Hopp til innhald

Åtte nye millionar til gåveforsterking

Auken gjer rom for ytterlegare forsterking av 19 gåver i 2017, skriv regjeringa.

Regjeringa aukar gåveforsterkingsordninga med 8 millionar kroner i år. Pengane kjem i tillegg til den opphavelege ramma for 2017. Total ramme for ordninga blir med dette 59,1 millionar kroner i år. Auken gjer rom for ytterlegare forsterking av 19 gåver i 2017.

– Gåveforsterkingsordninga er særs vellukka, og eg er uroleg med tanke på signala frå opposisjonen om at dei vil leggje ned ordninga dersom dei kjem til makta. Den store interessa viser at kulturaktørar er ivrige etter å skaffe seg private gjevarar og søke på ordninga. Det er så stor interesse at det står mange mottakarar i kø så difor legg vi no på åtte millionar kroner frå spelemidla til kultur, seier kulturminister Linda Hofstad Helleland.

Regjeringa innførte gåveforsterkingsordninga for museum i 2014, som eit ledd i arbeidet med å styrkje den private finansieringa av kulturlivet.

Les meir om dei ulike tildelingane her

Frå og med 2016 blei målgruppa for ordninga utvida til å gjelde alle kunst- og kulturformål. Ordninga går ut på at staten gir eit tilskot på 25 % av verdien på gåver frå private gjevarar og stiftingar.

– Då ordninga blei innført i 2014 var ramma på 10 millionar kroner. Pengane blei raskt brukte opp, og ein kraftig aukande søknadsmengde har ført til at ramma har blitt auka kvart år, skriv departementet i ei pressemelding.

Det er Kulturdepartementet som administrerer ordninga. Handsaming og utbetaling skjer i same rekkjefølgje som søknadene blir mottatt og godkjent. Dersom tilgjengeleg ramme blir brukt fullt ut, blir eventuelle resterande søknader overført til det påfølgjande budsjettåret etter same prioritet.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Oslo Filharmonien

Nesten 2,5 millioner i gaveforsterkningspenger til musikk i Oslo

Den Norske Opera & Ballett, Oslo-Filharmonien og Jeunesses Musicales Norway, som står bak Loud! – jentenes bandleir er blant dem...

FolkOrg og Sparebankstiftelsen Foto: Anbjørg Myhra Bergwitz

700 000 til rekruttering innen folkemusikk og folkedans.

FolkOrg har fått tildelt en gave fra Dextra Musica til et treårig rekrutteringsprosjekt. Søknadsfrist på pilotprosjektene blir i april.

Kulturminister Trine Skei Grande

Kulturdepartementet gir meir i tilskot

Det blir både meir penger til gåveforsterking og regionale kulturbygg.

Flere saker

Spotify logo

Spotify går på børs 3. april

Selskapets skal ved børsnoteringen være verd rundt 19 milliarder dollar.

Miks i studio, illustrasjonsbilde.

– KI kan demokratisere musikkbransjen

Kunstig intelligens kan bidra til å revolusjonere måten vi lager musikk på, mener AI-musikkprodusent Lars Løberg Monstad.

Dora Schwarzberg, Einar Steen Nøkleber og Marthe Argerich under

En festival i Griegs ånd

20 årsjubilanten Oslo Griegfestival vil ikke være noen syklubb for halvgamle damer som vil høre lyriske stykker av Grieg, sier...