Hopp til innhald

Glødande strenger

Heilt frå tittelen på tingingsverket Glødetrådar har Nils Økland gjeve meldarane ei gåvepakke av potensielle metaforar, skriv Maja Skanding.

Varmen og surringa frå glødetrådane, glødelampa som symbol for idérikedom, kontrasten mellom gamaldagse ljospærer og kalde LED-lamper, over- og understrenger – kvar skal ein byrja, overvelda av symbolikk?
Eg vil byrja i det konkrete. Under taket på scena i Vossasalen heng glødelamper i ulike storleikar. Stemninga er for lengst dirrande av forventing når Økland kjem på scena. Han er ønskt varmt velkomen; det gløder i salen, både i bokstaveleg og overført tyding.
Økland og bandet hans innleier lågmælt og varsamt, med luftige og overtonebaserte klangar, som gradvis veks og vert fortetta. Teknikken til Økland sluttar aldri å gjera inntrykk på meg. Ikkje ofte får ein oppleva at utøvaren har slik kontroll på bogen, at han speler så mjukt og med så få bi-ljodar i stroka. Til og med når spelet vert meir intensivt, ja riktig harvande, synest eventuelle skrapeljodar alltid kontrollerte – dei er ein ynskt klangeffekt. Kan henda ein kan forklara denne klangbreidda med sjangerbreidda til Økland: Han høyrer som kjent heime både i folkemusikken, jazzen og den klassiske tradisjonen. Sjølv ytrar han eit ønske med musikken sin om å skapa ein hybrid mellom poesien i folkemusikken og energien i pønken.

Nils Økland. Tingingsverket.  Foto: Odin Drønen / Vossajazz

Understrengene i bandet
Etter kvart som hardingfelespelet veks i styrke, etablerer dei to slagverkarane ein jamn puls, medan dei andre instrumenta vert meir perkussive: Bassisten og gitaristen slår på instrumentkroppane, saksofonisten slår på klaffane og organisten kjem med korte, hamrande akkordutbrot.
Her vert det etablert eit underlag for heile resten av verket: Den jamne pulsen kjem til å bli liggjande der, slaga finst alltid hjå eit eller anna av instrumenta, om enn berre visuelt: Medan ljoden vert tona ned og bandet vev eit mørkt, bivrande lag av klangar, slår gitaristen heile tida ljodlaust og forsiktig på instrumenthalsen. Ljoden er svakare, men intensiteten held seg like sterk, både på scena og i salen. Me kjenner alle pulseringa som noko organisk no, endå Økland er attende i dei luftige, prøvande tonane.

Den jamne pulsen kjem til å bli liggjande der, slaga finst alltid hjå eit eller anna av instrumenta, om enn berre visuelt

Leietråder
Eg hadde ynskt at Økland ikkje avbraut stemninga med snakk undervegs i verket. Trass i at han har delt komposisjonen sin inn i låtar, hadde nok opplevinga for publikum vorte sterkare om me fekk oppleva låtane i samanheng, utan anna enn dei naudsynte opphalda for å stemma fela. Når Økland sjølv set merkelappar på musikken idet han annonserer ”kveldens største kontrast”, frå ”rockete trollstilt låt” til ”Vålerenga-shanti”, avgrensar han opplevinga mi av den sjangeroverskridande heilskapen. Litt av tingingsverk-magien forsvinn.
I shanti-låten speler Økland på viola d’amore, og uttrykket vert meir lyrisk enn tidlegare. På eit tidspunkt syng alle bandmedlemmane på da-i-då i god folkemusikkstil, før dei brått aukar i tempo og syner moglegheitene for støy i instrumenta sine. Lovnaden om pønk vert innfridd, men slåtten finst heile tida i bakgrunnen – som ein glødande varm tone.

Glødetråder. Foto: Runhild Heggem / Vossajazz

Låten Blankt vatn vert ei hylling til fela: Rolf-Erik Nystrøm speler på to saksofonar samstundes, nett som hardingfela har to sett strenger. Håkon Stene speler med to bogar på dei ulike slagverkinstrumentane sine. På bassen speler Mats Eilertsen mjuke tonar som ligg høgre enn Økland si felestemme. Trompeten til Torbjørn Økland læt nesten som ei fele når dei kornete tonane vert utforska. Det er som om alle instrumenta er med på å dyrka bogeklangen til den audmjuke, men tydelege hovudpersonen. Heile bandet speler på hans strenger.

Det skal godt gjerast å ikkje verta overvelda av kor godt samspelet er

Musikken veks i omfang og styrke att, pulsen vert meir tydeleg og bandet kastar seg ut i ville improvisasjonar. Ljospærene blenkjer rytmisk over dei, overalt på scena er det små musikalske utbrot. Det skal godt gjerast å ikkje verta overvelda av kor godt samspelet er: Musikarane overtek på naturleg vis leietrådane til kvarandre, og uansett kor improvisasjonsbasert materialet måtte vera, vert ingen lause trådar hengjande att i temaskifta. Overgangane mellom dei harvande sekvensane og dei nær sakrale delane av verket er underleg saumlause. Det kjem nok av den stendig dirrande pulsen. Har han faktisk vore der heile tida eller berre kjenst det slik?
Når konserten er over og publikum bryt ut i den siste applausen, må eg venta ein augneblink før eg klarar å riva meg laus og klappa med. Eg er tulla så djupt og godt inn i eit varmt og tettvove klangteppe av glødetrådar.

Ledige stillinger

Relaterte saker

The Sound of North Foto: Soundofnorth.net

50 år med norsk jazz – på 250 sider

Med The Sound of the North oppsummerer italienske Luca Vitali det aller meste av det viktigaste innanfor norsk jazz. Men...

Susanne Sundfør er nominert i flere kategorier Foto: Susannesundfør.com

Disse kan vinne Spellemann 2015

Hele 26 priser skal deles ut i Oslo Spektrum lørdag 30. januar.

Guro Skumsnes Moe spiller octobass

Dypt og bredt

Med octobassen i spissen og lydkunst som sonisk høydepunkt leverte årets Only Connect på sine egne lovnader om banebrytende musikk,...

Fra Årabrots konsert

Tre dagers dyp

nyMusikks festival når langt på vei sine egne mål. Men spørsmålet om forholdet til organisasjonens tradisjon og historie må stilles...

Gry Bråtømyr, daglig leder i Norsk jazzforum

Jazz i tall 2015

Øte musikererhonorar, stigende kvinneandel og høy kunstnerisk aktivitet, men nedgang i sponsormidler og offentlig støtte, viser Norsk Jazzforums oppsummering av...

Ida Løvli Hidle fra Susannas tingingsverk under Vossa Jazz

Konsekvent innadvendt

Jeg savner en humoristisk avstand til mørket i dette kunstneriske prosjektet, skriver Maja Skanding om Susannas tingingsverk til Vossajazz.

Flere saker

Ridder Brynnings Vise om hans kærlighed,

– Skillingsvisene forteller historien nedenfra

Forbrytermyter! Med kule typer! Fra satire til elskovssyke riddere og datidas konpirasjoner: – Folk har hatt de samme hitlåtene, på...

Even Aleksander Hagen er statssekretær (Ap) og ha rmøtt folkemusikere som stilte krav.

Den nye folkemusikkdebatten: Departementet vil ikke blande seg

I 2023 sendte en rekke musikere bekymringsmelding til kulturministeren. De mente Tonos fordelingssystem bærer preg av offentlig myndighetsutøvelse. Har det...

TONO logo fremhevet 700×441

TONO avregner 96,1 millioner

Bruk av musikk i utlandet gir mest til musikerne i årets siste kvartalavregning.