Seminaret om ECM blei meir som ein hyllest og ei feiring enn eit vanleg forskingsseminar. Men så er der også ein heil del å feire.

© Nasjonalbiblioteket

Ei haustnatt i 1970 er Jan Garbarek, Terje Rypdal, Arild Andersen og Jon Christensen oppgitt. Dei er ved Henie-Onstad kunstsenter på Høvikodden for å spele inn ei plate, men rommet funkar ikkje. Klangen er feil.

Bak spakane har dei Bjørnar Andresen, som med god grunn er mest kjent som bassist. Og som produsent har dei med seg ein førebels relativt ukjend tyskar: Manfred Eicher, som for litt over eit år sidan starta plateselskapet Edition of Contemporary Music. ECM.

Men det er altså noko som ikkje stemmer, og dei må finne eit nytt lokale. Ein av musikarane slår på tråden til ein kjenning, Jan Erik Kongshaug, som dei siste åra har jobba som teknikar i Arne Bendiksens studio. Og resten er historie.

Siste nytt rett i innboksen: Ballades nyhetsmail

Radarpar
Etter at ECM i år har deponert si samling av master- og produksjonsband frå Kongshaugs Rainbow Studio til Nasjonalbiblioteket blei det i samarbeid med Institutt for musikk ved UiO invitert til seminar om ECMs historie i Oslo.

Samtidig som ein gjennom seminaret rørte ved mange tema, blei det lange samarbeidet mellom produsent Manfred Eicher og teknikar Jan Erik Kongshaug ein slags kjerne gjennom dagen.

Arbeidet til dette radarparet har for lengst gitt frukter som har endra jazzhistoria for alltid: Mellom anna i form av over 700 innspelingar og ein enorm status blant jazzentusiastar over heile verda.

Seminaret var også ein gyllen anledning for professor Hans Weisethaunet til endeleg å få intervjua Eicher som del av eit lengre forskingsprosjekt, der nettopp lytting og kunnskapen som er innebygd i dette er eit sentralt punkt.

Les også: ECM – en norsk tysker

Milepælar
Med rommet fullt av musikarar, journalistar, akademikarar og andre fans blei fokuset hovudsakleg retta mot den første tida til ECM i Oslo fram mot etableringa av Rainbow Studio i 1984. Forskingsbibliotekar Ivar Håkon Eikje kunne i si innleiing fortelje at ECM i denne perioden stod for om lag 25% av norske jazzutgjevingar.

Resultatet av den nemnte natta i 1970 blei til slutt Jan Garbareks Afric Pepperbird, som i følgje Kongshaug var starten på “alt”.

Gjennom syttitalet har ei lang rekke legendariske album fulgt etter. Samarbeidet med Keith Jarrett, Jan Garbarek, Jon Christensen og Palle Danielsson gav oss album som Belonging og My Song, og i tillegg spelte Jarrett inn den berømte soloplata Facing You i samme periode. Også Chick Corea kom til Noreg for å spele inn slike soloplater, Piano Improvisations volum 1 og 2.

Desse milepælane skapte ringverknadar og etablerte stilendringar i jazzen på samme måte som til dømes mange av Miles Davis’ album gjorde.

— Men vi visste jo ikkje at dette var historiske handlingar når det gjekk føre seg og at vi skulle sitte her 40 år seinare å snakke om det, sa Arild Andersen under seminaret.

Det store spørsmålet er då naturlegvis kva som har gitt dette arbeidet den statusen det har i dag.

Kunsten å lytte
— Eg vil ikkje ha ein “ECM-sound”! utbasunerte Manfred Eicher i sin samtale med Weisethaunet, tydeleg irritert over det uendelege maset om dette omgrepet.

Men der er då noko som gjer ECM så spesielt. Det er ikkje berre flaks og kløkt som har skapt historia?

— Lat oss vere rettferdige mot innhaldet og ikkje ha ein slik paraply over det heile, heldt han fram.

Les også: Gitaristen og det evige lyset

Ifølgje Eicher er det altså innhaldet i musikken som formar prosessen, og som igjen gir sluttresultatet. Dette innhaldet spring ut frå ein ny idé for kvar innspeling, fortalte han, og alle kontekstuelle faktorar spelar ei stor rolle for kvar gang dei går i studio.

— Musikaren er den samme personen kvar gang, men ikkje den samme musikaren, sa han.

Å finne fram til nye idear og skape unike resultat kvar einaste gang, handlar om å lytte, forklarte Eicher.

— Då vi starta ECM i 1969 fann eg mi retning – eg fann ut at eg hadde eit talent for lytting. Å lytte er nesten som å lære seg eit instrument. Ikkje berre analytisk, også emosjonelt, sa han.

Det store biletet
I samtale med Jan Erik Kongshaug kom Weisethaunet meir konkret inn på kva som har gått føre seg i studio.

— Manfred veit kva han vil og ser det store biletet, medan musikarane tenker mest på sin eigen prestasjon, fortalte Kongshaug. – Manfred er sjefen. Slik må det vere når ein jobbar med han, og det er bra.

Samtidig var Kongshaug samd i at der ikkje er nokre faste rutinar som skapar det nokre likar å kalle “The ECM-sound”.

— Der er ingen reglar. Ein må eksperimentere for kvar sesjon. Når alt kjem til alt er det musikarane som skapar lyden, meinte han.

Les også: Hvordan ble Afric Pepperbird omtalt i sin samtid?

Streng produsent
Medan Eicher og Kongshaug ville rette æra mot heilskapen i prosessen og musikarane, kunne musikar Arild Andersen gi ros til dei to, som han har fulgt heilt frå starten med Afric Pepperbird.

Til Kongshaug sin påstand om at Eicher er sjefen kunne Andersen melde dette:

— Kongshaug avgjer mykje, men han er smart og held kjeft til han vert tilsnakka.

Vidare meinte han at Eicher sit inne med eigenskapar ikkje alle musikarar vil tole å vere i kontakt med, når det kjem til å hente fram dei særeigne eigenskapane frå kvar enkelt.

— Ein gang ville eg spele slik som Charlie Haden, men då sa Manfred: “Arild, om eg vil ha Charlie Haden, ringer eg Charlie Haden”.

Oppskrifta
Etter ein ettermiddag med lovord i alle retningar og lite kritisk diskusjon sit eg likevel igjen med ei kjensle av å ha blitt litt klokare på ECM og musikken som har blitt skapt i Oslo dei siste førti åra.

I samtalane med Eicher og Kongshaug var det to ting som desse to ville rette fokus mot: Ein heilskapeleg idé og det unike uttrykket frå kvar enkelt musikar.

For Eicher er denne tankegangen så gjennomgåande at det kokar heilt ned til heile hans definisjon av musikk.

— Musikk er ikkje lyd. Musikken startar før lyden, før fingrane treff tangentane. Musikken kjem ut av stilla, kling, og går inn i stilla igjen, sa han.

Det er kanskje så store ord som må til for å klare å skape det ECM har blitt: Eit av dei mest innflytelsesrike plateselskapa i historia. Vi i Noreg har vore så heldige å få bli ein relativt stor del av denne historia, og alt starta med ein gjeng frustrerte musikarar ei haustnatt i 1970.

Publisert:

Del: