Sondre Ferstad og kvartetten (Foto: Tobias Liljedahl)

Melodiar som snirklar seg rundt i hovudet, som planter strekk seg mot sola

Ballade assosierer: Me opnar jazzsesongen med tingingsverk og viltvoksande melodiar og epleblomar.

Kalender

La Llorona, den gråtende klarinett

21/05/2022 Kl. 19:00

Oslo

Operapub på Røverstaden

25/05/2022 Kl. 19:00

Oslo

Lørdagsopera – DON PASQUALE (utdrag)

28/05/2022 Kl. 15:30

Oslo

Konsertforestillingen Klarinett & Foto

29/05/2022 Kl. 14

Viken

Torkjell Hovland skriv Ballade assosierar. (Foto: privat)

Mette Rasmussen, Veslemøy Narvesen og Ingebrigt Håker Flaten opna oslosesongen på Nasjonal jazzscene med tingingsverket Time travels through us. Gjennom munnspelar Sondre Ferstad si nye plate Snirkelsongar kan du høyre verda i melodiar, og slagverkar Stian Lundberg si Eplerose er like velspelt som det er energisk.

Snirkelsongar frå Sondre Ferstad – Verda er melodiar
Kanskje har du høyrt han med Trondheim jazzorkester, eller med Jul på Sunnmørsk? Når eg høyrer på Sondre Ferstad sine ferske Snirkelsongar, blir eg slått i bakken av melodiane.

Pianistar og gitarister opplever verda i harmoniar, slagverkarar og bassistar i rytmer, songarar i tekst og klang, men munnspelarar – dei høyrer melodiar.

Sondre Ferstad – Snirkelsongar (Foto: Øra Fonogram)

Ferstad sine snirklar seg som planter strekk seg mot sola. Allereie på opningslåta, «Snirkelsong» kriblar det i meg slik det gjer når melodiar er på sitt vakrast formulerte. Melodien blir setningar i eit dikt der leiken med ord løftar fram ei tekst på sida av den teksta vokalisten syng. 

Og så er det vokalist Heidi Skjerve då, ei av dei rikaste stemmene i norsk jazz dei siste 20 åra. Kvar tone og kvart ord får like mykje kraft og omtanke frå Skjerve. Ho treng berre synge to ord, to tonar, før ho får tilgang på heile kjensleregisteret til lyttaren.  

Pianist Vegard Lien Bjerkan nikkar til Christian Wallumrød i sitt trøorgelspel, Wallumrød som komponisten Ferstad sjølv oppgir som ein sentral inspirasjon – lytt for eksempel til «Koral». Bassist Morten Berger Stai tilfører ein balansert varme til trøorgelet og munnspelets piper.

Snirkelsongar har snirkla seg rundt i hovudet mitt sidan første gjennomlytting og dei sterke melodiane dukkar opp i plystring på butikken.

Og så er jo dette eit svært sjeldant høve til å trekke fram nokre musikkhistoriske munnspel-moments. No er nok Sondre Ferstad heilt sikkert lei av at den einaste referansen til jazzmunnspel folk har er Toots Thielemans, men samtidig – det er openbart mykje Toots i spelet til Ferstad. 

Toots Thielemans spelte ved fleire anledningar med bassgud Jaco Pastorius. For eksempel på ei av sistnemnde guds vakraste låtar – Three Views of a Secret. Denne videoen frå 1985 er eg glad i av fleire grunnar:

Dette er Jaco to år før han døde tragisk ung. Her kosar han seg barnleg og leiken på piano, slik som han var. Jaco kjempa mot sine demonar, men her kjem gutungen fram – Jaco-biografien til Bill Milkowski kan sterkt tilrådast! I denne videoen frå Belgia går hans eldre leikekamerat, Toots avslappa opp på scena frå publikum og samspelet mellom dei er naturleg leikent og vakkert om kvarandre. Dei utvekslar det lure smilet etter det andre, også gjennom spelet.

Toots og Sondre opplever nok verda i melodiar.


Eplerose
frå Stian Lundberg – eit kaldt bad i jazzrock-tradisjonen
Stian Lundberg er ein slik trommis som har dukka opp i ei breidt utval samanhengar. Alt frå rockebandet Johndoe til jazz-jazz og viser. Eplerose er andre utgjevinga frå kvintetten hans. Musikken på Eplerose er planta ein stad mellom Elephant 9, Hedvig Mollestad og Geir Sundstøl om vi skal halde oss i den norske notidige jazzhagen.

