I desse dagar feirar Jan Erik Vold 75 år. Det blir markert med konsertar, bok og CD-boks. Boka Vold’s Voice gjev ei komplett samling av Volds oppleste dikt, medan CD-boksen ta VARE er ei meir utplukka samling av høgdepunkt frå hans lange karriere på scenen med jazzmusikarar. Fredag kveld startar ein Noregsturné med mellom anna Egil Kapstad, der Nasjonal jazzscene er første konsertstad i rekkja.
Før det brakar laust snakka eg på telefon med landets einaste jazzpoet, medan han framleis budde seg heime i Stockholm. Andre kan ta seg av litteraturen: eg vil vite litt om Vold og forholdet han har til jazzen.
Eigne estetiske spelereglar
Og ikkje minst om korleis det er å lytte til sine eigne innspelingar. Vold har vore svært involvert i å komponere fram samansetjinga i samleboksen ta VARE, som er delt mellom det han sjølv kallar «Volds vanlege dikt, Volds politiske dikt og Volds gjendiktingar og introduksjonar». I den prosessen har han for første gang lytta til innspelingane og plukka eit rikt utval frå samarbeidet med jazzmusikarar som Jan Garbarek, Arild Andersen og Egil Kapstad, for å nemne nokre.
– Eg vil anslå at det kan vere om lag 30-40 prosent av det eg har spelt inn som er med, seier Vold.
Kriteria har vore basert på kva som læt best, fortel han, og dette har gått framfor til dømes den litterære kvaliteten. Blandinga av jazzmusikk og poesi skapar sine eigne spelereglar for kva som er bra nok til å komme med på ei slik samling, meiner poeten.
– Det må vere sjølve lydbiletet. At det har blitt vellukka. Det er jo ein eigen sjanger dette, å blande jazz og poesi, og då kan ein komme unna med dikt som ikkje er heilt geniale, men der musikken gir noko som er, tja, overraskande. For meg då. Og då har kanskje andre glede av det også.
Gledelige overraskingar
Gjennomlyttinga har ført til fine gjensyn. Mellom anna lika Vold godt å høyre att «Ola Glomstulens klagesang», som er eit av hans politiske dikt.
– Der brukar eg den gamle Les Brown-låta «Sentimental Journey», som er ei litt corny låt, men søt i og for seg, seier han og kjem med ei ikkje lite sjarmerande framføring av den passe sleske melodien gjennom telefonen.
– Det er litt banale politiske resonnement der, men det er godt humør på heile sporet, så den songen måtte med. Poesien er ikkje udødeleg og melodien er heller ikkje udødeleg, men blandinga av desse var ei gledeleg overrasking, og det har skapt ei ny eining som eg gjerne står for, slår han fast.
ta VARE påkva då?
«ta VARE» er eit av Vold sine mest kjente dikt. Koplinga med biletet påframsida, «Egget» av Per Kleiva, understrekar bodskapen dette.
– «Egget» og «Dråpen» av Per Kleiva var dei første kunstverka eg kjøpte, i 1968. «Egget» gjer seg godt på den kvadratiske framsida av ei CD-boks, synast eg, og eg tenkte «egg», og den gravide magen som også synast der, det er noko å ta vare på. Ta vare på egget inni der. Ta vare på dei tinga som er fine. Livet blir meir stusseleg om vi ikkje tek vare på gleda og kvarandre, meiner jazzpoeten.
Lovord om Kapstad
Men ta VARE er kanskje først og fremst eit dikt om vennskap? Jan Erik Vold går langt tilbake med både Per Kleiva og ikkje minst sin mangeårige musikalske partnar Egil Kapstad, som han har kjent sidan dei svømde saman på Bislett bad i gymnasdagane. Frå 1986 til 1998 gav dei ut ei ny plate annakvart år. Så blei det pause før Drømmemakeren kom i 2008, men heile vegen fram til dag har dei to gjort utallige konsertar saman.
– «Kappa» har ein enorm komposisjonsevne og musikalitet. Den heilskapen som musikken hans skapar er fabelaktig, seier Vold.
– Å stå på scena tre meter fra Egil Kapstad og høyre han legge ned dei lekre klangane er eit privilegium av ei anna verd. Eller av denne verden, då. Hehe. Nei, eg elskar jo denne musikken! Eg blir fylt av ein indre fryd når eg høyrer kor vakkert medmusikantane mine spelar.
– Eg er ingen musikar
Når han skal vurdere sin eigen prestasjon er diktaren meir beskjeden.
– Eg veit jo omtrent når eg skal inn i lydbiletet og slike ting, og då er det berre å sette utfor. Men eg er jo ingen musikar, eg må vere ærlig og seie det. Eg har inga utdanning der. Men når eg først står der saman med Kapstad og andre gode musikantar, då er eg midt oppi det. Det er som å gå på ski: «no skal vi fram til Kikut, og så skal vi stå ned bakken her og prøve å ikkje dette med ein gang».
– Eg er ikkje jazzmusikar, men eg er jazzdiggar. Då vi hadde gjett på jazz før i tida, var eg ikkje den beste, men eg kunne høyre forskjell på Wardel Gray og Dexter Gordon, brukar eg å seie.

Ein må leggje til rett for at «det store» skal kunne skje, meiner både Jan Erik Vold og Jan Garbarek. Foto: Terje Mosnes (Foto: Terje Mosnes)
Magiske hendingar
Som dei fleste jazzmusikarar er Vold oppteken av at ingen konsertar er like.
– I boka som følgjer med ta VARE siterer du Garbarek, som ein gang sa at ein må legge til rette for at «det store» skal kunne skje?
– Ein gang i blant, ja. Det merkar vi sjølv det, at no er det noko magisk som skjer. Når det av og til dukkar opp noko som ikkje var der førre gang. Då vert vi oppglødde. Då kjenner vi at «å, dette swingar!».
Då Garbarek spelte blues
Ei av dei mest minneverdige blant slike magiske hendingar hugsa han i utgangspunktet ikkje sjølv, men fekk ei påminning av Arild Andersen nokre år tilbake.
– Tidleg på 70-talet spelte Arild og eg med Garbarek og den finske trommeslagaren Edvard Vesala på nokre skulekonsertar i Oslo-området. Det var veldig laust strukturert. Eg hadde bordet fullt av bøker og diktsamlingar og kunne byrje kvar som helst, forklarar han.
Så skjedde det magiske. Vold byrja med å lese dette vesle diktet:
Svarttrosten
fuglenes Lester Young
– Då sette Jan i gang og spelte blues i eit kvarter! Jan spelar ikkje mykje blues, det er ikkje hans form, men han kan det jo, fortel Vold.
– Men denne gongen blei han altså inspirert og sette i gang. Og alle tenorsaksofonistar kjenner Lester Young, men det er ikkje Jans idiom. «Då skulle nokon vore der med bandoptakar», sa Arild den gangen. Det er sånn musikk som oppstår, men så kjem den aldri igjen, seier Vold.
Avslører guttedraumar
Når Vold fyller 75 år er det ikkje godt å seie kva meir han kan oppnå med karrieren. Til dømes er Blåmann! Blåmann! med Kapstad og Chet Baker ei av dei aller mest selde norske jazzplater.
– Eg kan ikkje bli meir berømt i Noreg enn eg allereie er ved å gjere enda ein konsert. Då måtte det skjedd eit under. Det med Chet Baker var jo i og for seg eit under.
Han kan avsløre at han har forsøkt å skape tilsvarande prosjekt også seinare.
– For femten år sidan skreiv eg til Jim Hall og fekk veldig hyggeleg svar. Men eg las og las og blei overraska over at svaret likevel var negativt, då det ikkje passa for han. Han skulle eg gjerne gjort ei skive med, innrømmer han. – Det er jo på ein måte gitarjazzens Chet Baker.
– Så du har framleis draumar?
– Ja. Nå har jo han gått bort. Men det er klart at viss ein kunne gjort ei skive med Sonny Rollins så hadde det vore fabelaktig! Viss nokon ville kople det, så blir eg med. Jøye meg!
Avsluttingstrall
Og medan vi er inne på Sonny Rollins vil Jan Erik Vold avslutte med ein trall for å feire den kjærleiken som både han og Sonny Rollin har for corny melodiar.
– Eg høyrte Rollins i Stockholm for eit par-tre år sidan. Seks låtar, tjue minutt på kvar låt. Nei, det var flott, altså! Og då spelte han ein Hank Williams-melodi som eg hugsar godt frå femtitalet.
Og så stemmer Noregs største jazzpoet over telefonen frå Stockholm: «If you looooved me half as much as i love youuu!»
Skal du høyre Jan Erik Vold i løpet av Noregs-turneen den neste veka bør du bestille «Half as much» som ekstranummer.
Jan Erik Vold fyller 75 år laurdag 18. oktober. I kveld feirar han på Nasjonal Jazzscene i Oslo før han turnerer til mellom anna Bergen og Stavanger.