konsert 27mai

Pål Viset: Ja til eit NMR som fremjer medlemmane sine interesser

Meir demokrati, betre ressursnytting og eit NMR som arbeider gjennom sine medlemmar, ikkje ved sidan av dei - slik klårgjer president Pål Viset i Norges Korforbund sitt syn framfor landsmøtet i paraplyorganisasjonen NMR 1.- 3. juni.

Politikk & debatt

Med bakgrunn i ulike påstandar, informasjonar (riktige/uriktige), «saksinnlegg» og skuldingar overfor Norges Korforbund og presidenten spesielt, om bevisst feilinformasjon, vil eg gjerne tilkjennegi følgjande til NMRs Landsmøtesak 7.

1. Føresetnader
Eg føreset at alle som har delteke i «debatten» så langt er inngåande kjent med det naudsynte bakgrunnsmaterialet i saka, som eg lister opp her:

Om Norsk musikkråd
— som studieforbund, jf.

* Lov om voksenopplæring §§ 10, 19, 21, 22

* Forskrift gitt i medhold av VO-loven §§10, 19, 22

* KUF-Rundskriv F-003-99 Vilkår for tilskudd til voksenopplæring i studieforbundene.

* Norsk musikkråd – Vedtekter § 1 – 1.ledd

— som kulturelt samarbeidsorgan, jf
* Norsk musikkråd – Vedtekter § 1, 2.ledd

Om Norges Korforbund
* landsomfattande musikkorganisasjon med medlemsskap i Norsk musikkråd

* tilskuddsberettiga etter VO-loven og NMRs vedtekter § 2.1

2 Landsmøtesak 7b – 2001: Demokrati og ressursforvaltning i NMR
Felles saksframlegg til Norsk Musikkråds landsmøte 2001 frå Norges Korforbund og Norges Musikkorps Forbund vart oversendt til NMR 27. januar 2001, i god tid innan fristen. Vårt felles saksframlegg vart samstundes lagt ut på vår portal og sendt til våre 36 distriktsledd til informasjon.

Dette dokumentet gir til kjenne desse to medlemsorganisasjonane sine syn på den funksjonen NMR skal ha, og på medlemsorganisasjonane sine rettar innan paraplyorganisasjonen.

Eg reknar med at alle som er inne i debatten har lest dette saksframlegget grundig.
Vi har alle full rett til å vere samde eller usamde i dei meiningane som står i framlegget, for det er slik demokratiet skal vere og fungere.

Det vi ikkje visste da saksframlegget blei presentert, var at Norsk musikkråd sentralt, ved administrasjon og styre, samstundes arbeidde med ei «kursendring» (B-sak) (jf. L-SAK 7a – Innledning) av NMR som organisasjon, og med målsetting å få denne kursendringa vedteken ved landsmøtet 1.- 3.juni i år.

Denne kursendringa vart offentleggjort medio februar 2001, ved dokumentet «VEIVALG 2001 – NMR SOM ÅPENT STUDIEFORBUND»

Medlemsorganisasjonane er ikkje blitt tekne med i utgreiingsprosessen av denne saka, sjølv om ei slik kursendring kan ha omfattande konsekvensar. Saka er utarbeidd av NMR-administrasjonen, og har fått tilslutning av eit fleirtal i styret.

Dokumentet vart offentleggjort utan at der låg føre økonomiske analyser og budsjettmessige føringar. Heller ikkje var det utgreidd strategiar og planar om korleis musikkopplæringa i medlemsorganisasjonane skulle ivaretakast og utviklast vidare. Dette vart heller ikkje gjort greie for i dei informasjonsmøta NMR hadde med NK og NMF 6. mars i år.

Ei konsekvensanalyse av kursendringa mangla, både med omsyn til NMR som paraplyorganisasjon, og verknadene for medlemsorganisasjonane.

3 Demokrati og medlemskap i NMR
Norsk musikkråd er etter vedtektene «musikkorganisasjonenes studieforbund» og «et kulturelt samarbeidsorgan for landsomfattende musikkorganisasjoner» (Jf. Vedtektene § 1) for dei musikkorganisasjonane som til ei kvar tid finn utbytte av å vere medlem i denne.

Definisjonen av medlem i NMR har i alle år vore landsomfattande musikkorganisasjonar i landet, store som små (Jf. NMRs Vedtekter § 2.1).

I ein demokratisk styringsstruktur, er det såleis medlemmene, som ved sine valde representantar (Jf. Forskrift gitt i medhold av § 10 – VO-loven) skal utgjere organisasjonen sitt høgste styrande organ, landsmøtet. Etter dette, og i samsvar med vedtektene § 2.1, vil det såleis ikkje vere rett at fylkesavdelingane av NMR har status som delegatar og stemmerett ved landsmøtet i NMR.

Norges Korforbund representerer pr. 31.12.2000 35.043 individ, og dette utgjer 19,7 % av individmassen i NMR. Norges Musikkorps Forbund har 67.758 individ, noko som utgjer 38,1 %. Til saman utgjer desse to medlemsorganisasjonane 57,8 % av individmassen i NMR.

Ved landsmøtet 1999, hadde desse to organisasjonane til saman 14 delegatar, medan styret i NMR og fylkesrepresentantane utgjorde til saman 26 delegatar. Er dette demokrati ?

4 Økonomi
Det har i debatten versert ulike tal i samband med studieaktiviteten (VO-midlane) i NMR, og forvaltninga av desse.

VO-midlane er statlege midlar (frå KUF) som NMR som studieforbund har fått rett til å forvalte på vegne av departementet, slik at dei studieberettiga organisasjonane (og deira lag) som er medlemmer i NMR, får tilskot til i samsvar med den retten dei har etter VO-lova.

Norsk Musikkråd sin statistikk for år 2000, viser desse timetala:

Heile NMR 457.269 (100,0 %)
Norges Korforbund 128.255 (28,1 %)
NMF 222.026 (48,5 %)

Til saman har NMF og NK 76,6 % av studieaktiviteten i NMR.

For å forvalte VO- tilskotet fekk NMR i 2000 overført frå KUF eit administrasjonstilskot på 9.940.000 kroner. I tillegg kravde NMR 11 % i behandlingsgebyr av tilskottet til det enkelte lag, i 2000 til saman kr 3.248.586. I sum har såleis NMR nytta kr 13.188.586 kr å forvalte vaksenopplæringa.

Vi i NK og NMF meiner at behandlingsgebyret er midlar som det enkelte lag (orkester, gruppe, kor, korps. osb.) sårt treng i sitt opplæringsarbeid, og at NMR må avstå frå å krevje dette som eit ytterlegare tilskot til sitt forvaltning av VO-arbeid.

Når det vert fokusert på at dette vil radere bort fylkesledda, må vi få spørje kvar det vert av dei midlane NMR får direkte frå KUF (kr 9.940.000) for nettopp å utøve denne forvaltninga.

Det er få, eller ingen som i kritikken av våre forslag har nemnt desse midlane, og det er også ein form for feilinformasjon !

5 «Åpent studieforbund»
Dette begrepet kan innehalde både positive og negative konsekvensar. Dokumentet «NMR som åpent studieforbund» er

— sterkt retta mot grupper/individ utanfor medlemsorganisasjonane (uorganiserte – jf. Veivalg 2001 s.9)

— kritisk til «sjølpålagte restriksjoner hva angår tilbud til egenorganiserte grupper/ensembler» (Veivalg 2001, s.4)

— fremjer forslag om å setje av inntil «10 % av det samlete opplæringstilskuddet fra staten pr. år i landsmøteperioden» (Jf. L-sak 7a-2.1), (dvs. inntil ca. 3.1 mill kr)

I dette ser vi klåre faresignal for at dei einskilde sjangerorganisasjonane vert svekka gjennom

1) mindre økonomisk støtte til direkte studiearbeid i medlemsorganisasjonane (lag/grupper). Vi har klåre erfaringar med at kvalitet i opplæring er avhengig av økonomisk ryggrad i tiltaket, og dette gjeld ikkje minst i dei einskilde laga som i realiteten utøver opplæringa.

2) ved at enkeltlag/-grupper vil kunne få VO-midlar gjennom «lokalt medlemsskap» i NMR, (Jf. L-sak 7e/99). Dette vil medføre direkte konkurranseforhold mellom NMR som paraplyorganisasjon og sjangerorganisasjonene som er medlem i NMR.

3) ved at NMR vil utvikle seg i retning av ein kompleks og «altomfattande» organisasjon (Jf. Veivalg 2001 s. 2 og s.7/8). Vi spør oss om det verkeleg er tenleg for medlemsorganisasjonane at NMR i framtida kanskje vil engasjere seg i kompetansereforma (vidaregåande opplæring, opplæring i arbeidslivet osv.) og i andre kulturuttrykk enn musikk. (Jf. Veivalg 2001 s. 7/8)

6 Til slutt
Vi vonar at ein del av dei momenta som er nemnt ovanfor, er noko avklarande omkring situasjonen Norges Korforbund er i når det gjeld vidareutvikling i paraplyorganisasjonen Norsk musikkråd.

Det er vår klåre målsetting med det arbeidet vi gjer, både dei sentralt tillitsvalde og administrasjonen i Norges Korforbund, at kvart kor i vår organisasjon skal få betre tilbod og betre rammevilkår i dei ulike utviklings- og aktivitetsområda.

Pål Viset
President
Norges Korforbund

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Flere saker
Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

Mitt hittil ærligste forsøk på å være et ansvarsbevisst menneske

I en tid der demokratiet står på spill får begrepet skyldfølelse renessanse.

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Ballade jazz: Å bryte og bygge vaner

Dette er platene du pakkar med deg i lag med krimromanen, kvikklunsjen og appelsina.

Nyhet! Ballades festivalguide

Nyhet! Ballades festivalguide

Vi lanserer Ballades festivalguide, som vil samle musikkfestivaler over hele landet, gjennom hele året.

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Oppspark til årets Inferno: Gjenhør med debatt om hatytringer i black metal

Ballade radio: Varm opp til metalfestivalen med den heite debatten om hatytringer i black metal fra fjorårets festival, med et sterkt internasjonalt panel.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

POSTKORT FRA JAPAN: – Individet er ikke verdt en jævla dritt. Og dét har japanerne skjønt.

Spellemannsnominerte Why Kai dro på turné til Japan, og fikk både nye fans og eksistensiell angst.

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Mørk kveldssang med Michael Krohn

Nylig ble det kjent at Michael Krohn legger opp som vokalist på grunn av sykdom. Her er hans siste nachspiel som sanger.

Se alle saker
Konserttips Oslo

Serier
Video
Radio