Hopp til innhald
Olav H Hauge stipendet i 2022 Priya Bains

Lyrikkdebutanten Priya Bains mottok Olav H Hauge-stipendet i 2022. – For meg har stipendet frigjort det poetar treng aller mest, nemleg skrivetid, seier ho.(Foto: Ådne Dyrnesli)

Nominer kandidatar til Olav H. Hauge-stipendet innan 1. mars

Stipendet skal bidra til å sikra talentfulle, unge lyrikarar gode arbeidsvilkår – også dei som skriv lyrikk i musikk.

Stipendet på 150 000 kroner går til ei diktarrøyst under 40 år, som har utmerkt seg med eit poetisk talent som lyrikar, tekstforfattar eller songpoet.

Haugesenteret og Nynorsk kultursentrum oppretta stipendet i 2018 for å løfte fram nye poetiske røyster. Stipendet femner om all lyrikk på nynorsk, bokmål og dialekt.

Alle kan fremja forslag til kandidatar til stipendet på nettstaden nynorsk.no fram til 1. mars. Fagjuryen består av Brit Bildøen, Pedro Carmona-Alvarez, Kristin Vego og representantar frå Haugesenteret.

– Dei fleste litterære prisar går til etablerte forfattarar. Dette er derimot ein rein lyrikkpris som går til ei ung og særprega diktarstemme. Tanken bak Olav H. Hauge-stipendet er å sikra talentfulle lyrikarar gode arbeidsvilkår og bidra til kunstnarleg utvikling, seier Jorid Lekve Eide, arenaleiar ved Haugesenteret.

Lyrikar Erlend O. Nødtvedt var den aller fyrste som mot tok stipendet. Songpoeten tekster som smell frå Stord vann stipendet i 2020, og lyrikkdebutanten Priya Bains tok imot prisen i 2022.
– For meg har stipendet frigjort det poetar treng aller mest, nemleg skrivetid. Og så er det stas å få oppgåva med å skrive bestillingsverket til neste Poesifestival, seier Priya Bains.

– Hauge var oppteken av dei nye lyrikarane i samtida si. Dei unge på si side las Hauge med dedikasjon og takk. Nobelprisvinnar Jon Fosse er berre ein av mange unge litteratar som har vore på pilegrimsferd til Ulvik for å studere Hauge og diktinga hans. Difor er det også heilt naturleg at stipendet har fått namn etter den store diktaren frå Hardanger, avsluttar Jorid Lekve Eide.

Olav H. Hauge-stipendet blir delt ut under opninga av Poesifestivalen fredag 13. september 2024.

 

 

Ledige stillinger

Relaterte saker

Runar Gudnason og Emil Lewe

Møre folkehøgskule opnar rap-linje med Runar Gudnason og Emil Lewe til hausten

– Det er heilt opplagt at vi må ha ei raplinje her. Rimkunsten til Ivar Aasen lever vidare i dagens...

Runar Gudnason ror på Hovdevatnet.

Å få verda til å rime

Runar Gudnason reiste frå Ørsta til Aalborg på midten av nittitalet og oppdaga eit levande hiphop-miljø som rappa på si...

– Jeg har ikke skrevet den perfekte sangen, og kommer aldri til å gjøre det. Lars Lillo Stenberg om både de lette og de vanskelige tekstene

Lars Lillo-Stenberg: Å fortsette er perfekt

– Man må bare le, sier deLillos-ikonet, selv når et hjerteinfarkt eller folk som ikke forstår sangtekster tynger han.

Evelyn Rasmussen Osazuwa, verdensmester i slampoesi

Tekster som smeller

Verdensmester i slampoesi, Evelyn Rasmussen Osazuwa, skriver tekster om store emosjoner og det som berører henne. For eksempel farens utvisning...

Rygg, Ylwizaker, Halstensgård,Sværen

Når bildene av Diana treffer

Kultbandet Ulver overrasket alle da de lagde pop. Nå gjør de det igjen. Og igjen graver de i menneskehetens mørkeste...

Flere saker

Skral og Sørveiv Mikal Vassbotn Jarle Kvanvig

Nye eiere for Sørveiv, sørlandets bransjefestival

MMA Produksjon AS, selskapet bak blant annet Skral Festival i Grimstad, overtar bransjefestivalen Sørveiv fra kompetansesentret Sørf.

Barnas Musikkteater

Hvorfor bruker Kulturdepartementet pandemien til å skape statlig monopol på barneforestillinger?

– Barnehageforestillinger faller utenfor ordningene. Kunstner Sonia Loinsworth svarer Kulturdepartementet tilbake.

Barnas Verdensdager

Et klangrikt fellesskap

Kunne Nico & Vinz kommet dit de er i dag uten røtter i afrikansk musikk? Eller er integreringstanken til hinder...