Hopp til innhald

– MEN underslår halve historia

Music Export Norway (MEN) arbeider no for å få til nye presentasjons-CDar med norsk musikk. Framlegget til nye CDar vart kjend i går, og Inger Dirdal i MEN seier seg strålande nøgd. Kor vellukka er dette sett ifrå tradisjonsmusikken sin ståstad? – Med all respekt for arrangert folkemusikk, synest eg dette blir som å sende Bobbysocks til utlandet for å promotere Kaizers Orchestra, skriv Frode Rolandsgard fra plateselskapet Ta:lik i denne kommentaren. – MEN lagar ei plate som underslår halve historia, der det utanlandske publikumet i liten grad får koma på innsida av norsk folkemusikk.

Av Frode Rolandsgard, plateselskapet Ta:lik

Music Export Norway (MEN) arbeider no for å få til nye presentasjonsCD-ar med norsk musikk. Framlegget til nye CD-ar vart kjend i går, og Inger Dirdal i MEN seier seg strålande nøgd. Kor vellukka er dette sett ifrå tradisjonsmusikken sin ståstad?

Plateselskapet Ta:lik, som eg representerer i denne samanhangen, arbeider hovudsakleg med dei smalaste av dei allereie smale folkemusikkutgjevingane, altså solomusikken. Det som er særskild for Noreg er nettopp at folkemusikken i stor grad er ein solotradisjon, med dei følgja det har for nyansar og uttrykk.

Som eit selskap som vil ta dette spesielle på alvor, hadde vi eit sterkt ønskje om å vise dette fram for utlandet, men vart refusert.

Vedkomande soloplate med Jan Beitohaugen Granli er nettopp nominert til Spelemannsprisen, inneheld ein nyskapande CD-ROM musikkvideo som toppa kortfilmfestivalen Zoomin, og den unge utøvaren vann Landskappleiken i 2002. Få har tvilt på plata som produkt, men kanskje nokon tvilar på den tradisjonelle folkemusikken? Er det kanskje enklare for MEN å «selje» samspel og opprocka folkemusikk i utlandet?

Inger Dirdal i MEN seier at det er juryen som avgjer utvalet. Greit, eg har faktisk forståing for at mange synest tradisjonell folkemusikk er vanskeleg, men bør ikkje MEN som kulturinstitusjon ta bevisste styringsval om å også arbeide for denne musikken, og slik lage kriterier som gjer at fleire stilartar blir representert? Eller er tanken at om berre dei eksperimenterande folkemusikarane blir kjende nok, vil resultatet bli auka interesse for solomusikken?

Med all respekt for arrangert folkemusikk, synest eg isåfall dette blir som å sende Bobbysocks til utlandet for å promotere Kaizers. Kan det ikkje tenkjast at eit meir samansett bilete av tradisjonsmusikken i Noreg faktisk ville vera positiv for interessa på dei fagmessene som er hovudmålgruppa for produksjonen?

Sist ei slik presentasjonsplate med folkemusikk vart laga, den gongen av Norsk folkemusikkformidling, inneheldt plata ei blanding der om lag det halve var tradisjonell (solo) folkemusikk, og det halve arrangert/ nyskapande folkemusikk (samspel). Den nye plata inneheld til samanlikning berre eit tradisjonelt soloinnslag. Resultatet er at MEN lagar ei plate som underslår halve historia, der det utanlandske publikumet i liten grad får koma på innsida av norsk folkemusikk, og i liten grad får møte det som faktisk er spesielt.

(Ja, dette er sjølvsagt sutring over at plata vår ikkje fikk bli med, men saka er også prinsippiell, så eg vonar på ein prinsippiell diskusjon)

Ledige stillinger

Relaterte saker

Annbjørg Lien portrett

Music Export Norway med egen CD-serie

– Vi vil vil takke for den fantastiske responsen vi fikk vedrørende den nye CD-serien vår, sier Inger Dirdal i...

Music Export Norway Norway Now tag

Music Export Norway ønsker bidrag

Som Ballade tidligere har meldt, vil Music Export Norway på nyåret starte produksjon av en CD-serie med norsk eksportrettet musikk....

Norway Now (Foto: Kat Borgen)

To millioner til MEN over Statsbudsjettet

Regjeringspartiene og Arbeiderpartiet har i sin forliksavtale omkring Statsbudsjettet satt av tyve ekstra millioner til kulturbasert næringsutvikling. To av disse...

Sigurd Eldegard

Unik plateutgjeving

Denne hausten debuterer spelemannen Sigurd Eldegard (1893-1962) frå Årdal i Sogn på CD – 40 år etter sin død. Bak...

Hallingkast

Folkemusikkkonsert i «Afrika»

Oslo sitt lokallag for folkemusikk – Laget for Folkemusikk – fylte i 2003 hele 100 år. De er det eldste...

Inger Dirdal

– Ikke for utøvere som har Norge som hovedmarked

Music Export Norway fortsetter produksjonen av sin CD-serie til internasjonal promotering av norsk musikk. MEN ønsker seg forslag til spor...

Flere saker

Det nigerianske rockebandet Etran de L'Aïr er blant de 20 artistene som spiller under årets Mela.

– Mela er jo ganske annerledes enn andre festivaler

De booker verdensstjerner, artister med millioner av strømminger – og selv Beyoncés produsent står på plakaten. Likevel går festivalen under...

Leagus og Nordnorsk Jazzensemble under premieren på Festspillene i Nord Norge.

Nordnorsk Jazzensemble og Leagus: Dette grønne livet

Under Festspillene i Nord-Norge var det endelig klart for konsert med det nyetablerte Nordnorsk Jazzensemble. Sammen med duoen Leagus framførte...

Steinar Eielsen mottar Korprisen

Korprisen til Steinar Eielsen

Prisen ble delt ut under Landsfestivalen for kor i Stavanger i helgen.