Førre veke var Huun-Huur-Tu, verdas største strupesongband, i Bærum. Bjørn Tomren heldt innleiinga – og tok en prat med Ballade.

Bjørn Tomren deltok i strupesang i Kyzyl som er hovedstaden i republikken Tuva i Russland. Her ved Yurt camp Biy-Khem ve elven Biy-Khem (Major Yenisei) Foto: Mikaela Berg

– Dette her er kanskje Noregs beste eggs benedict.

Ballade møter Bjørn Tomren, aka polka-Bjørn på Theatercafeen i Oslo. Kvelden før har han jodla både på sambygding Bernt Hulsker sitt show, og med bluespoesiprosjektet Buicken med Tom Stalsberg og Lars Saabye Christensen.

Noregs mest ettertrakta jodlar er aktiv. Forutan duoen med Kleine Heine, og Tomra pjolter og salmesangforening er han også sentral i strupesonggruppa A horse with no name.

Når verdas mest anerkjende strupesongkvartett Huun-Huur-Tu skulle holde konsert i Bærum Kulturhus sist torsdag var det Tomren som heldt førsnakken og stilte inn øyrene til publikum.

Bjørn Tomren

– Korleis kom du til strupesongen?

– Eg vart spurt om å jodle litt med Huun-Huur-Tu i 2009 under Bergen Internasjonale Musikkfestival. Umiddelbart reagerte eg slik som dei fleste andre, tenkjer eg; jøss, korleis er det mogleg å lage dei lydane der. Eg hadde tidlegare lært litt overtonesang av vietnamesiske Tran Quang Hai. Det er ein annan teknikk enn tuvinsk strupesong, men det har mykje til felles.

– Og så endte du opp på VM i strupesong i Tuva i fjor?

– Hehe…ja. Eller, kor vidt det var eit verdsmeisterskap er eg usikker på. Det var iallefall eit symposium der det kom folk frå heile verda.

Lys gjennom skyene
Republikken Tuva ligg i Russland, heilt sør i Sibir, på grensa til Mongolia. Strupesongen har mest sannsynleg sitt utspring i Mongolia frå Djengis Khan si tid, men det er godt mogleg at ein song med tilnærma lik teknikk fleire tusen år tidlegare.

Fleire urfolksgrupper har strupesong som ein del av kulturen – samane og inuittane for eksempel. Og alle med sine eigne variantar.

– Ja, Tuva og Mongolia “kranglar” seg i mellom om kven som har den beste strupesongen, fortel Tomren.

Han forklarer vidare at strupesong er eit samleomgrep vi i vesten har konstruert.

– Tuvinarane har fleire forskjellige stilar. Khoomei blir produsert eit mellomtoneregister, kargyraa er ei mørk bassdrone og i sygyt er ein slags plystrelyd framkalla ved å flytte tunga fram og tilbake bak tennene. Enkelt sagt. Og under desse igjen fins det fleire underkategoriar.

– Har strupesongen hatt nokon funksjon, slik fleire andre songteknikkar stammar frå?

– Eg har høyrt at strupesongen vart nytta for at songen skulle bere over elva Jenisej. Og gjennom vinden sidan overtonane ber lettare gjennom. I tillegg er det gjerne ein religiøs dimensjon ved strupesongen. Tuvinarane ofrar til fjellet. Det kan vere gull eller mat, men best av alt er det å strupesynge til fjellet.

Bjørn Tomren under VM i Strupesang Foto: Mikaela Berg

Naturen og dyra står veldig sterkt i Tuvinsk kultur, noko som også blir reflektert i strupesongen. Det er mykje imitasjon av naturlydar som elva og vinden, og dyr som hesten og kyra. I songen, og på folkeinstrumenta som to-strengsfela igil, også kalla hestehovudfele.

– Då dei første etnologane frå vesten kom til Tuva, tok det lang tid før dei klarte å kommunisere om musikken, fordi dei har eit heilt anna språk rundt musikken enn i vesten.

Tomren fortel om ein etnolog som spurde ein tuvinar kva to tonar igilen var stemt i.

– To tonar? For han var det berre ein lyd.

– Der vi gjerne har forheld oss til musikken lineært med ein start og ein slutt, så forheld dei seg til det meir som bilete. Strupesangen som eit teppe med lyd, med fleire brytningar i. Eller ein himmel med ulike skylag i.

Nettopp namnet Huun-Huur-Tu viser til måten lyset og solstrålane bryt gjennom skyene og fjella. Då Huun-Huur-Tu spelte i Oslo i April i tidlegare i vår vart to konsertar raskt utselde. Sidan oppstarten i 1992 er dei blitt verdskjende og har vore kanskje dei viktigaste ambassadørane for den tuvinske kulturen og strupesongen, meinar Tomren.

– Dei turnerer halve året og er heime den andre halvparten. Dei er jo høgt utdanna musikarar, og har arrangert strupesongen inn i ein meir moderne kontekst, ofte med gitar. Sjølv om det tradisjonelt sett har det vore song aleine eller med igil.

Fake it till you make it
– Det finnast jo mykje stereotypiar rundt strupesongen, som gjerne vesten, i søken etter autentisitet, heng seg opp i. På spørsmålet om kva strupesongen betyr eller kva funksjon den har har eg ofte fått svaret “det er berre ein song”.

Berre ein song. Det er denne haldninga Tomren ser ut til å ha til det meste av musikk han går inn i, også. Men ikkje han gjer det ikkje respektlaust.Han rynkar på nasen, Tomren, når han blir omtalt som strupesongar. Han vil ikkje tilleggast for mykje tyngde. Han har leika seg inn i det. Han har til og med høyrt snakk om at nokre har sett på han som ein posør.

– Strupesongmiljøet i Norge er ikkje stort akkurat. Det hadde jo nesten vore litt artig med ein beef i strupesangmiljøet, ler han.

– Eg kan jo skjønne at nokon synest at eg kjem inn og tøysar med sjangeren. Men for meg er det først og fremst ein måte å lære på – etterlikne og leike. Og dessutan lærer du deg mykje om ein kultur gjennom musikken.

Det var slik Tomren nærma seg jodlinga også.

– Det var jo eit slags Andy Kaufman-prosjekt i utgangspunktet det også. Men så blei eg god til å jodle når vi spelte så mykje konsertar.

Tomren dreg parallellar til rockens ankomst til Noreg.

– I starten når rocken kom kunne jo ikkje folk nødvendigvis engelsk. Dei berre etterlikna og song tulleengelsk. Eg tenkte eg kunne ha same tilnærminga til strupesongen. Så når me byrja med dette strupesangbandet så sette vi på litt Huun-Huur-Tu og spelte og song med i studio. Det var jo tullete i starten, men då vi høyrde på det etterpå, lét det jo eigentlig ganske fint.

Bjørn Tomren med lokale utøvere Foto: Foto: Mikaela Berg

Inspirert av ein konsert med Huun-Huur-Tu dei hadde sett på youtube, lurte A Horse with no name til og med på om dei skulle gå for kostyme og sminke og utgi seg for å vere eit tuvinsk strupesongband.

– Der sat liksom amerikanske hippiar og gynga i publikum. Om vi får folk til å sitte sånn der på konsertane våre, så har vi fått det til. Så vi sette saman eit ord frå forskjellige strupesongband i Tuva og endte opp med Huurd Altan Hangar Tu. Det betyr visst ingenting. Men altså – folk kjente oss jo igjen. Så det droppa vi.

A Horse with no name, som har navn etter ei låt av bandet America, gjorde mellom anna ein konsert på Vossa Jazz tidlegare i år. Utan sminke.

Under nevnte VM i strupesang stilte Tomren for øvrig i klassen “throat singing with a modern twist”. Og plasseringa?

– Eg skulle motta ein pris på scena, men vart stoppa av russisk sikkerheitspoliti fordi eg berre hadde turistvisum. Så eg veit faktisk ikkje kva plassering eg fekk. Eg skulle jo berre bort å drikke litt fermentert hestemelk og synge litt strupesong, så havna eg midt i storpolitikken

Huun Huur Tu I Bærum kulturhus Foto: Torkjell Hovland

Kult-Ur-Hus
Konserten i Bærum Kulturhus var min første konsert med Huun-Huur-Tu. For so vidt med strupesong i det heile tatt. Spørsmålet “korleis er det mogleg?”, kom endå fortare då eg høyrde det i levande live. Tomren hadde på førsnakken oppfordra publikum til å lytte etter desse ulike laga, lysstrålane. Teknikk er fascinerande nok, men musikken er jo mykje meir underleg. Og vakker.

Det er også noko spesielt underleg å høyre det i eit slikt kulturhus. Med mørke omgjevnader, spesialbygd for å gi musikken fokus og best mogleg akustikk. Denne musikken høyrer på eit vis ikkje heime i eit slikt miljø. Tenk å få oppleve det ved sidan av elva, under fjellet, saman med hestane.

Eg lét att augene – då var eg der. Sjeldan er musikk så fylt av lydmalte bilete som i strupesongen.

Er du interessert i vidare lesing rundt strupesongen kan Tomren anbefale boka Where rivers and mountains sing av Theodore Levin og dokumentaren Ghengis Blues.

Til våren kjem Alash ensemble til Oslo, så om du vil vere ekstra hipp, går du og ser dei.

Publisert:

Del: