
50 år med norsk jazz – på 250 sider
Med The Sound of the North oppsummerer italienske Luca Vitali det aller meste av det viktigaste innanfor norsk jazz. Men han gjer oss ikkje naudsynleg klokare.
Saman med andre entusiastar som britiske Fiona Talkington og canadiske John Kelman, er italienaren Luca Vitali ein del av ei lita gruppe utanlandske journalistar som brukar ein heil del av si tid i Noreg og som generøst promoterer norsk jazz internasjonalt.
Lovorda sit som regel laust, og all den tid dei unekteleg bidreg til å bygge opp myta om kjølig og snødekt «fjelljazz» – trass i at det er eit lite dekkande og nesten stigmatiserande omgrep som har blitt eit slags skjellsord her til lands – har alle vi som bryr oss om norsk jazz stor grunn til å syne takksemd.
Potensial for nye perspektiv
Vitali gav ut boka Il Souno el Nord på sitt morsmål i fjor, og i år kom den engelske omsetjinga, The Sound of the North – Norway and the European Jazz Scene. Ein slik tittel legg ikkje akkurat ein dempar på den geografiske og naturorienterte skildringa av jazzmusikken som kjem herifrå, og frykta for nok ei ukritisk hyllest kjem raskt etter.
Men at nokon andre enn ein nordmann tek på seg den noko ambisiøse oppgåve med å skildre og oppsummere alt som har skjedd på den norske jazzscena sidan 60-talet kan føre mykje godt med seg. Det gir potensielt auka legitimitet til historia som blir fortalt internasjonalt, og er også eit bidrag som kan hjelpe norske jazzkjennarar med nye perspektiv for å forstå vår eiga historie.
Får med det meste
Så er spørsmålet kor vidt Vitalis arbeid bidreg eigentleg til nettopp dette. Det aller første som bør seiast er at Vitali har gjort eit grundig stykke arbeid med å innhente informasjon og orientere seg i det norske jazzlandskapet og historia dei siste 50-60 åra.
Han startar der norsk jazz’ internasjonale eventyr byrja for alvor, med George Russell sin ankomst til Skandinavia på 60-talet og framveksten av det som framleis er nokre av våre aller største namn, Arild Andersen, Terje Rypdal, Jon Christensen og sjølvsagt Jan Garbarek.
Etter dette er det svært få som kan hevde seg gløymt. På den eine sida har han hugsa alle dei openbare namna som Bugge Wesseltoft, Radka Toneff, Nils Petter Molvær, Jon Balke og Sidsel Endresen, og ikkje minst scener og festivalar som Club 7, Blå, Kongsberg- og Moldejazz og Punktfestivalen.
I tillegg har han også fått med dei fleste andre som tidvis enten har vore meir på sida av hovudstraumane i jazzen, eller i mindre grad har blitt fremja som hovudrepresentantar for norsk jazz internasjonalt. Då tenkjer eg på namn som frijazzgudfar Frode Gjerstad, superhybridgruppa Jaga Jazzist, dirigent (og mykje anna) Christian Eggen og plateselskapet Kirkelig Kulturverksted.
Denne grundige oppsummeringa av alt det vesentlege som har skjedd sidan 60-talet er imponerande i omfang – over relativt få boksider, men mindre imponerande når det kjem til perspektiv og refleksjon.
Mangelfull refleksjon
Denne grundige oppsummeringa av alt det vesentlege som har skjedd sidan 60-talet er imponerande i omfang – over relativt få boksider, men mindre imponerande når det kjem til perspektiv og refleksjon.
Det seier seg kanskje sjølv at der blir lite plass for kritisk refleksjon når så mykje skal med på så lite plass. Rett nok prøver Vitali seg gjennom å presentere ulike innfallsvinklar, slik som at motstanden mot det noko stigmatiserande «nordiske» også vert nemnt i kapitlet «Much more than «Nordic tone»».
Vidare unngår han til dels den eksotiske innfallsvinkelen gjennom å få fram breidda av retningar og uttrykk, i tillegg til å med rette peike på alle impulsane som har blitt henta utanfrå, anten det er frå aktørar som nemnte George Russell, ECM-grunnleggar Manfred Eicher, Frode Gjerstads mentor John Stevens eller trompetisten Jon Hassel (som har vore svært viktig for Nils Petter Molvær og Arve Henriksen). For utanforståande er dette viktig for å få eit visst bilete av korleis ting heng saman.
Men Vitali gjer lite for å fortelje noko meir enn at alt dette har skjedd og, som han nemner gjentekne gangar om det aller meste som har gått føre seg her til lands, at det er unikt og fantastisk.
Uklart format
Ein vaken lesar kan kanskje sjølv gjere seg refleksjonar og trekke linjer medan han eller ho les Vitalis bok, då alt materialet er her, frå utanlandske impulsar til sentrale utdanningsinstitusjonar og generøse støtteordningar. Problemet er berre at Vitali i for liten grad freistar å gje noko overordna perspektiv og forklare samanhengane, og ikkje minst problematisere alt dette.
Der Vitali først trekker inn eit europeisk perspektiv ser han den norske tyngda på jazzfeltet som eit utelukkande positivt bidrag til europeisk jazz. I same andedraget ville det vere naturleg å stille spørsmål om vi ikkje bidreg til å køyre over vel så dyktige jazzmusikarar frå andre land der våre musikarar vert globetrottarar gjennom oljesmurte støtteordningar. Ein italienar burde vel sakne rettferdig konkurranse for musikarane heimafrå?
Som eit motargument her kan ein kanskje seie at dette ikkje er den retninga Vitali freistar å ta oss med i si bok, men i så fall er formatet alt for uklart. Boka er verken konsekvent kronologisk eller oversikteleg tematisk organisert. Første halvdel er rett nok eit forsøk på noko kronologisk («(…) from Garbarek to the new millenium»), men i det andre halvdel, der han påstår å skulle skildre samtida, hoppar han plutseleg tilbake og nemner folk som like godt kunne vore tatt med i den første halvdelen.
Kan likevel tilrådast
Slik boka til Vitali har blitt, med eit vell av oppramsingar av sentrale hendingar, institusjonar og namn, kunne den like godt vore ein kronologisk, leksikon-aktig, guide til den norske jazzscena. På den måten hadde ikkje kjensla av mangel på kritisk refleksjon vore like sterk. No er den ein mellomting som anten burde hatt meir plass til reflekterande tekst, eller vore meir oversikteleg organisert.
Likevel kan boka tilrådast til norske lesarar, fordi den er eit unikt dokument nettopp på den måten at den har samla alle desse namna og institusjonane mellom to permar. For å ikkje bli alt for svimmel lyt ein kanskje ha ganske god kjennskap til dei fleste namna frå før – men jazzen har alltid hatt det fint som eit felt for særskild interesserte.
The Sound of The North, Auditorium 2015.
Red: Fiona Talkington.
Original: Il Suono del Nord, Auditorium 2014.