Hopp til innhald
Runar Gudnason og Emil Lewe

Runar Gudnason og Emil Lewe blir rap-lærarar på Møre folkehøgskule frå hausten av. – Det handlar om å bruke språket som musikk for å uttrykke seg sjølv, mens ein både har det kjekt og blir litt klokare på seg sjølv og verda rundt seg, seier Runar Gudnason, rap-veteran frå Side Brok og Sirkel Sag.(Foto: Privat)

Møre folkehøgskule opnar rap-linje med Runar Gudnason og Emil Lewe til hausten

– Det er heilt opplagt at vi må ha ei raplinje her. Rimkunsten til Ivar Aasen lever vidare i dagens diktarar, rapparane i Side Brok, Sirkel Sag og Louilexus.

Rektor ved Møre folkehøgskule, Rune Hovde, er heilt tydeleg på at deira folkehøgskule skal ha eit rap-tilbod til elevane, og har stor tru på at den nye linja kan bli noko heilt for seg sjølv.

Rune Hovde, rektor ved Møre folkehøgskule (Foto: Møre folkehøgskule)


– Ørsta/Volda har lange og stolte tradisjonar for dikting, språk og musikk. Det finst mange musikklinjer på norske folkehøgskular, også eit par som driv med hip-hop, men ingen linjer som er så reindyrka rim-, rytme- og rapfokusert som denne, og med ekte rapparar som lærarar.

Og ekte rapparar blir det. Runar Gudnason, kjend frå Side Brok og Sirkel Sag, sit i styret til Møre folkehøgskule. Han er initiativtakar til den nye linja, og vil ta del i noko undervisning og tilrettelegginga av skuleåret, oppgjer folkehøgskulen. Som fast linjelærar har Gudnason fått tak i ein annan ekte rappar, voldingen Emil Lewe frå duoen Louilexus. Lewe er utdanna grafisk designar og illustratør frå Kunsthøgskolen i Oslo, men no flyttar han altså heim for å vere raplærar på fulltid, fortel dei.

– I dag er rap ein ekstremt brei og mangfaldig sjanger, og det er flott. På linja vår kan ein lage tradisjonell skryte-rap eller meir moderne og melodiøs rap. Alt er lov! Det handlar uansett om det same: å bruke språket som musikk for å uttrykke seg sjølv, mens ein både har det kjekt og blir litt klokare på seg sjølv og verda rundt seg, seier Gudnason.

Med ein veteran som Runar Gudnason og den yngre Lewe har skulen sikra seg kompetanse på all slags rap. Elevane skal òg lære å bruke stemma si og framføre låtane sine, så no bygger skulen sitt eige lydstudio, og skuleåret skal avsluttast med konsert på den lokale scena Stødt.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Runar Gudnason ror på Hovdevatnet.

Å få verda til å rime

Runar Gudnason reiste frå Ørsta til Aalborg på midten av nittitalet og oppdaga eit levande hiphop-miljø som rappa på si...

Runar Gudnason med Målprisen

Målpris til Runar Gudnason

Frontfiguren i Side Brok har fått Målprisen 2021 frå Sunnmøre Mållag: – Nynorsk, og dialekt, trivst i dei mest urbane...

Sirkel Sag

Sirkel Sag om einsemd og isolasjon i «Dei glana»

– Ka karantene? Det er berre livet mitt, og dette er ein ny song om det.

Side Brok (Foto: By:Larm avisen 2004)

Side brok betyr saggebukse

De debuterte i 1999 som oppvarmingsband for en polsk stripperske og ble buet ned av scenen – på et forsamlingshus...

Stillbilde fra videoen til Side Brok, Svært

Ballade video LVI: Trommer, takk!

Syv nye videoer, to-tre premierer. Lån øyne og ører til Stockhaus, Side Brok, Likholmen, Subshine, Wardruna, Enslaved og Oslo Domkor.

Flere saker

Ola Nordal plukker den norske musikken du bør få med deg, når Ballade klassisk er lansert.

Ballade-kritiker Ola Nordal blant de nominerte til Årets kritikk

Under Heddadagene på Det Norske Teatret 14. juni annonseres vinneren av den staselige prisen Årets kritikk. En av de tre...

Tatssekretær i Nærings og handelsdepartementet Lars Jacob Hiim, kulturminister Linda Hofstad Helleland og sekretær for Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring, professor Anne Britt Gr

Seks konkrete råd til regjeringen

Kompetanse er nøkkelordet når Næringspolitisk råd for kulturell og kreativ næring gir regjeringen sitt første innspill.

AKKS logo

AKKS vil til Nord-Norge

Musikkorganisasjon søker nå en person til å lede arbeidet med å opprette lokalkontor.