Hopp til innhald
Tromsø Symfoniorkester

Heilskapen er større enn summen av delane

Nordlysfestivalen er den første festivalen som har hatt besøk av samtlege av landets symfoniorkestre. Dette er kanskje ikkje eit mål i seg sjølv, men resultatet av samarbeidet mellom Tromsø og Kristiansand symfoniorkester var særs vellukka. Ballades utsendte har vore på konsert og lete seg begeistra.

Av Ida Habbestad

Symfoniorkestra i Tromsø og Kristiansand slo seg saman for ei veke under Nordlysfestivalen i Tromsø. Fredag heldt dei konsert med Wallin, Sibelius og Sjostakovitsj på programmet – og med dette prova dei sine utsegn om at det første samarbeidet mellom landets nordlegste og sørlegste orkestre er eit storhende.

Med sine høvesvis 22 og 50 tilsette musikarar, oppnådde dei to orkestra gjennom samanslåinga ikkje noko anna enn ei normal orkesterbesetning. For landets to minste symfoniorkestre er ikkje standardbesetninga noko dei kan unna seg kvar dag – og for den betre vande var det lett å forestilla seg at dei to orkestra til saman berre ville utgjera eit middels bra symfoniorkester.

Slik vart det imidlertid ikkje. Snarare tilførte samansetjinga ein kvalitet ut over antalet musikarar og deira ulike utgangspunkt – ein kvalitet som ikkje enkelt let seg ordfesta, men som handla om musikarane si tydelege begeistring over prosjektet, repertoaret, dirigenten – og som alt frå starten manifesterte seg både i den musikalske og den visuelle opplevinga.

Samhandling – eller også berre handling?

Nærast som eit symbol på det ovanståande, vart konserten innleiia med Rolf Wallin sitt verk, «Act», som i følgje komponisten nettopp er ein hyllest til det samhandlande mennesket.

«Act» er eit usedvanleg bra stykke. Det fungerar godt både for orkestret og for lyttaren – og det er med rette at komposisjonen etter urframføringa ved Cleveland Orchestra i 2004 i ein samtidsmusikk-målestokk har gått som ein farsott, med konsertar i England, Austerrike, Island, samt hjå alle dei norske symfoniorkestra.

Gjennom verket illustrerer orkestret menneskeleg samhandling; frå opninga der musikarane presenterer sine individuelle, ueinsarta bidrag, til avslutninga der dei stadig meir trekkjer i same retning; einsretta, framover. Tross fokuset på å trekkja i felles retning, var det fascinasjonen over korleis enkeltstemmene var sette opp mot kvarandre i spaningstilhøve som var sentralt for underteikna ved denne framføringa. Tanken gjekk like gjerne til ‘act’ som til ‘interact’; handlinga, rørsla, spelet – og alt som krever energi.

Tungt og uvørent

Kulturhuset i Tromsø kan ikkje seiast å vera skapt for symfoniorkesterkonsertar, og det var berre så vidt at samtlege musikarar fekk plass på scena. Det må òg vera utfordrande å vera solist med orkestret i eit rom der akustikken ikkje gjev utøvaren nokon hjelp overhodet. Rommet mogleggjorde likevel ein distinksjon som var interessant for alle dei tre verka. Særleg i kveldens andre verk, Sibelius’ fiolinkonsert i d-moll, var det ein spesiell klarhet ved framføringa, som gav rom for Sibelius mange nyansar i komposisjonen.

Ledige stillinger

Kolbjørn Holthe, som òg er Tromsø-orkestret sin kunstnarlege leiar, gjorde ein overtydande jobb som solist, medan orkestret her kanskje ikkje alltid var like presise i si oppfylgjing. Både solisten og dirigenten tyktest framheva det varme uttrykket i denne framføringa. I tillegg framsto Holthe si tolking som både tung og uvøren – i positiv forstand. Til dømes var det tydeleg i 3. sats, der Holthe gravde seg djupt ned i klangen og henta ut det som fanst av tone i instrumentet, for så å gje slepp på denne klangen og brått gå vidare. Slik framsto tolkinga usentimental men likevel særs ekspressiv.

Rom for det individuelle

Konsertens definitive høgdepunkt var Dmitrij Sjostakovitsj 5. Symfoni. Verket vart på mange måtar ein styrkeprøve mellom dei ulike stemmegruppene i orkesteret – der alle gjekk seirande ut. 2. sats var ein høydare, der Rolf Gupta dansa for sitt publikum medan han let musikarane forma sine bidrag i valsen med særpreg.

I det vesle rommet med så mange musikarar vart lydnivået etterkvart overveldande – eit massivt trøkk slo mot tilhøyrarane så heftig at heller ikkje musikarane klarte skjula si boblande begeistring over sin eigen produksjon av lyd; dei sat glisande på podiet gjennom den siste intense utblåsninga i 4. sats.

Er det rart ein blir begeistra?

Ledige stillinger

Relaterte saker

Mari Boine

Nordlysfestivalen åpner idag

Festivaldirektør Hilde Johnsen byr på et variert program når Nordlysfestivalen åpner i Tromsø idag. Mikhail Alperin tjuvstartet med solokonsert i...

Mari Boine

Nordlysfestivalen vender tilbake med solen

Nordlysfestivalen er alltid årets første musikalske høydepunkt i Tromsø. Torsdag 23. januar 2003 braker det løs igjen. Her blir det...

MiNensemblet

MiNensemblet til Nordlysfestivalen med elektronisk lyddesign

MiNensemblet har base i Narvik, Nordland, og har med årene skaffet seg nasjonal og internasjonal oppmerksomhet for sitt arbeid. I...

MiN ensemblet

Nordlysfestivalen 2007

Programmet for Nordlysfestivalen er klart, og som overskrift har de valgt 20 år med musikalsk mangfold. Her kan du lese...

Oslo Filharmonien

Kulturmeldinga om symfoniorkestra, fleksibilitet og kvalitet

Symfoniorkestra tilfører musikklivet eit eineståande tilbod av både norsk og utanlandsk musikk. Musikarar i orkestra har dessutan ofte andre viktige...

Trondheim Symfoniorkester

Kristiansand håper på symfoniorkester

Kristiansand krysser fingrene i håp om et eget symfoniorkester, Bergens-Filharmonien fortviler mens symfoniorkestrene i Trondheim og Stavanger gleder seg over...

Flere saker

SOFIE DEATHMAN BERLIN 03A FOTO THOMAS KOLBEIN BJORK OLSEN BERLINKONTOR 37075cf7be

– Vi kan ta oss alle frihetene som manneband kan

– Jeg har noen kjepphester når det kommer til fordelingen av penger mellom menn og kvinner i bransjen. Derfor spiller...

Cheb Runner spilte på Melaklubb på Khartoum høsten 2022.

To Oslo-klubber med musikkprofil stenger dørene

Siste dans for Khartoum Contemporary Art Center og Godthåb Cafe & Bar.

Operaen Medea – Nordlysfestivalen

Nordlysfestivalen: All We Have Is The Past

Prog, babyopera, verdensstjerner og Arktisk Filharmoni. Det er fortsatt mulig å få med seg store musikkopplevelser på Nordlysfestivalen i Tromsø...