Stian Lundberg – Eplerose (Foto: Øra fonogram)

Med seg på laget har Lundberg fleire sentrale aktørar frå Trondheimsmiljøet. Vegard Lien Bjerkan dukkar opp også her, denne gongen på eit orgel som det er vanskeleg å fri frå spøkelset til Ståle Storløkken. Ordet «spøkelse» er nærliggande når du høyrer det spooky orgel-soundet på «Bulkesmiespel».

Trommespelet til Lundberg sjølv er nok tydelegare planta i rocktradisjon enn jazztradisjon, noko som gjer at uttrykket tight og herleg med ei «vi går rett fram samme hva vi støter på»-haldning.

Lundberg badar i tradisjonen, det er eit isbad i referansar vi blir kasta ut i frå start. Og det er deilig det, altså – det er som om ein kan høyre i musikken at dette er ein musikkfan.

Albumet er både velspelt og energisk, motivert og moro engasjerande å høyre på. Men likevel – det eg er usikker på er om musikken glir litt lett forbi. Eg manglar liksom ein x-faktor, noko som skil det frå sine assosiasjonar – nokre nye idear eller vinklingar på tradisjonen Eplerose står i.

LIVE: Sesongopning på Victoria: Mette Rasmussen Trio North – Time Travels Through Us
På fredag var det sesongopning på Victoria Nasjonal Jazzscene. Jan Ole Otnæs ynskte velkommen og presenterte eit vårprogram til å få vatn i munnen av – så får vi berre håpe at innreiserestriksjonar og anna møkk blir måka vekk i tide til alle desse gullbillettane (Brad Mehldau trio med TO konsertar i mai!)

Eg fekk plass på galleriet, med fin utsikt over den enorme installasjonen til tekstilkunstnar Pia Antonsen Rognes. «Jakten på nyresteinen?», lenar sidemannen seg og kommenterer dei abstrakte, raude tekstil-«organa» som strekk seg gjennom rommet over publikum. Rasmussen, Narvesen og Håker Flaten hadde kostymer lyst opp med små dioder på scena.

Mette Rasmussen Trio North på Victoria. (Foto: Francesco Saggio)

Åh! Ja til meir scenografi på jazzkonsertar! Det gjer noko med lyttinga, at vi blir ført inn i eit heilt nytt rom, noko som er spesielt viktig på ei scene med konsertseriar som Victoria. Kim Myhrs rom var eit anna høgdepunkt i fjor.

Den danske saksofonisten Mette Rasmussen har budd i Trondheim i fleire år. Som oftast er ho fritt improviserande på scena, men har den siste tida brukt tid på komposisjonsstudier. Denne gongen var det notestativ på scenen og ein konsentrert trio vi møtte under leiing av Rasmussen.

«A hashtag without content» kom tidleg i konserten. Her dukka prosjekterte ord opp på bakteppet, og vart lest opp over anlegget, ord kjente frå hashtag-sfæren og ja, ofte utan innhald. Eg trur eg enda opp med at dette vart litt for enkelt eller banalt slik det fungerte her. Det stakk liksom ikkje djupt nok.

Det var solopartia som gav mest på denne konserten. Rasmussen hadde nokre sterke, syngande linjer som kommenterte sine eigne låtidear. Konsertens høgdepunktet kom på låta som etterfulgte «hashtaggen»,  «400 years night» med Ingebrigt Håker Flatens solo over Narvesens lyttande ride, etterfulgt av Narvesen som naturleg tok Håker Flatens forteljing vidare. Eg skulle berre ynskje at ho heldt på lenger.

Sjølv om det var ting som hangla, vart dette ein sterk sesongopning alt i alt, og ikkje minst bar det bod om ein trio med enormt potensiale for nye vinklar på den musikalske tradisjonen dei står i.

Konserten vart strøyma, og ligg framleis ute i heilskap her:

https://youtu.be/2BWNFo1G0GM

 

Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland om ny, jazzbeslekta norsk musikk.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Les mer her.

For å kommentere og diskutere artikkelen må du være logget inn på Facebook. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du alltid sende oss en e-post.

Stillinger

Universitetslektor i akkompagnement

UiT Musikkonservatoriet (MK)

Nettredaktør

Norges musikkhøgskole (NMH)

Kantor/organist

Larvik kirkelige fellesråd

Markedsansvarlig

Musikk i Nordland

Universitetslektor i fagdidaktikk i musikk

Norges musikkhøgskole (NMH)

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev