Hopp til innhald

Fartein Valen-prisen til Weydahl og Smebye

Juryen for Fartein Valen-prisen har i år vald å dele denne mellom dei to musikarane Hanna-Marie Weydahl og Einar Henning Smebye. Begge to har i mange år gjort ein stor innsats for samtidsmusikk generelt, og Fartein Valen sin musikk spesielt. Valen-prisen kan både delast ut til ein som på ein fortenestefull måte har styrka omdømmet til Fartein Valens musikk, og ellers vist engasjement, produktivitet og kvalitet innan samtidsmusikkområdet.

Fartein Valen-prisen kan delast ut til ein som på ein fortenestefull måte har teke del i arbeidet med å styrka omdømmet til Fartein Valens musikk. Eit anna grunnlag er engasjement, produktivitet og kvalitet innan samtidsmusikkområdet.

Prisen går til musikarar, songarar eller andre innan musikkfeltet som er ferdig med si utdanning og som står i ein profesjonell, utøvande karriere. Prisen er på kr 80.000 og vert finansiert av Sveio kommune, Haugesund kommune og Haugaland kraft.

Tidlegare prisvinnarar er Ole Bøhn (2002) og Arve Tellefsen (2004)

Juryen for Fartein Valen-prisen, som består av Erling Dahl jr., Einar Steen Nøkleberg, Ole Jørgen Furdal, har i år vald å dele prisen mellom dei to musikarane Hanna-Marie Weydahl og Einar Henning Smebye.

— Begge to har i mange år gjort ein stor innsats for samtidsmusikk generelt og Fartein Valen sin musikk spesielt, seier Ole Jørgen Furdal.

— Hanna-Marie Weydahl har hatt eit spesielt tilhøve til Valen sin musikk gjennom heile livet, og har formidla musikken hans gjennom konsertar, foredrag, radio- og TV og plateinnspelingar. Det er veldig mange som har fått både ei ny forståing og ei ny oppleving av denne komponisten gjennom hennar innsats.

Om Einar Henning Smebye seier juryen:

— Einar Henning Smebye gledde denne våren mange musikk-interesserte med ein dobbel CD som inneheldt pianomusikken til Fartein Valen. Tolkinga er eit resultat av ei stor musikargjerning der Fartein Valen har hatt ein sjølvsagt plass. Samtids-musikken har og heile tida hatt ein integrert del av hans repertoar.

Hanna-Marie Weydahl og Einar Henning Smebye vert invitert til Fartein Valen-festivalen 2006, der prisoverrekkinga vert gjort i Fartein Valen-heimen søndag 23.april. Festivalen feirar i 2006 sitt 25-års jubileum.

Du kan lese meir om Fartein Valen-festivalen på denne lenka, eller i artikkellenkane nedst på denne sida.

Ledige stillinger

Ledige stillinger

Relaterte saker

Fartein Valen festivalen 2005 (utsnitt av plakat)

Valen-festivalen 2005: Den 25. i rekken

Årets utgave av Fartein Valen-festivalen i Haugesund er den 25. i rekken. På denne tiden har festivalen utviklet seg til...

Arve Tellefsen

Valen-prisen 2004 til Arve Tellefsen

Fartein Valen-prisen for 2004 er blitt tildelt fiolinisten Arve Tellefsen. Prisen er på Prisen er på 80.000 norske kroner. Den...

Fartein Valen

Fartein Valen-stipendet 2005

I samband med meldinga om at Arve Tellefsen er vinnar av Valen-prisen for 2004, tillyser Sveio kommune Fartein Valen-stipendet for...

Fartein Valen litografi av Aarrestad,

Fartein Valen-prisen 2006

Fartein Valen-stiftelsen lyser med dette ut Fartein Valen Prisen for 2006. Bak prisen står Fartein Valen-stiftelsen, Sveio og Haugesund kommunar...

Fartein Valen logo

Fartein Valen Prisen 2004

Sveio og Haugesund kommuner har sammen med Haugaland Kraft og Fartein Valen Stiftelsen stilt midler til disposisjon for tildeling av...

Fartein Valen dagene

Valen-dagene åpner i Haugesund idag

I dag åpner åpner Bergen Filharmoniske Orkester Fartein Valen-dagene i Vår Frelsers kirke i Haugesund. Dirigent og pianosolist er den...

Flere saker

Mind over MIDI

Mannen bak Mind over Midi og en enorm mengde elektronika er borte

Skaperen av ambiente snøfonner, vakker dub og en imponerende mengde musikk er død.

Thomas Ryjord, daglig leder i Trondheim Calling

Ryjord slutter som Trondheim Calling-leder

Regionfestivalen med showcaser og bransjetreff søker etter ny daglig leder.

Steinar Kallander med den legendariske gitaristen James Burton på Gamla

Tar utleie over konsertmarkedet?

Fått spillejobb? Eller kanskje arrangert spillejobb selv? I følge Steinar Kallander, som booker for Gamla i Oslo, er utleie av...