Gjennom 35 arrangement på fire dagar utforskar rundt 60 komponistar sann musikk frå ulike vinklar i skandinavias musikalske episenter akkurat no – Bodø.

Kunstnarleg leiar for årets festival, Therese Ulvo (til venstre), foran klokketårnet i Bodø, © Audun Selnes

I kulda utanfor Bodø domkyrkje står eit femtitals menneske og ser opp på kolossen av eit klokketårn. Så kling det glitrande. Det er eit underleg fint augeblikk – vi veit jo at lyden kjem frå tårnet, men vi ser verken klokkene eller klokkenisten Vegar Sandholt. Berre dette enorme, stilleståande tårnet med ein lyd som ber lenger enn noko anna.

Ellen Lindquist sitt The Sacredness of Trees var bestilt av Nordic Music Days. Lindquist har teke tak i overtonane i klokkene og skrive musikk som utnyttar klangen i klokkene på eit fascinerande vis. Verket vart framført parallelt; det same skjer samtidig 14 andre stader rundt om i verda. I morgon, laurdag 16. november kl. 0900, kan du høyre det igjen for siste gong om du er i Bodøområdet.

Nordic Music Days vart arrangert første gong i 1888, og har sidan den gong vorte arrangert av dei ulike komponistforeiningane i dei nordiske landa gjennom Nordisk Komponistråd. Noreg arrangerer det kvart femte år, og dette er første gong det vert arrangert nord for polarsirkelen.

Therese Birkelund Ulvo har vore kunstnarisk leiar for årets festival. Vi fekk ein prat etter opningsdagen onsdag.
– Eg er veldig nøgd hittil! Festivalen har vore akkurat det den skal vere. Det er ei stor bredde – det er smått og stort, lokalt og internasjonalt, folkeleg og superrart, teknologisk og menneskeleg. Det er det som gjer det spennande, men også utfordrande å jobbe med Nordic Music Days, det er så mange ulike behov og innfallsvinklar.

– Berre fordi du snakkar samisk forstår du naturen annleis.

Delar av programmet er musikk bestilt av festivalen, men størsteparten er valt ut gjennom eit omfattande juryarbeid der over 600 verk vart sendt inn. I utlysinga var nettopp tematikken sann musikk med, utan at alle nødvendigvis måtte ta tak i det.

My Hellgren framfører Johan Svenssons “Marionette”, © Martin Losvik

Det er vanskeleg å umiddelbart få bilete eller lydar. Men etter to dagar i Bodø er det klart at dette spørsmålet kan bli utforska på svært ulike vis i musikken: Håkan Lidbo sitt Matrix er eit slags synthesizer sjakkspel for framtida, Natasha Barrett har nytta data frå dei ufrivillige rørslene til 12 cellistar som prøvar å stå stille i høgtalarverket Involuntary expression, Nils Henrik Asheim sitt Muohta tek tak i det nord-samiske språket for snø.

Som Ailo Kemi Gjerpe sa under samtalen om språk og musikk: – Berre fordi du snakkar samisk forstår du naturen annleis.
Slike aha-opplevingar er Nordic Music Days full av.

“Tematikken oppstod mens #metoo-bølgen var på sitt høyeste og vi hele tiden ble påminnet om at hva det er som er sant alltid avhenger av perspektivet”, skriv du i programbladet – kan du utdjupe det?
– Det var veldig ulike innfallsvinklar til sanninga i den perioden, fortel Ulvo. – Kampen handlar fort om kven som er den truverdige. Men når du tek eit skritt tilbake, som kunsten ofte gjer, og ser på det større perspektivet, ser ein at sjølv om noko reint objektivt har skjedd, så er dei erfaringane ein har gjort seg framleis ulike.

Er det slik at ein alltid skal ha med seg konteksten “kva er sann musikk” inn i alle konsertane?
– Når eg programmerer likar eg å jobbe tematisk, men eg vil likevel ha eit fleksibelt forhold til det. Nokre verk tek tak i dette veldig eksplisitt, og så er det nokon ting som berre “touchar” det, og andre verk er med av reint musikalske grunnar. Men dette temaet er med i bakhovudet og formar det heile, utan at det skal diktere kva ein skal oppleve på kvar konsert.

Bodø Domkor med dirigent Gro Bergrabb, © Martin Losvik

Kven er publikumet? Er det berre delegatar?
– Nordic Music Days har fleire sider. Det er ein viktig arena for den indre bransje, nordisk kunstmusikk, kva no enn det er for tida. Men eg personleg tenkjer at det er veldig viktig når vi vel å ha det i Bodø, må vi involvere byen og invitere byen inn. Opningsdagen onsdag viste at det var ein god miks mellom delegatar og lokalt publikum.

Nordic Music Days har hatt prosjekt med alle musikklinjene i Nordland, som mellom anna presenterte videoar som vart utstilt på biblioteket Stormen. Det er ein høg andel lokale aktørar på festivalen, frå barnekor, amatørkor til dei profesjonelle ensembla som Vocal Art og Arktisk Filharmoni.
– Det er godt å ha den kombinasjonen. Bodø er ein mangfoldig kulturby, ikkje berre ein person eller institusjon – det er ei brei platform her oppe, understrekar Ulvo.

Alessandro Perinis “Three studies for two voices”, framført av Henrik Sand Dagfinrud og Guro Lødemel, © Martin Losvik

I tillegg til konsertane og utstillingane, har Nordic Music Days samtaleprogrammet Talk/Listen. Dette gir ein viktig ekstra dimensjon til opplevinga. Men det mest interessante er kor godt musikk eignar seg til å utforske slike spørsmål som “kva er sanning?”. Kanskje spesielt den ordlause musikken. På eit vis kan ein tenke at sann musikk ligg nettopp i det samansette og komplekse mangfaldet Nordic Music Days presentererer. Og i dei ulike innfallsvinklingane leitar kvar og ein i publikum etter si eiga forståing av sanninga – ei forståing som blir utfordra om vi berre vil.

I dag er det mellom anna fem-årsjubileum for Stormen kulturhus klokka 19, der mellom andre Ola Kvernberg, Trondheim Voices og Arktisk Filharmoni framfører Kvernbergs Mechanical Fair og Maja Solveig Kjelstrup Ratkjes Ekkokammer, som mellom anna spør “når er vokalisten ærlig?”. I morgon kan du oppleve verdspremieren på Martin Ødegaards Moments of Truth, som er bestilt til festivalen.

Sjå heile programmet for Nordic Music Days og meir informasjon om festivalen HER.

Følg med her på Ballade.no for meldingar frå Nordic Music Day-programmet!

Foreningen Ballade er eier og utgiver av redaksjonelt uavhengige ballade.no. NOPA, Norsk komponistforening og Musikkforleggerne er medlemmer i Foreningen Ballade.

Publisert:

Del: