NordlandMFUke20_SkyNY0108

Rekord for Vossa Jazz

Vossa Jazz 2001 var kunstnarleg og arrangementsteknisk svært vellukka. Publikumstilstrøyminga auka med 13 prosent i høve til i fjor, og for første gong sidan 1995 har festivalen no positiv eigenkapital.

Kalender

Cantango på Gamle Raadhus Scene

02/09/2020 Kl. 19:00

Oslo

Legg til arrangement
Se alle

Vossa Jazz 2001 vart skipa til i dagane 6. – 8.april. Dette var den 28.festivalen på rad, og ein selde omlag 13.000 billettar til ein samla verdi på vel 1,5 millionar kroner. Heile 48 tilskipingar vart avvikla. Det deltok i alt 171 profesjonelle musikarar/kunstnarar (142 norske).

Overskotet på kr. 300.702,- gjer at festivalen for første gong sidan 1995 har positiv eigenkapital. Den er på 8.424,- kr. I løpet av dei siste to åra har festivalen forbetra eigenkapitalsituasjonen med heile 730.000,- kr.

­ Vossa Jazz sette seg som mål å få ein pluss på 300.000,- kr. dette året. Dette har me greidd med tøff økonomistyring og ein del drastiske kutt i utgiftene, seier dagleg leiar Lars Mossefinn, som legg til at ein no vonar det skal bli mogleg å få til ein avtale mellom dei offentlege tilskotspartane som sikrar festivalen økonomisk.
Mossefinn reknar med at potensielle sponsorar med glede har merka seg den vellukka økonomiske snuoperasjonen, og at Vossa Jazz dermed framstår som eit endå meir forlokkande sponsorobjekt.

Trass i økonomisk hestekur held Vossa Jazz skansen som eit viktig utstillingsvindauge for norsk, nordisk og europeisk jazz. Gjennom eigenproduksjonar og scenepremierar (heile 7 i talet) har Vossa Jazz helde ein sterk stilling som nyskapar og utviklar av norske jazztradisjonar.

Tingingsverket til Eldbjørg Raknes «So Much Depends upon A Red Wheel Barrow» og samarbeidet mellom Gabriel Fliflet, Ole Hamre og Knut Reiersrud med gjester som Stanisa Stosic, Ljubisa Rajic og Jens Stoltenberg illustrerer viktige aspekt ved Vossa Jazz – kreativitet, mangfald og kvalitet.

Under vignetten «Dra pao!» skapte festivalen for tredje året på rad ein arena der unge, utforskande musikarar møtte eit talrikt lyttande og dansande publikum med snittalder 10 – 15 år under det øvrige festivalpublikummet.

Vossa Jazz introduserte nye ukjende musikarar for eit talrikt festivalpublikum. Den 16 år gamle bluesgitaristen frå Dale, Tommy Kristiansen og den meir enn 30 år eldre gitarkollegaen frå USA, Mike Gallaher fekk båe vist at Vossa Jazz 2001 berre var byrjinga. Nytt og ukjent namn var også jugoslaviske Dragoljub Duricic og perkusjonskollegane hans.

I tillegg – Vossa Jazz 2001 presenterte Herborg Kråkevik og Unni Willhelmsen frå nye, interessante sider.

Den viktige tilveksten til festivalprofilen frå i fjor, «Badnajazzen» vart vidareført i same omfang og presenterte «Livet i Lyriaka» som gav elevar ved Gjernes skule skapande så vel som utøvande utfordringar.

På generalforsamlinga tysdag kveld vart Grethe Sabri attvald som leiar for styret.

Stillinger

Direktør for komponisthjemmene

KODE Kunstmuseer og komponisthjem

Kantor

Haugesund Kirkelige Fellesråd

Festivalsjef

Kongsberg Jazzfestival

Assistentdirigent

Arktisk Filharmoni AS

Daglig leder

Høstscena

Pianostemmere/ klaverteknikere

Norges musikkhøgskole (NMH)

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev