Hopp til innhald
Fra Dong provinsen (Foto: Riksantikvaren.no)

Stort Kina-fokus på norsk folkemusikk

Unni Løvlid, Terje Isungset og Frode Haltli vil 30. juni opptre direkte, i beste sendetid på CCTV, Kinas statlege TV-kanal. – Her i Kina har de tre musikerne gjort meget sterkt inntrykk på alle som har hørt dem, sier Ola Breidal, som er kulturattaché ved den norske ambassade i Beijing. – Programmet 30. juni sendes lørdag kveld i beste sendetid, og når ut til over en milliard kinesere. – Dette må vera ny publikumsrekord for norsk folkemusikk, seier Landslaget for Spelemenn.

Unni Løvlid, Terje Isungset og Frode Haltli er akkurat tilbake frå ein turne i Kina med prosjektet «Meeting on a Bridge», eller «Møte på ei bru».

Rikskonsertane og Riksantikvaren henta i fjor sommar musikarar frå minoritetskulturen Dong i Kina til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival for å spele med dei tre profilerte norske musikarane med bakgrunn i improvisasjon, samtidsmusikk og folkemusikk.

Publikum på Førde fekk høyre kvardagssongar frå to kulturar, Dong-musikk frå Kina og folkemusikk frå Hornindal i Norge side om side. Det blei karakterisert som eit sterkt menneskeleg og musikalsk møte, og var ein del av eit økomuseumsprosjekt der Riksantikvaren samarbeida med Guizhou-provinsen.

Hovudmålet er å integrere natur- og kulturarven i sjølvforståinga til minoritetsgrupper, i denne samanheng Dong-folket. Dong-folket har sitt eige språk, men hadde ikkje skriftspråk før i 1958. Historia, segner og forteljingar har vore fortalde gjennom songen.

Rikskonsertane henta i fjor sommar musikarar frå minoritetskulturen Dong i Kina til Førde Internasjonale Folkemusikkfestival for å spele med profilerte norske musikarar innan improvisasjon, samtidsmusikk og folkemusikk. Publikum fekk høyre kvardagssongar frå to kulturar, Dong-musikk frå Kina og folkemusikk frå Hornindal i Norge side om side. Det blei eit sterkt menneskeleg og musikalsk møte.

— Dette er eit av dei sterkaste prosjekta eg har vore med på hittil, seier Unni Løvlid. «Det å menneskeleg og musikalsk få lov å kome nær musikarar frå ein så annleis, men samstundes lik kultur, har vore sterkt. Eg gledar meg til å oppleve korleis prosjektet utviklar seg vidare, og til alle framtidige møte og konsertar enten dei er i Kina, Norge eller andre stader i verda.

Musikkprosjektet er ein del av eit økomuseumsprosjekt der Riksantikvaren samarbeider med Guizhou-provinsen. Hovudmålet for dette prosjektet er å integrere natur- og kulturarven i sjølvforståinga til minoritetsgrupper, blant anna Dong-folket. Alle dei fire kinesiske musikarane har fått høve til å utvikle seg som musikarar gjennom økomuseumsprosjektet i landsbyen Tang’An, der musikken gjennomsyrer kvardagen. Prosjektet står for innsamling, dokumentasjonsarbeid, praktisering og formidling av Dong-musikken.

Dei kinesiske og norske musikarane gjorde konsertar i provinshovedstaden Guiyang og i Dong-landsbyen Tang’A, men og i Beijing med konsertar på Central Academy of Music, Jin Fan Concert Hall ved den forbudte by og på Den norske ambassaden.

— Musikken i Kina er land i rivende utvikling, også innen musikksjangere som pop og rock, fortel Tom Gravlie som nettopp har kommet tilbake fra Kina til Rikskonsertene.

— Her i Kina har de norske folkemusikerne gjort meget sterkt inntrykk på alle som har hørt dem, deriblant kinesisk media, sier Ola Breidal, som er kulturattaché ved den norske ambassade i Beijing.

Ledige stillinger

— Kinas statlige TV kanal CCTV har invitert dem tilbake til Kina allerede i slutten av juni for å spille live på CCTVs reiseprogram «Zheng Da Zong Yi», som skal ha en spesialsending i forbindelse med programmets 15-årsjubileum. Programmet sendes lørdag kveld i beste sendetid, og når ut til over en milliard kinesere, forteller Breidal.

Frå Guizhou i Kina opptrer Wu Chuan Ping (vokal), Lu Yingmei (vokal), Pan Xin Zhi (vokal) , Wu Anhua Dongliang (Dong-pipa, oksebeinsfele, Dong-fløyte, lusheng). Frå Noreg kjem Unni Løvlid (vokal), Frode Haltli (akkordeon) og Terje Isungset (perkusjon). Det planleggast óg ein turne i Norge, i oktober/november 2005.

Konserten er i samarbeid med ambassaden i Beijing, generalkonsulatet i Shanghai, CCTV og Innovasjon Norge.

I ein kommentar på nettsida folkemusikk.no skriv Landslaget for Spelemenn med kjensle for understatement: :

— Med over ein milliard potensielle tilhøyrarar, trur vi dette må vera ny publikumsrekord for norsk folkemusikk.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Frode Haltli i Japan (plakat, 2005)

Frode Haltli gjør Asia i vår

Akkordeonisten Frode Haltli har tidligere vært solist med Singapore Symphony Orchestra, turnert i Japan og Kina med trioen POING og...

RUSK (Foto: Kultivator.no)

Rusk avslutter Norgesturné på Voss og i Oslo

Trioen Rusk – som består av folkesanger Unni Løvlid, felespiler Vegar Vårdal og akkordeonist Frode Haltli har i september lagt...

Unni Løvlid 2 2004 profil, foto: Trygve Schönfelder

En stemme og et mausoleum

I 1926 oppførte Emanuel Vigeland et museum for maleriene sine. Senere bestemte han seg for at dette spesielle bygget også...

Unni Løvlid på Balladefest

Ei musikalsk bru mellom Noreg og Kina

Sist vinter møtte kvedaren Unni Løvlid Dong-musikken i landsbyen Tang’An i Kina. Her traff ho unge tradisjonsbærarar frå ein sterk...

Unni Løvlid på Balladefest

Løvlid eksperimenterer i Bergen

25. Mai klokken 11.30 opptrer sangeren Unni Løvlid med Helge Steen – også kjent som «Deathprod», perkusjonisten Terje Isungseth og...

Unni Løvlid 2004 forfra, foto: Trygve Schönfelder

Unni Løvlid: – Ad hoc-stønad til folkemusikarar!

Folkemusikar Unni Løvlid etterlyser ei ny stønadsordning for folkemusikarar som jazzmiljøet har bruka gjennom fleire år, ei ordning der søknadene...

Flere saker

Tuva Syvertsen holder gratis låtskriverkurs under årets nordisk visefest

Nordisk visefestival vil løfte visa fram i lyset på tvers av grenser

Gjennom fire dager samles hele Norden i Lillestrøm for å feire visemusikken – med allsangmorgener og nordiske nattkonserter på programmet.

Nassima Dzair. Umar Ashraf, Amina Sahan og Ayaz Hussain Foto: TrAP

Gi kulturyrkene høyere status

Vil kulturbransjen ha mangfold må bransjen fremsnakkes i minoritetsmiljøer som heller vil at ungdommen skal bli lege.

Endre Volden går fra jobb som lærer til daglig leder i Norges eldste jazzfestival.

Han er ny daglig leder i Moldejazzen

Fra Ålesund videregående til Molde International Jazz Festival.