Hopp til innhald

Meir enn veslebror

INNLEGG: Mindre praktikk er ikkje nødvendigvis negativt for Institutt for Musikkvitskap, skriver Guro H. Bjørnstad.

Dette innlegget følger opp debatten om ved Universitetet i Oslo. Teksten ble først publisert i Universitas, red. anm.

I 2005 sa dåverande professor i musikkvitskap Jon Roar Bjørkvold opp sitt professorat ved Universitetet i Oslo i protest. Han meinte at det han kallar «det musiske i mennesket» forsvann i «stramme tal, autoritær kontroll og økonomisk trangsyn», som han sjølv skriv på nettsida si. Ting har openbart ikkje forandra seg sidan 2005.

Er det eit stort tap?

Professorar ved Institutt for musikkvitskap (IMV) ved Universitetet i Oslo kritiserte Humanistisk fakultet (HF) i to kronikkar, ein i Aftenposten og ein i Morgenbladet.

Professorane meiner at HF tvinger IMV til å legga ned den praktiske delen av studiet, slik at studiet vert reint teoretisk. HF meiner dei ikkje legg føringar på korleis musikkvitskapsstudiet vert lagt opp, men krev at instituttet må gjennomføra kutt på 25,5 millionar kroner frå 2010 til 2016. Kronikkforfattarane meiner at slike økonomiske kutt fører til at kutt i den praktiske delen av utdanninga er naudsynt. Men er dette eit så stort tap som professorane meiner?

Les også:

For mange musikkutdanningar

Det kjem ytringar frå fleire kantar om at det blir i høve til arbeidsmarknaden. Petter Wettre, saksofonist, komponist og undervisar ved den rytmiske musikklina på Universitetet i Agder (UiA) uttalte nyleg til NRK Kulturnytt at han meiner det eksisterer for mange musikkutdanningar i Noreg, og at det vert utdanna for mange jazzmusikarar i forhold til antal eksisterande jobbar. Han meiner at det er betre med færre utdanningar, og å heller ha fokus på å få eit høgare nivå på dei som vert utdanna.

Teori vert underbygd av praksis, og det viser seg at som student lærer ein ofte mykje av den praktiske delen innanfor studiet og ikkje berre det å sitta med hovudet i ei bok. Men det at musikkutdanningar vert tvungne til å tenkja annleis, treng ikkje kun vera negativt. Petter Wettre meiner det blir utdanna for mange musikarar, og det har han rett i.

På musikkvitskap sine nettsider vert nye studentar lokka med instrumentalundervisning og samspelgrupper, og nettsidene seier at jobbmogelegheitene etter endt studie er mange. Inkludert jobb som musikar.

Ledige stillinger

På denne måten framstår Institutt for musikkvitskap ofte som musikkhøgskulen sin «veslebror»; dei som ikkje kjem inn på musikkhøgskulen byrjar på musikkvitskap.

Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook

Ikkje veslebror

Det er på høg tid at musikkvitskap framstår som stolte av den vitskapelege styrka utdanninga har, ved at det nettopp er det største musikkvitskapelege miljøet i Norden med mange internasjonalt kjende lærekrefter – ikkje som musikkhøgskulen sin veslebror. Noko av grunnen til at musikkvitskap vert nedprioritert kan vera akkurat det at dei kjemper om å behalda denne praksisen, som hjå mange kan oppfattast som unyttig på grunn av at det allereie vert utdanna nok musikarar til musikarjobbane.

Sjølvsagt er praksis ein viktig del av musikkutdanning både for pedagogar og lærarar, men utdanning av utøvande musikarar er det allereie andre institusjonar som tar seg av.

Guro H. Bjørnstad er journalist i Universitas og har en bachelorgrad fra Institutt for musikkvitenskap

Ledige stillinger

Relaterte saker

Anne Danielsen

Harde kutt for musikkvitenskap

Institutt for musikkvitenskap må kutte 13 millioner kroner fram til 2016.

Petter Wettre

– For mange jazzmusikere

Det utdannes for mange og nivået er for lavt, mener Petter Wettre.

Øvingshotellet

Hilsen fra øvingsrommet

INNLEGG: Uten praktisk fagtilbud får vi ingen reell mulighet til å møte arbeidshverdagen i musikkbransjen, skriver Ane Bjerkan.

Bass

Allerede redusert

INNLEGG: Kuttene ved IMV kan på sikt skade norsk musikkforskning, skriver komponist Ole-Jacob Sand.

Flere saker

Oda Felicia tar med seg personlig familiehistorie til lerret og høyttalere i sommer.

Oda Felicia framfører om sykdommen Huntington Chorea for første gang

Hun har jobbet i mange år med å prosessere arvelig sykdom i familien til kunst. Til sommeren blir «The Huntington...

Impure Motorpsycho 226 NYE BILDER

Ekspressivt: Samtidsdanser Hooman Sharifi møter Motorpsycho på scenen

Festspillene i Bergen er i gang. Her et eksempel på hybridforestilling fra programmet.

MelodyPipe teamet

Nytt selskap sier de kan bidra til en åpnere musikkbransje

Vil gi en blanding av AirBnB og LinkedIn i én plattform for musikk.