Denne musikken samlar tankane
Nytt år, nye forsett: Kor ofte lyttar du konsentrert til musikk? Kor ofte nyttar du musikk til å konsentrere deg? Dette er musikken som på ulike måtar hjelper deg å finne fokus på heimekontoret.
Nyttårsforsett er visstnok ein dårleg strategi for varig endring, seier dei som har skjøn på slikt. Likevel kastar vi oss på det kvart år. Iallefall gjer eg det. Eit vanleg forsett er å kvitte seg med det som berre er distraksjonar og bruke meir tid på meiningsfulle ting. Å vere meir til stades i augeblikket, å finne fokus.
No vart visst heimekontoret med oss inn i 2022 også. Vi lever i ei verd av distraksjonar, og på heimekontoret er for dei fleste denne verda skrudd til på max.
Ein positiv ting er at det gjerne er lettare å høyre meir på musikk på heimekontoret. For nokon kan musikk kan vere ei hjelp til å sone inn i arbeidet med behageleg bakgrunnsmusikk. For andre blir det uansett ein distraksjon, og dei arbeider best i stilla.
Men musikk kan også vere ei god øving i konsentrasjon og fokus. Ta deg ei lyttepause der du i staden for å scrolle på tanketomme videoar gir fokus til god musikk. Kanskje tenkjer du nye tankar, får løyst den floka, eller endeleg klarer å få overblikket.
Fokusmarknaden
Dokumentarar om sosiale medier og vår hyperteknologiske kvardag som The Social Dilemma var ein skrekkfilm frå røynda for mange. Dei store tek-gigantane prøvar å løyse oss frå distraksjonane sine med nye funksjonar som «skjermtid» eller «jobbfokus», men vi kjem ikkje unna det faktum at dei uansett vil at vi skal bruke endå meir tid på deira teknologi.
Om ikkje samanhengande, så har vi no levd med heimekontor sidan mars 2020, og for veldig mange er den kvardagen utfordrande. Der arbeid og fritid, leksehjelp og teams-møter flyt saman i ei salig suppe.
Mange kastar seg på sjølvhjelpstipsa, appar, nye metodar og rutinar – nyttårsforsett. Det er meditasjonsappar, Yoga-videoar på youtube, appar som låser pcen til kun det programmet du skal jobbe i, podkastar om «successful people´s morning routines».
Og blant alt dette finn du lyd og musikk.
Appar med bakgrunnsstøy, kvit støy eller lyden av regn og bølgjer skal hjelpe deg å lukke distraksjonar ute og stressnivået nede. Og på strøymetenestene florerer det med spelelister som «work from home with (…)», «Find focus with minimalist music». PPM – Peaceful Piano Music, er ein av Spotify mest populære sjangrar, og listene med fokusmusikken har skyhøge lyttartal.
Vår dårlege konsentrasjonsevne og mentalhelse på heimekontoret er blitt ein enorm marknad.
Då er det kanskje ikkje overraskande, at fleire av desse listene er fulle av falske artistar. Artistar som Karin Borg med låta «Norrsken» som har 87 millionar avspelingar. Men Karin Borg eksisterer ikkje. Det berre høyrest slik ut. Bak står produsentane Andreas Romdhane og Josef Svedlund (kilde). Komisk nok har nokon laga ei side med fantasifulle biografiar om musikarane.
Så på lista over nyttårsforsett i år tek du med: – Vere ein medviten forbrukar av musikk.
Men er det så farleg då?
Neida, og det er ikkje farleg at du kjøper kaffien din på Starbucks, klipper deg på Cutters og et middag på McDonalds heller. Og musikken skal ikkje bli nok ein stad med moralske kvaler av typen «Eg burde heller høyre på siste plata til Moskus enn denne Relaxing Spa Music som mest sannsynleg er autogenerert og lisensfri – men det er jo digg då».
Men for å hjelpe deg litt fram til god og ekte musikk til arbeidet har eg plukka ut nokre utgjevingar frå 2021 som både passar for djup lytting og i bakgrunnen på heimekontoret, og laga ei liste med mine beste spor på heimekontoret som eg oppdaterer jamleg!
Damata – What´s Damata
Ei av dei beste utgjevingane i jazzåret 2021, kom med Damata si første plate. Det drøymande lydbiletet til gitartrioen har surra i stova mi jamnt og trutt sidan plata kom ut i mars. Trioen består av gitarist Torstein Slåen, Karl Erik Horndalsveen på bass og Ola Øverby på trommer.
Dette er musikk som gjennom konsentrert lytting er fylt med kjensler og kloke musikalske refleksjonar. Samtidig fungerer klangen av Damata som eit godt leselys eller ei inspirerande utsikt til arbeidet. Eg trur det må vere noko med den introverte lyden av korleis Slåens silkemjuke gitar landar i dempa, intime trommer. 14 minutt lange «I Say Damata, You Say Matoma» er til å bli «relliøs» av!
Henriette Eilertsen – Poems for flute
Kor ofte set du deg og lyttar konsentrert til ei heil plate? Gløym meditasjon, yoga og mindfulness – ei konsentrert, distraksjonsfri gjennomlytting av fløytist og komponist Henriette Eilertsens Poems for Flute er ei øving i å legge merke til detaljane. Ei øving i å vere tilstades og til å fokusere på ulike nivå.
På Eilertsens solodebut, reiser du som lyttar inn i ulike rom. På reisa møter fløytisten musikalske vener som felespelar Hans Kjorstad og gitar-elektronikar Mike McCormick.
Poems for flute er ei uvanleg klartenkt plate som balanserer mellom improvisasjon og komposisjon, akustisk og elektronisk bearbeiding, romantiske melodiar og abstrakte lyduttrykk.
Kjetil Mulelid – Piano
Etter år med fyrkvartetten Wako og sin eigen trio, kom Kjetil Mulelid med sin solodebut Piano i fjor. Denne har eg venta på sidan Mulelid leverte ein lang og episk pianointro under ein Wako-konsert for nokre år sidan. Piano har blitt plassert på Spotify si eiga «Solo Jazz Piano»-liste blant Jarrett, Mehldau og Iyer – og der passar han godt inn, med høyrbare spor etter sine forgjengarar.
Piano er svært iøyrefallande musikk, og fyller rommet med gode kjensler. Likevel er dette musikk med solid kjerne. Ingen stykker her framstår umotiverte, og gjer at det som på overflata kan fungere som god bakgrunnsmusikk, fungerer akkurat like godt til lytting med augene attlatne mellom høgtalarar.
Som ein bonus legg eg ved arbeidslista mi som eg oppdaterer jamleg – signe arbeidet!
Ballade assosierer er en av fire faste musikkspalter på ballade.no. Én tirsdag i måneden skriver Torkjell Hovland omtaler og anbefalinger av ny, jazzbeslekta musikk – rundt rekker av sammenhenger mellom uttrykkene og musikkens tilblivelse.
De andre faste spaltene er Ballade klassisk og Ballade elektronisk (månedlig) og Ballade video (ukentlig).
Les mer her.
Ledige stillinger
Rektor
Gjøvik kunst og kulturskoleSøknadsfrist:31/10/2024
Førsteamanuensis i cembalo
Norges musikkhøgskole (NMH)Søknadsfrist:17/11/2024
Rådgiver for eksport og internasjonalisering innen kunstmusikk
Music Norway Søknadsfrist:28/10/2024
Publikums- og arrangementsansvarlig
Arktisk Filharmoni AS Søknadsfrist:23/10/2024
Produsent
Alta Live 365Søknadsfrist:08/11/2024