Hopp til innhald
Dei Kjenslevare

NATURTILSTANDEN: Dei Kjenslevare er Ole-Henrik Moe og Eilif Moe (bak), Helga Myhr, Kari Rønnekleiv og Rasmus Kjorstad (midtre rad), samt Anne Hytta, Marianne Tomasgård, Laura Marie Rueslåtten og Tore Gjedrem.(Foto: Asle Olsen/Motvind Records)

Den mest framoverlente musikken i dette landet kjem frå lyttande folkemusikarar

Heile vegen små variasjonar. Ballade assosierer seg langs lange, historiske linjer og menneskets samspel med naturen igjennom to viktige nye, norske plater.

Benedicte Maurseth si Hárr og Dei Kjenslevare si Kjenslevarulv er plater i spissen for den mest særeigne, framoverlente musikken vi finn i dette landet akkurat no. Den kjem frå lyttande folkemusikarar, ja vi kan snart snakke om ein norsk tradisjon skapt av folkemusikarar som kjem til kunstmusikken og det fri-improviserte – frå nye lyttevinklar.

Vi starter hos sjølvaste Steve Reich. Ein av pionérane innan minimalisme. Komposisjonane hans er bygde på repetisjonar og små variasjonar over tid. Lytt til hans verk «Music for 18 musicians», i denne videoen framført i Vaterlandspassasjen i Oslo og Bergen stasjon, av eit ensemble frå Noregs musikkhøgskole:

Når du lyttar til denne musikken, kan det med ein gong høyrest ut som om dette berre er det same omatt og omatt heile tida. Men om du engasjerer deg, leitar etter variasjonar, lyttar etter ulike nivå i musikken, finn detaljar – då blir du som lyttar også skapande.

Ein gong tok eg toget med Reich på øyret. Trea flimra forbi vindauget, synkronisert med musikken. I enden av skogholtet opna landskapet seg og musikken svevde vidare.

Det er som om Reich stoppar opp ved eit slikt landskap, og ber deg bruke tid der.

I eit stillbilete av eit landskap står alt stille. Men om du sit og stirrar utover ein skog, ein dal, ei vidde, så ser du bitte små rørsler. Greinene på grana vaiar kort og forsiktig fram og tilbake med vinden, eit blad ligg og skjelv på same stad. Bølgene på vatnet ser ut som dei same heile tida, som om dei repeterer. Landskapet ser ut som det er i loop. Men ser du nærare, så er det ikkje i loop – det er heile vegen små variasjonar.

Reiser du deg for å gå, så endrar alt seg. Går du, så lyttar du og er skapande.

Høyr no på «Heilo» frå Benedicte Maurseth:

Benedicte Maurseth – Hárr (Hubro 2022) (Foto: Grappa Musikkforlag 2022)

Minner det deg om noko? Dette er mogleg å høyre som eit framhald av Reich sitt verk. Håkon Mørch Stene skaper bølger med vibrafonen saman med saksofonist Rolf Erik Nystrøm og Mats Eilertsens perkussive kontrabass. Så kjem Benedicte Maurseth inn med hardingfela. Det er som ho løftar handa og peikar på noko i horisonten.

Maurseth finn motiv i lydlandskapet, lik ein naturfotograf.

Ledige stillinger

Fredag 25. februar kjem plata Hárr, og i den går Benedicte Maurseth gjennom lydlandskapet, og syner oss nye motiv, nye vinklar og musikk. Musikarane ho har med seg kjem frå samtidsmusikk, jazz og omeign.

Maurseth er født i Eidfjord i Hardanger, og kallar Hárr for ein hyllest til dyreliv og fjellfolk på hennar heimstad. Namnet er henta frå eit av dei mest markerte fjella på Hardangervidda.

Maurseth bevegar seg i dette landskapet, og undervegs på plata har ho også klipt inn lydopptak, musique concrète, der feltopptak får plass som musikalske element. I «Reinsdyrbjøllar» kling reinsdyrbjellene i tonar med Eilertsens kontrabass. I «Hreinn» er det ein kakafoni av fuglar som møter tømmeret i kontrabassen og Maurseths hardingfele. Og i lydkollasjar pakkar ho inn intervju med tippoldefaren Franz Gustav Andersson Törna (Sæbø) frå Nord-Sverige, og oldefar Leif Maurseth, veidemenn og tamreinsgjetarar.

Benedicte Maurseth. (Foto: Øystein Haara)

Alt dette tilfører ein dimensjon til lyttinga som fører oss i kontakt med lange, historiske linjer og menneskets samspel med naturen – igjen er det som om Maurseth peikar på motiv.

Tidlegare i februar kom plata Kjenslevarulv frå gruppa som kallar seg Dei Kjenslevare. Her er det som om noko av det same lydlandskapet som Maurseth har bevega seg i har blitt plukka frå kvarandre, og går endå nærare detaljane.

Dei Kjenslevare – Kjenslevarulv (Motvind Records 2022) (Foto: )

Dette er den fjerde utgjevinga i serien «Perspektiv på norsk folkemusikk» frå Motvind Records, plateselskapet til Motvind Kulturlag. Brødrene Rasmus og Hans Kjorstad er sentrale her, og ei av utgjevingane i serien var mellom anna Helga Myhr si debutplate Natten veller seg ut (Motvind 2019).

Ni musikarar, fem av dei med hardingfele, går djupt inn i klangen. Inn i det skarpe, det skingrande og inn i det vare og varme. Her er klangar frå Xenakis og Ligeti like nærverande som norske feletradisjonar.

I opninga «Tidlig hulder (Fekk dei has på han Haas?)» er det berre så vidt det sildrar ein tone. Det er forsiktig, forsiktig, men vi høyrer at det er mange musikarar. Det skaper ein intens energi i denne eine tonen.

Torkjell Hovland skriv Ballade assosierar ein gong i måneden. (Foto: privat)

Gjennom denne tonen blir vi nullstilt og opne for inntrykk. Etterkvart veks det dissonerande tonar, djupe tonar og små melodistubbar rundt denne eine, og vi høyrer eit meir og meir komplekst lydlandskap. No kan vi kan gå inn i detaljane og studere elementa som aktive lyttarar.

Når dei på «Valkyrie Eleison» bryt av og felene vrenger bogen og slenger tonar mot kvarandre, er det som om musikarane her går i aktiv dialog med lydlandskapet dei har etablert. I «Bronsesfære» skaper musikarane eit svevande og luftig lydbilete, og i «Liten Vindgud» er det omtrent berre lufta igjen.

Slutten, på «Messingskum», blir vi slengt inn i ein massiv vegg av tonar, eit kluster liknande Xenakis’ klangflatemusikk. Likevel med ein sterk identitet i klangar frå folkemusikk. Dei Kjenslevare har ført oss hit, lurt oss inn hit frå første spor, og no høyrer vi på denne klangflata med heilt andre øyrer.

Slik blir lytteopplevinga i denne musikken lik naturopplevingar. Stopp opp i lydlandskapet til Maurseth og Dei Kjenslevare, så peikar dei på vardar i landskapet og viser deg motiv.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Sondre Ferstad og kvartetten

Melodiar som snirklar seg rundt i hovudet, som planter strekk seg mot sola

Ballade assosierer: Me opnar jazzsesongen med tingingsverk og viltvoksande melodiar og epleblomar.

Henriette Eilertsen

Denne musikken samlar tankane

Nytt år, nye forsett: Kor ofte lyttar du konsentrert til musikk? Kor ofte nyttar du musikk til å konsentrere deg? Dette...

Linn Nystadnes, en koronameter, og til høyre: Sex Judas’ Tore Gjedrem

– Musikkbyen Oslo ligner New York i sin storhetstid

For å lage sin åpne, funky undergrunnsdisco, hjelper det å være en del av den åpne, rause undergrunnsscenen i Oslo....

Ardittikvartetten (2) FOTO: Robin D'amore

Ovasjoner for Ole Henrik Moe

Ole Henrik Moe’s verk «LENGER», for strykekvartett og solo fiolin ble møtt med trampeklapp og bravorop under premieren i Donaueschingen...

Flere saker

Bad Brooks

– Som arrangør og musikkskaper havner jeg stadig i diskusjon med Tono

Er systemet for vederlag så firkantet at jeg må betale Tono for å fremføre min egen musikk, for så å...

Stein Høyer, NK Foto: Anna Granqvist.

Ønsker samarbeid

– Nå virker det rolig rundt i det ganske land. Stemninga er god. Sentralstyret er fornøyd med situasjonen, og vi...

SINGELKUNSTEN: Søren Hawkes førestill seg juledagane i 1914 – kunstnaren jobbar som guide i Ypres i Flandern der skyttergravene kravde store offer under fyrste verdenskrig.

Ho syng om den spontane våpenkvila for 111 år sida

Syng om soldatar langt heimefrå.