Runar Gudnason ror på Hovdevatnet. (Foto: Skjermdump frå filmen "Eg Har Ord" (Aldeles 2023))

Å få verda til å rime

Runar Gudnason reiste frå Ørsta til Aalborg på midten av nittitalet og oppdaga eit levande hiphop-miljø som rappa på si eiga dialekt. 25 år seinare er filmen han ville lage ferdig – det har blitt ein film om rapmusikk og alt anna som er bra.

Kalender

Västanå Sessions

02/08/2024 Kl. 18:00

Hopalong AKA i bakgården på Folk

03/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

Féile Oslo 2024 åpningskonsert

15/08/2024 Kl. 19:00

Oslo

– Som det meste anna som er bra, er rapmusikk strengt tatt ikkje nødvendig.

Dette er anslaget i traileren til Eg Har Ord, ein film av og med Runar Gudnason. For dei fleste er han kjent som ein del av Side Brok. No har han laga film om rap, ord, musikk, kunst, om livet.

Eg var 12 år då EP-en «Ein likandes kar» låg i cd-spelaren i den raude Toyota Corollaen. Eg hadde nettopp kjøpt min første CD for eigne lommepengar: Beastie Boys – Anthology: The Sounds of Science med «So What’cha Want» som favorittspor. «Ein likandes kar» landa hardt. Hiphop frå Ørsta, nærare bestemt frå Hovdebygda. På dialekt, og med smale referansar til ting berre vi forstod. Noko eksploderte, og det opna alt. Alle kompisane mine frå den tida kan den utanat framleis. For ordens skuld – eg kjenner ingen av dei involverte i filmen, men det er klart – vi vart stolte av å vere frå Ørsta.

Filmen opnar med Runar som ror i ein gammal båt på Hovdevatnet, som han ganske snart, på vittig vis innrømmer at er «for kamera». Han flytta frå Hovdevatnet, frå Ørsta og til Aalborg i Danmark på midten av nittitalet for å studere film, og fann der det danske hiphop-miljøet. Her høyrde han rapparar som rappa på sitt eige språk.

Nostalgien er sterk i filmklippa frå Aalborgs uteplass 1000Fryd, der det var ei levande undergrunnsscene for dansk, leikande rapmusikk. Runar var fluge på veggen, og gjekk kanskje eigentleg sjølv med ein draum om å rappe. Side Brok vekte han til live først nokre år seinare.

Over 25 år seinare oppsøkjer Runar nokre av dei han traff den gongen. Lista over folk han møtte med kameraet sitt fyller skjermen i tre kolonner på rulleteksten. På den andre sida utforskar Runar sitt eige liv gjennom filmen, fortel om oppveksten og om at når han las måtte han alltid lese fire bokstavar i gongen, og at «Forholdet mellom strek og lyd måtte vere 1:1.»

Visninga på Vega Scene i Oslo sist laurdag var arrangert av Klassekampen og produksjonsselskapet Aldeles. I samtalen med Martin Bjørnersen, Lars Vaular og Gudnason tek dei mellom anna opp det å finne sitt eige språk.
–Eg kjenner meg enormt igjen i denne filmen, seier Lars Vaular: – Dette er andre gongen, men første gongen eg såg filmen låg eg i senga mi og gråt.

Men Eg har ord handlar kanskje likevel ikkje mest om Runar, men om kva det er å vere kreativ, korleis ord er musikk, om «det meste anna som er bra». Om korleis verda er «enklare å forholde seg til om du får den til å rime», som Runar seier.

Ein av dei han møter, Johnny Hefty, viser fram ark med ord og tekstutdrag. Små språklege observasjonar. Han gliser medan han les opp ordspel og artige vendingar, og begeistringa over ordleiken lyser gjennom skjermen.

Sjølv om han no har flytta tilbake til Ørsta, har Runar framleis eit rom i leiligheita han flytta frå i København der son hans Sigurd no bur. Nettopp forholdet til Sigurd blir også sentral i forteljinga. Han held på med undersjangeren trap, noko «gamlefar» Runar ikkje har heilt grepet på, i fylgje son sin. Både om to generasjonar rapmusikk, om det å vere far og son.

Pandemien får også ei rolle her. Gjennom denne perioden fekk Sigurd det tøft, og Runar reiser ned midt i den mest nedstengte perioden. I ei scene spør Runar om det kan hjelpe å skrive rap når det er vanskeleg. – Ja, svarar Sigurd umiddelbart, før han fort justerer det: – Nei, forresten…

Eg skal ikkje gå vidare å gjenfortelle alt her, men desse nyansane, denne diskusjonen med seg sjølv gjer filmen ærleg. Og berre ein son kan «checke» far sin, få han ned på jorda når han stiller høgtsvevande filosofiske spørsmål til rapmusikk.

Dette forholdet er nært, ærleg – og vittig – skildra, og det løftar filmen til å handle om heilt andre ting enn rapmusikk. Og samtidig alt med rapmusikk å gjere fordi verda blir lettare å forholde seg til om du får ho til å rime.

Er det ikke det denne verden handler om? Om å være god til å lyve, og få det til å lyde godt?
Det er sonen Sigurd som seier dette, og det ligg mange interessante linjer til dei same tinga som den eldre generasjonen er opptekne av: – Ein rappar er ein fundamentalt barnsleg type, seier Runar på eit anna punkt i filmen. Og når ein blir eldre blir verda så nyansert og kompleks, at ein ikkje kan skrive så påståelege tekstar lenger, som ein av rapparane han intervjuer peikar på.

Son gir tilbakemelding på fars forsøk på trap. (Foto: Skjermdump frå filmen "Eg Har Ord" (Aldeles 2023))

Eg opplever filmen som musikk. «Ka va det?», seier Runar staccato. Det ligg heile vegen musikk i orda under filmen. Det er rytmisk, og lyden er forferdeleg god. Under intervjua ligg det ein beat på ein eller annan måte heile vegen, og det er klippa saman uhyre fengjande. – Det er rette strekar og streng matematikk, som leikar at det er noko lett og fritt, som Runar seier.

Det er klipt musikalsk, og filmen seier ikkje berre at alt er musikk, men den syner det. Bilete, ord, lyd.

Gå inn i helga med denne danske bangeren frå Malk De Koljin:


Vega Scene i Oslo har no sett opp fem ekstra framsyningar, og du finn billettar her:

Torsdag 13.04 kl 19:00
Laurdag 15.04 kl 19:00
Torsdag 20.04 kl 13:00 & 19:00
Laurdag 22.04 kl 19:00

 

 

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.