Hopp til innhald

Morse: Dekoding og avlytting

To-tre steinkast frå stadane Magmafestivalen er ei anna tysk soge manifestert. Ordet arkeologi får faktisk ein rar og samtidshistorisk klang her : Gestapo hadde sitt hovudkvarter her i det tredje riket. Og no ligg ruinane nyutgravne og opne for publikum – som eit object of terror. Herfrå vart okkupasjonsråskapen i Noreg også dirigert – m.a. ved hjelp av morse.

Av Nicholas H. Møllerhaug, Magmafestivalen, Berlin

Igår kveld spelte Oslo Sinfonietta konsert nett desse steinkasta frå terroren. Dei presenterte eit godt og innhaldsrikt program med m.a. musikk av Karsten Fundal, Hans Abrahamsen, Jon Øivind Ness og Eivind Buene. Og særleg Buene spelte opp mot nett dèt sentimentet som så veldokumentert ligg utstilt i desse nyleg utgravne ruinane. ‘Objects of Desire’ er nesten ein klassikar – kor fender rhodes’en klang som ein intens morseapparat. Iallfall for ein autoprogrammatisk lyttar vart Christian Wallumrød sitt keyboard klingande som hole morsesignal. Særleg over det lekre spelet til Oslo Sinfonietta.

Nett morsesignala og ikkje minst dekoding og avlytting har vore eit heilag språk i regima i førre hundreår. Ikkje berre som del av infrastrukturen i gestaporegimet. Også som ein del av elegien synonym med Berlin under den kalde krigen. I dei førti åra etter 2ndre Verdskrigen var morse eit viktig kommunikasjonsmiddel. Berlin var ein by utan telefonlinjer mellom Aust- og Vestkanten. Då ein først fekk opna linjer på syttitalet fekk ein berre ha fem. Det er ikkje så mange.

Delinga mellom aust og vest-berlin gjorde at dei menneskelege banda blei prøvd ut på ein hard måte. Ein stad ein idag kan sjå korleis menneskelege band haldt trass diktaturet var ‘Tränenpalast’. Det er ein annan venue Magmafestivalen isceneset til seine kveldskonsertar. Det var der Sidsel Endresen framførde Rolf Wallin sitt verk for elektroakustikk og stemme, «Lautleben», igår. Tränenpalast betyr omtrent tårehuset (utan tysk ordbok på pulten), og var ein stad folk frå aust kunne møte kjende frå vest – difor namnet og tårene.

Eivind Buene sitt verk «Objects of Desire» blei allikevel motto igår for nett desse spora i Berlinsk historie. Trass i at herr komponist og utøvarar kanskje syns dette er ein lettvint programmatisk analyse. Det er ikkje meininga – men, kjensla i verket kan ein kommentere slik. Nett i går – etter å ha rett før konserten vitja gestapohuset og Stasi-relikviene – blei konserten for Fender Rhodes og sinfonietta eit sært motto. Det vart like mykje ein konsert for morseapparat med patos og godt storband. Særleg partia med enkelt-tone-dronane i varierande speed er som eit pointilistisk reisverk. Då er som Buene sendermeldingar som må ha gjort vondt for å Erich Honecker å høyre. For oss i salen gjorde det derimot godt.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Gunda Djupvik

Glødende samtidsmusikk-møte i Berlin

I november inntar nordiske komponister Berlin med ni dager fylt med samtidsmusikk, nordisk kulturhistorie og sirkus. Berlin har i de...

Nordiske Komponister – gruppebilde fra

MAGMA 2002 – med blikket mot Europa

MAGMA 2002 er en ny variant av Nordiske Musikkdager, som med sine 114 år er det eldste eksisterende nordiske samarbeidstiltak...

Manuskript

Signal om nordisk alkymi

«Som eit alkymistisk manuskript frå dei skjulte gemakkene i eit avsidesliggjande nederlandsk kloster. «Det er eit før-første-inntrykk Ballade sin utsending...

Konserthuset i Berlin

Royalfotogén opnings-tone

Eit apropos – eller kanskje mal-apropos var at eg sjeldan har sett så mange TV-team og fotografar på ein samtidsmusikkonsert...

Berlinerfilharmoniens storband

Ballongar og disige avenyar

Mørket og tåka prega Berlin under opningen av Magma – i seg sjølv eit fint syn, med lange disige avenyar...

Cikada Quartet

Kammerteknikk med Cikadakvartetten

– I går var det på ny duka for konsert med Cikada Chamber – og endå fleire kjende si besøkelsestid...

Flere saker

Britz med band på Bylarm 2023.

Bylarm 2023: Norsk-ghanesisk rap og fullt band med Britz

Vi anmelder håpet fra Haugenstua, rapper/artist Britz var blant de første showcaseartistene på årets Bylarm.

Kultur og likestillingsminister Trine Skei Grande

Livet i lyden – lytt til Canada

Kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande bør se utover Norges grenser for inspirasjon når nye virkemidler for musikkbransjen skal utvikles,...

Rockheim er et kulturelt knutepunkt for norsk populærmusikk. Nå søker de musikkfans i utviklingen av ny utstilling.

Lager utstilling om fansen

Har du vært fan av norsk pop- eller rockmusikk? Nå kan ditt minne bli en del av Rockheim, som samler...