Hopp til innhald
Gro Marie Svidal

Til Beijing med Peer Gynt

Folkemusikar Gro Marie Svidal frå Jølster, reiser fredag 8. september til Kina for å ta del i den store Ibsenfestivalen som vert arrangert i Beijing. Festivalen er ei markering av 100-års jubileet for Henrik Ibsen.

Svidal skal vere musikar på ei oppsetjing av Peer Gynt. Ho reiser saman med skodespelar Agnete G. Haaland og regissør Mette Branzeg. Saman skal dei representere Europa på festivalen.

— Vi skal ha tre førestillingar som i denne versjonen er ein monolog for ungdom. Teksten skal framførast på norsk, men vil bli oversatt til engelsk og kinesisk, fortel Svidal.

Agnete G. Haaland har alle rollene i stykket, medan Gro Marie Svidal er einaste musikar. Stykket vart første gong synt på Kinn i 2005 og har sidan vore spelt for ungdom over heile landet.

— Sidan dette er ein monolog har ein måtta kutte noko i den originale teksten. Synnøve S. Bjørset har skrive ny musikk. Det er kun Solveigs song som er med frå Grieg sine komposisjonar, seier Svidal.

Gro Marie Svidal er også aktuell i hovudrolla som Den vesle prinsen i folkedansteateret med same namn. Førestillinga, som er bygd på Antoine de Saint-Exupéry si verdskjende historie, hausta stor ros under årets internasjonale folkemusikkfestival Førde.

— Vi startar turné i Den kulturelle skulesekken i Sogn og Fjordane måndag 4. september. Sidan går det slag i slag før avreise til Beijing. Eg gler meg, avsluttar Svidal.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Edvard Grieg (foto: Ulriken.no)

Edvard Grieg minnes med lydkunst

Norsk kulturråd har nettopp gitt ut årets første nyhetsbrev. Ballade har her sakset tre notiser fra nyhetsbrevet, der du kan...

Edvard Grieg ved klaveret

Offentlig urfremføring av Grieg

1. juni vil det være mulig å oppleve en sjelden sangskatt i Den Norske Opera. Da urfremføres «Du retter tidt...

Flere saker

Tabanka under Oslo World Foto: Lars Opstad

Den ”svarte” kroppens rause raseri

Jeg har vært sammen med Tabanka på Dansens Hus under Oslo World. Det var nesten så jeg hørte Dovre falle....

Bildet er fra en konsert med Opeth på Wembley i London i 2016. Magnus Boyd står bak lysdesignet til det verdenskjente metalbandet, og har tatt bildet

Kultur-Norge slår alarm

Onsdag 30. september står et samlet norsk kulturliv foran Stortinget med ett budskap: Regjeringen må videreføre kompensasjonsordningen frem til koronakrisen...

Marianne Stranger

Multikunstner og snikfeminist

Marianne Stranger synes det er bra at kjønn og musikk debatteres, men selv har hun mest fokus på handling. –...