Ballade fekk ein e-post frå Olav Øyehaug Opsvik, programansvarleg på Ivar Aasen-tunet i Ørsta, der han skreiv at Sirkel Sag og Sjef R, kjende frå Side Brok og for songar som «Ørsta rådhus», hadde sleppt, heilt eksklusivt, ei ny låt på nettstaden til Nynorsk kultursentrum, nynorsk.no.
– «Dei glana» er publisert her som ein del av prosjektet Aleine saman, som er ei rekkje bidrag frå skribentar, forfattarar, musikarar og andre kunstnarar tinga særskild i høve pandemisituasjonen, skreiv han.
Prosjektet Aleina saman blir beskreve slik på heimesida til Nynorsk kultursentrum: No er mange aleine, men me er det saman. Kanskje får kunsten og artiklane på desse sidene ny meining i ei underleg tid for deg eller andre? Nynorsk kultursentrum har bede ulike skrivande, teiknande, syngande og forteljande kunstnarar og vitskapsfolk om å dele sine bidrag.
Blant dei som har bidratt finn vi Frode Grytten, Sigri Sandberg, Daniel Kvammen, Marit Eikemo og Odd Nordstoga.
Og så denne, ein heilt ny song frå Sirkel Sag. Administrerande direktør i pinaDgreitt records, Sjef R, står for synginga på refrenget.
Kvifor valde dere akkurat denne plattforma for ei eksklusiv premiere på «Dei glana»?, spurde Ballade Sjef R, aka Runar Gudnason.
– I Aleine saman-prosjektet får dei kunstnarar og andre til å dele tekstar, musikk og anna som er relevant for dette temaet; eit slags digitalt kunst- og kulturtorg i koronatida. Det synest eg er eit aldeles glimrande tiltak. Dei spurde om me hadde noko. Sirkel Sag var i gang med denne låten, som kanskje skulle ut til våren, så då fekk me den like godt ferdig no, og gav lanseringa til Aleine saman. Men låten kjem òg i vanleg distribusjon den 10. april.
Korleis er responsen etter at de slapp låta?
– Låten har berre vore ute i eit døgn, men responsen har vore svært god på sosiale medium, og det er jo der me får respons no når alt anna er stengt. Det er ikkje ein låt om korona, men om einsemd og det å føle seg isolert, og det er noko dei fleste kan relatere til akkurat no. Til liks med mange av Sirkel Sag sine tekstar handlar det om å slite med kontakten med «dei andre». Så kanskje er tekstuniverset hans no (endå) meir relaterbart enn elles. Som Sirkel Sag seier sjølv:
«Ka karantene? Det er berre livet mitt, og dette er ein ny song om det.»
Her kan du sjå alle bidraga i Nynorsk kultursentrums Aleina saman-prosjekt.

Ujevn og uklar "Terminus"
Tekst og musikk trekker i hver sin retning, kryssende agendaer gjør resultatet dels for anmassende, dels for sprikende, midt i den gode viljen, skriver kritiker Erling E. Guldbrandsen om kammeroperaen "Terminus".

Om søyler, sari og svevende skip
Ballade klassisk tar for seg fire nye kunstmusikkplater, og kritikeren gleder seg over det han får oppleve.

Hvor brenner det, Erica Leypoldt og Lars Tefre Baade?
Vi må snakke om PROMO. Fungerer utstillingsvinduene i dag, og hvordan promoterer artister seg best i 2025? Hvem vil pressen egentlig snakke med? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

Jørgen Karlstrøm til svenske Bonus Copyright Access
Karlstrøm blir administrerende direktør i svensk opphavsrettsorganisasjon.

Salt i Oslo kan bli nødt til å stenge dørene
Myndighetene varsler full stopp av aktivitet innen 1. juli.

Derfor bør vi lære norsk folkemusikk og folkedans på voksenopplæringen
Det burde være flere arenaer for formidling av norsk folkemusikk og -dans i voksenopplæringen. Det er en super inngang til å lære språk, historie, kroppsspråk og sosiale koder – samtidig som det bygger fellesskap, skriver Ely Navarro i Stiftinga Hilmar Alexandersen.