
Magnus Staveland som kaptein Heinrich Woldag. Operaen "Kommandanten" av Trygve Brøske og Marianne Meløy hadde urpremiere på Oscarsborgsoperaen 16. august.(Foto: Dag Jenssen)
Ja, det skal skytes
Kommandanten kommenterer seg sjølv akkurat litt for mykje. Men musikken reddar det – samt ein lokal guide på museet.
Oscarsborgoperaen: Kommandanten
Musikk: Trygve Brøske
Libretto: Marianne Meløy
Regi: Ivar Tindberg
Urpremiere 16. august. Denne meldinga er basert på førestillinga søndag 20. august 2023. Spelast også 23.-26. august.
I samband med utendørsoperaen Oscarsborgoperaen sitt 25-årsjubileum blir komponist Trygve Brøske og dramatikar Marianne Meløy sin nye opera Kommandanten i desse dagar spelt i borggården på Oscarsborg festning. Brøske og Meløy har laga opera saman før, med Kibergodysséen i 2014 og Kommentarfeltet i 2015, og no har dei tatt for seg historia om 9. april, og då Blücher vart senka i Drøbaksundet.
Om det er til ein frijazzkonsert på Vibrandsøy utanfor Haugesund under Sildajazz, eller om det er frå kaia i Drøbak ut til Oscarsborg festning – å ta båt ut til ei øy for å oppleve noko saman gjer det til meir enn ein konsert. Det ligg ei ekstra investering i at vi er «stuck» her med kva enn vi måtte bli servert.
Kanskje er slike grep naudsynte for å opne opera, og konsertar forøvrig, opp for fleire og eit anna publikum – å skape opplevingar.
Og Kommandanten starta allereie med båtturen i det eg ser innover fjorden og tenkjer på om det er akkurat der den tyske kryssaren Blücher ligg.
Før du les vidare, så vil eg seie at dette faktisk er ei oppleving som kan «spoilast». Eg var glad for at eg ikkje visste noko som helst om kva eg gjekk til. Eg har prøvd å vere rimelig spoilerfri, men om du er av typen som er livredd for dei, så stoppar du like greit å lese her. (Men eg kan seie at det absolutt er verdt turen!)
Før sjølve førestillinga skal vi vere med på ei vandring rundt om på øya. Men endå før det igjen, så har Oscarsborg museums guide Morten Svinndal ein historisk introduksjon på scena i Borggården.
Og akkurat denne seansen heng eg meg opp i.
Han står der på scena heilt vanleg, enkelt. Med hendene i lomma og caps. Kontrasten til den ofte megalomane operaverda kunne ikkje vore større. Det er ingenting som seier opera ved denne mannen, men gjennom den nedpå, enkle historieforteljinga, så ser eg levande for meg dei dramatiske timane på Oscarsborg denne natt til 9. april 1940.
Så skal vi bli med på vandring. Eg havna på «blå gruppe», og våre to vandreleiarar fortel at dei skal ta oss med på postar rundt om på øya. Og på turen møter vi på ulike karakterar og situasjonar. Turleiarane gjer eit påfallande poeng ut av at «leiinga» har bede dei om å vere slik og sånn, eller at «leiinga» har skrive denne teksten. På fleire lag blir det hinta til ein tematikk.
Ledige stillinger
Gruppa er kanskje usikker på kva som er regissert og ikkje, og nettopp den usikkerheita er nok noko som også er ønska frå «leiinga». Er det frampeik mot sjølve førestillinga? Nokre situasjonar og karakterar er direkte frå historia. Andre situasjonar vi går forbi tematiserer fridom, autoritetar, massesuggesjon.
Gjennom denne vandringa så har vi blitt «preppa» på det vi skal oppleve frå publikumsstolen i borggården. Bevisst, og heilt sikkert underbevisst.
Koret, her med norske og tyske soldatar på scenen. (Foto: Dag Jenssen)
Andre verdskrig ligg uggent nok lenger framme i pannebrasken dei siste åra. Eit sitat som har kome opp i samband med krigen i Ukraina, Nato-medlemsskap og våpenstønad er kommandantens svar på spørsmålet «skal der skytes?» – «Ja, visst fanden skal det skytes med skarpt» (ifølge guiden har vi berre dokumentasjon på at han seier «Ja, det skal skytes»). Desse orda får ein ekstra dimensjon når dei blir ytra frå scenen under Kommandanten.
Under vandringa rundt om på festninga vart eg merksam på lyden av gitarist Ola Erlien som varma opp med å spele ein passasje frå Stian Carstensens Musical Sanatorium. Ah – forventingane til lyden steig no. Med Erlien og ikkje minst akkordeonist Ida Løvlie Hidle som solistar saman med Marinemusikken under leiing av dirigent Christian Eggen.
Brøske har jobba med eit øyrepirrande lydbilete – gitar, trekkspel, messingblås, kor og store soliststemmer.
Og musikken er sterk i Kommandanten.
Tonespråket er tilgjengelig, samtidig som det er nytt og friskt. Brøske spelar på ei vid musikalsk referanseramme som potensielt opnar opp musikken for ei like vid publikumsgruppe.
Ikkje berre sitata frå Beethovens Eroica-symfoni eller Elgars pomp and circumstance, men klangen av sjømannsviser – det er noko svaberg og marint over trekkspel og akustisk gitar også. Eller assosiasjonane til Mingus i saksofonen i det Blücher nærmar seg det smale sundet.
Spesielt er korsatsane solide, med breispektra klangar frå eit like solid kor. Og rekka med solistar har i mine øyrer denne kvelden ingen svake ledd. Sterkast lét eg meg begeistre av Eir Inderhaug sin levande vokalakrobatikk og kontratenor Daniel Rene Sagstuen Sæther.
Eir Inderhaug i rolla som Hitler og Goebbels – under debatten leia av Fredrik Solvang frå NRK. (Foto: Dag Jenssen)
Det som går føre seg på scena er kaotisk. Meløy og Brøske har tatt all verdas autoritetar og krigsherrar inn i førestillinga, og med det krigens kaos og absurditet.
Kommandanten er ei forestilling med mange (!) lag som heile vegen kommenterer seg sjølv og kvarandre. Og innimellom så ramlar dette kaoset akkurat over kanten.
Og når ein til og med skal ut av rolla og kommentere det «absurde» ved å synge alt ein seier, så blir det eit noko desperat forsøk på å bryte med forma. Joda, det er eit av mange gongar i løpet av forestillinga eg trekk på smilebandet.
Men spørsmålet mitt blir – er det nødvendig?
Altså, for all del – eg trur eg, med mange, ofte har kjent eit behov for at operaverda skal løfte seg ut av sitt (ofte…) konservative, sjølvhøgtidelege ekkokammer med reglar, etikette, stammespråk og hierarki. Difor synest eg at det faktisk er litt deilig at Kommandanten prøvar å bryte med form, og kommentere dei absurde delane ved seg sjølv.
Men sett at det er nødvendig – var dette vellukka?
Dei går inn og ut av roller, og vi ler. Men eg kjenner etterkvart også på at eg har lyst å rope – «Slapp av! Det går fint! Vi kjøper det! Det er ikkje flaut no, vi er heilt inni det – stol på dykk sjølve!»
Eg trur Kommandanten her kunne balansert det satiriske, det absurde med den sterke forteljinga som faktisk ligg til grunn her. Om dei berre hadde turt å stå i det, i alle fall etterkvart, også det som var alvorleg. Eit eksempel på nokon som har lukkast med ei slik balanse er Taika Watiti sin film JoJo Rabbit frå 2019, som frå ein sjokkerande humor går til ei rørande, sterk avslutning.
Magne Fremmerlid som Mussolini, Daniel Rene Sagstuen Sæther som Cæsar og Aleksander Nohr som kommandant Birger Eriksen. (Foto: Dag Jenssen)
Det som på mest vellukka vis bryt med forma og reflekterer det absurde er Trygve Brøskes musikk. Og den står sterkt heilt aleine.
Og joda, Kommandanten fekk nok publikum og meg til å reflektere over både krig, autoritetar, Ukraina, ytringsfridom og flokkmentalitet gjennom kaoset.
Men historia om 9. april vart sterkast fortalt denne dagen frå den lokale guiden på festninga, Morten Svinndal. Heilt utan kostyme eller radikale formgrep eller noko som helst – han stolte på sitt eige uttrykk og på at forteljinga stod sterkt i seg sjølv.
















