ECM og strømmetenester

INNLEGG: Eg blir oppgitt og nærmest personlig fornærma over enkelte aktørers holdning til strømmetenestene, skriv Olav Opsvik.

Kalender

Lørdagsopera

06/04/2024 Kl. 16:00

Viken

Members Choice

06/04/2024 Kl. 20:00

Agder

Det var med stort vemod eg for eit par veker sidan oppdaga at den einaste årsaken til at eg i utgangspunktet starta eit WiMP abonnement hadde forsvunne: ECM-katalogen.
Då ECM først trekte seg ut av Spotify i 2010 fekk eg raskt nyss om at WiMP framleis hadde musikken inne i sitt bibliotek, og skaffa meg eit abonnement umiddelbart. ECM-katalogen var definitivt verdt ei ekstra utgift på 99,- kr i månaden. Sjølv for ein fattig student.
Kan berre spekulere
Men no har dei altså trekt seg ut av denne strømmetesten også. Etter eit par kjappe spørsmål til WiMP sin twitterkonto kunne eg få vite at »dette skjedde nokså brått, med en kort beskjed fra leverandørene».
Vidare har ikkje ECM svart på mine henvendelsar der eg har spurt etter ein kort begrunnelse.
Dermed gjenstår det berre å spekulere i kva som er årsaken til ECM si plutselige tilbaketrekning frå strømmetenester. Men det er heller ikke så vanskeleg å tenkje seg. Dei fleste vil kanskje huske [link id=67470 title=»dystre spådommar for »den krevende musikken'»]’.
Om tilbaketrekninga frå ECM er basert på prinsipp om for låge inntekter generelt, eller om det er slik for dei som nisjeselskap spesielt har eg altså ikkje lukkast å få svar på. Alt eg kan gjere er å fortelje ECM, Kirkelig Kulturverksted og andre nisjeselskap korleis eg, som villig betalande kunde, opplever utviklinga.
Siste nytt fra musikknorge: Ballade på Twitter
Farvel til CDen
Eg applauderer CDens død.
Det byrjar å nærme seg eit par år sidan eg forrige gang kjøpte ein CD, og det er deilig. Eg er oppvaksen med musikk på PC, og alle CD-ar eg kjøpte tidlegare blei alltid importert rett inn på ein harddisk, før CDen blei lagt vekk. Slik var det då. No veit eg at det ikkje treng å vere så tungvint.
Som storforbrukar av musikk er det fantastisk å kunne benytte seg av strømme-tenester gjennom både PC og telefon, og alltid ha mesteparten musikken eg interesserer meg for tilgjengeleg. Ikkje minst har tenester som Spotify og WiMP ført til at eg har oppdaga bøttevis med ny musikk eg ikkje hadde hatt ressursar til å nå tak før.
Personleg fornærma
Eg er kanskje ikkje ein gjennomsnittsforbrukar av slike tenester. I tillegg til at eg elskar å lage lister til ulike anledningar, er eg framleis ein stor fan av albumformatet, og alle slags former av »krevende musikk».
Derfor blir eg nærmast personleg fornærma når alle listene mine med ECM-musikk på WiMP plutseleg er tomme, og eg blir oppgitt når viktige aktørar som Hillestad har eit så einsidig negativt syn i staden for å vere løysingsorientert. Særleg når dette kjem i etterkant av [link id=67315 title=»lovande tal frå TONO»], og [link id=67316 title=»gode oppfordringar frå Erik Brataas i Merlin»].
Les intervjuet med Brataas: [link id=67316 title=»Lys i tunnelen«]
Ver så snill, ta grep
Men eg vil ikkje angripe desse aktørane som eg er så glad i. Lat meg heller komme med forslag som kan gagne alle.
Så: Kjære ECM, Hillestad, Spotify og WiMP. Eg vil så gjerne høyre på musikken de har å tilby, og eg vil så gjerne strømme den, og sleppe maset med å flytte den rundt frå apparat til apparat. Og eg betalar gladeleg både tre, fire og fem hundre i månaden om de kan gi meg eit produkt som er verdt pengane.
Spotify lanserte for ikkje så lenge sidan interne applikasjonar. Kva med, til dømes, ein ECM-app? Som eg kan betale ekstra for, naturlegvis. Med heile ECM-katalogen tilgjengeleg, samt informasjon ein vanlegvis ville funne i coverheftet. Ein app med slike hefter eksisterer allereie for utvalde artistar.
Uansett kva som skjer, ver så snill, heng med på utviklinga, stup inn med hovudet først, tenk konstruktivt og aggresivt, ikkje defensivt. Vi er mange som vil gi dykk inntektene og de berre kan gi oss noko å betale for. Om de ikkje tek grep er eg redd de kan dette fullstendig av lasset.
Olav Opsvik er musikkstudent og skribent.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.