon og grafisk design som inviterer andre enn det etablerte folkemusikkmiljøet, sier Grevsgard.

Fleire CDar i år
NRK er involvert i ulike samarbeidsprosjekt som fører til CDar med materiale frå folkemusikkarkivet, nokre av dei svært lokale. Men i det samarbeidet som no er etablert med ta.lik er arkiva i NRK i ferd med å legge planer for ei rekkje CDar utover året.

Grevsgard understrekar at det ofte ligg mye arbeid bak å få fram gode opptak.

— I NRK herska heilt fram til 80-talet den merkelige ide at lydband var så dyrt at det måtte brukast om att og om att. Dei originale opptaka var derfor kopiert inn i for eksempel Folkemusikkhalvtimen og deretter sletta. Når vi no har fått henta fram igjen og presenterer ikkje mindre enn 41 opptak med Odd Bakkerud, møter vi ein musikar med ei innleving og ein intensitet som grip tak i alle som ikkje har utstyrt seg med mental hardingfele-sperre.”

Før jul opna NRK ein rein folkemusikkanal på DAB og nettradio, og no lanserer NRK eit samarbeid med plateselskapet ta:lik som skal føre til at meir av det unike materialet som finst i Folkemusikkarkivet kjem ut på CD.

— Eineståande arkivopptak

Plateselskapet ta:lik arbeider med å gje ut norsk folkemusikk. Selskapet vart stifta i 1999, og har til no gjeve ut 14 Cd-ar, og laga to musikkvideoar. Dei har spesialisert seg på å gje ut arkivopptak i NRK, Norsk folkemusikksamling, Arne Bjørndal-samling og i andre offentlege og private samlingar, men produserer også nyinnspelingar.

Ta:lik har ein distribusjonsavtale med Musikkoperatørene, og selskapet er også medlem i FONO.

Plateslepp og konsert for utgjevinga var på Buskerudkappleiken, Nesbyen 8. april.

Publisert:

Del: