Hopp til innhald

Asheim fantastisk – Marhaug sabotert

Ein kyrkjekonsert kan nemleg vere kjipe greier, musikalsk og dramaturgisk sett. Det kjekkaste med orgelkonsertar er at det er som å sitje i ein buss kor setene står feil veg. Særleg når Nils Henrik Asheim er friimpro-organist og Knut Nystedt er passasjer – som laurdag ettermiddag under Magma i Berlin. Bomturen kom diverre om kvelden. Då blei Noisekongen vår Lasse Marhaug framførd på dansagalla-premiss. Nedafor følgjer nest siste Magmarapport frå Berlin – ved Nicholas Møllerhaug.

Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin:

Laurdag blei den store dagen i avslutningsmagmahelga. Søndagen og fredagen var ok – men laurdagen var stor. Ikkje minst stor for oss som fekk plotta inn ein dyrehage inn i skallen. Dei som ikkje fekk til det i tide gjekk glipp av ein unik session: Nils Henrik Asheim sin orgelimpro med orgelnestor og komponist Knut Nystedt som lyttar.

Emeritus Nystedt på nitti kom ikkje til Berlin utelukka for Asheim og hans orgelunivers. Før Asheim var på krakken spelte nemleg Harald Herresthal eit nordisk orgelprogram. Der var m.a. Nystedt i notene.

Då Asheim kom igong gjekk det truleg opp mange lys for Nystedt. Ikkje minst såg han tydeleg at den norske orgelkunsten har gått eit lysår fram dei siste åra. Asheim er igong med ein friimprovisasjonskunst på orgelkrakken – som før har vore uhøyrd i orgelsamanheng. For ei diverre ikkje heilt stappfull kyrkje (også pga at det er to kyrkjer med nesten same namn: Den andre er Berlins turistmål nummer ein.

Difor valgde mange den sistnemnde: Kaiser Friedrich Gedächtnis Kirche) vart dette ei spesiell oppleving. Særleg for dei frå eit tradisjonelt kyrkjemiljø. Her var Nystedt ein av dei mest iøynefallande – bokstaveleg tala.

Ein kyrkjekonsert kan nemleg vere kjipe greier, musikalsk og dramaturgisk sett. Det kjekkaste med orgelkonsertar er at det er som å sitje i ein buss kor setene står feil veg. Bussjåføren og kjøyreretninga er i andre retninga. Då må ein naturlegvis snu seg for å sjå av og til – særleg kor det går krasst i svingane.

På denne måten vart konserten denne laurdagen noko heilt utanom det vanlege. Asheim gjekk raskt igong med sine raffinerte ‘no-druknar-eg-jammen-meg-orgelet-gitt’-lydar. Ved å suge all lyden ut av instrumentet blir det fade og pitch-endring samstundes. Då var det særleg ein som snudde seg og måpte: Nystedt. Han måpte og måpte. For oss som såg nett dette, blei det ei stor utanom-musikalsk oppleving.

Effektane Asheim brukar er berre ein del av ei heilskapen. Dette er den mest iøyrefallande detaljen. Kanskje vil eg seie det som kjem etter denne utsuginga av orgellyden er endå meir slåande i poetisk kraft. Ei stille ein sjelden høyrer i orgelrom. Diverre. Då fekk han fram dei dei ørsmå mikronyansane i dette praktfulle instrumentet tømd for lyd.

Asheim praktiserar ei lytte-evne ein skulle ynskje fleire organistar hadde parat. Dette er noko anna enn å utelukka bladlese salmar med kjeisam monoton dynamikk. Difor bør ein skråle ut eit hurra for Asheim. Eller eit halleluja – sidan me er i kyrkja. Orgelimproet hans er heilt loppa for klisjear – slik alt trad-orgel-imrpo er overfyld av. Det er også fordi tradisjonelle orgel-improstudium er basert på klassisk barokke vendingar. Asheim sitt foredrag er tømd for slikt og fyld opp med ei eksperimentell instrumentering.

Dette fornyar – nett på same måte som Nystedt fornya for ein del år attende: på ein heilt annan og meir tradisjonell måte. Difor vart dei vidopne måpande augo til Nystedt ein bonus under denne konserten. Og ikkje minst eit uttrykk for eit paradigmeskifte i norsk orgelkultur.

Ledige stillinger

Diverre var det ein store skuffande oppleving denne laurdagen. Det var konserten i Tränenpalast om kvelden. Då skulle berre nesten-rein-elektroakustisk musikk (om ein ser gitar-solo som elektroakustisk instrument). Noise-kongen vår, Lasse Marhaug var også invitert. Han skulle bli framførd for fyrste gong offisielt i ein slik «seriøs» samanheng.

Dette kunne ha funka som ei bombe – viss det hadde blitt kjøyrd på hans premiss.

Når han speler konsertar blir det ein direkte kroppsleg oppleving pga vibrerande volum. Eit must er difor å servere øyreproppar til dei som treng det. Her er det naudsynt med lydfolk som er opne for Marhaug sine premiss – ikkje sarte klassiskorienterte. Dårlegare har eg difor aldri høyrd Marhaug før – og med respekt for komponisten er det
respektlaust.

Ein bør beklage. Enkelt og greitt. Det er ikkje utan grunn Marhaug blir kalla noise-kongen vår – noko det stod så lekkert om i programmet. Då spør eg meg kvifor volum og lyd var som ein dårleg dansebandgalla på Sotra eller Flisa.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Hitlerørn, Magma

Morse: Dekoding og avlytting

To-tre steinkast frå stadane Magmafestivalen er ei anna tysk soge manifestert. Ordet arkeologi får faktisk ein rar og samtidshistorisk klang...

Autechre

Autechre – Arkitektur og Elektronika

NoTAM har gjennom hele året holdt regelmessige, åpne kvelder om temaer knyttet til elektronisk kunst. Onsdag 27. november skal komponist...

Oslofilharmonien i Berlin (Magma 2002)

Valen i Berlin – ein mental referanse

Femti år etter at han døydde i Valevåg har ein spelt eit betydeleg orkesterverk av Fartein Valen i hans andelege...

Cikada Quartet

Kammerteknikk med Cikadakvartetten

– I går var det på ny duka for konsert med Cikada Chamber – og endå fleire kjende si besøkelsestid...

Berlinerfilharmoniens storband

Ballongar og disige avenyar

Mørket og tåka prega Berlin under opningen av Magma – i seg sjølv eit fint syn, med lange disige avenyar...

Konserthuset i Berlin

Royalfotogén opnings-tone

Eit apropos – eller kanskje mal-apropos var at eg sjeldan har sett så mange TV-team og fotografar på ein samtidsmusikkonsert...

Flere saker

Daniel Ek

Spotify: Ett nytt spor lastes opp hvert sekund

Nesten. Nye tall fra Spotify viser hvordan plattformen vokser i volum, og hvordan den digitale musikkstrømmen eskalerer, med 60 000...

Karoline Krüger

Nytt stipend for musikkdramatikk

NOPA utlyser stipend til utvikling av musikkdramatiske pilotprosjekter.

Programleder Asbjørn Slettemark – Lydverket

Lydverket: Et talerør for god musikk

Ny masteroppgave forsøker å forklare hva slags musikkritikk man mistet da musikkprogrammet Lydverket på NRK ble lagt ned i 2012.