Hopp til innhald
Gjermund og Einar Olav Larsen,

Slåttemusikk frå Verdalen

Plata «Søttenpassingen» med brørne Einar Olav Larsen og Gjermund Larsen frå Verdalen blei onsdag sleppt med konsert og overraskingar på Fabrikken i Oslo. Det var servering av tradisjonell fingermat frå Verdalen, og alle som kom fekk ein lottokupong utfylt av ein verdaling. Utgjevar er det vesle selskapet ta:lik, som mellom anna har spesialisert seg på å gje ut hsitoriske arkivopptak frå folkemusikkfeltet.

Plateselskapet ta:lik arbeider med å gje ut norsk folkemusikk. Selskapet vart stifta i 1999, og har til no gjeve ut 14 CDar, og laga to musikkvideoar.

— Vi har spesialisert oss på å gje ut dei eineståande arkivopptaka i NRK, Norsk folkemusikksamling, Arne Bjørndal-samling og i andre offentlege og private samlingar, men vi produserer også nyinnspelingar, fortel Frode Rolandsgard på heimesida til selskapet.

— Ta:lik arbeider for å løfte fram dei beste utøvarane innan den tradisjonelle folkemusikken, i eit hovedsakleg tradisjonelt uttrykk, men vi ønskjer å presentere den genuine musikken i ei moderne innramming, med moderne grafikk og nye idear.

Ta:lik omtalar Einar Olav og Gjermund som «to av dei fremste unge folkemusikarane i dag, kjenneteikna ved eit intenst og briljant samspel på fele». «Søttenplassingen» er den første plata der dei spelar saman og solo. Brørne er saman og på kvar sin kant kjende frå grupper og samarbeid med musikarar som Odd Nordstoga, Majorstuen, Frigg og mange fleire. Dei har delteke i Kjempesjansen på NRK, dei har laga bestillingsverk og musikk til teaterframsyningar, og trass i ung alder har dei fått mange utmerkingar for felespelet sitt.

På plata får ein høyre alt fra sære verdalsslåttar til vare visetonar etter Hilmar Alexandersen. CDen inneheld eldre slåttar i gamal Trøndelags-tradisjon, samt ein heil del melodiar etter Hilmar Alexandersen. Plata representerer slik utgangspunkt og basis for Einar Olav og Gjermund. Fleire av slåttane har aldri tidlegare vore presentert på plate, skriv Talik i si pressemelding.

Ta:lik, som har distribusjonsavtale med Musikkoperatørene, drives av Tore Bolstad, Niels J Røine, Anders E. Røine og Frode Rolandsgard. Meir om selskapet kan du finne ved å gå til denne sida.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Sigurd Eldegard

Unik plateutgjeving

Denne hausten debuterer spelemannen Sigurd Eldegard (1893-1962) frå Årdal i Sogn på CD – 40 år etter sin død. Bak...

Hallingkast

Folkemusikkkonsert i «Afrika»

Oslo sitt lokallag for folkemusikk – Laget for Folkemusikk – fylte i 2003 hele 100 år. De er det eldste...

Inger Dirdal

– Ikke for utøvere som har Norge som hovedmarked

Music Export Norway fortsetter produksjonen av sin CD-serie til internasjonal promotering av norsk musikk. MEN ønsker seg forslag til spor...

Jan Beitohaugen Granli

– MEN underslår halve historia

Music Export Norway (MEN) arbeider no for å få til nye presentasjons-CDar med norsk musikk. Framlegget til nye CDar vart...

Susanne Lundeng

Forunderlig fabrikk-ferd med Susanne Lundeng

Du må spell på din måte , og ikke som oss gamlingan», fikk Susanne Lundeng tidlig høre. Det rådet fulgte...

Nils Økland,

Nils Økland med lanseringskonsert måndag

Måndag 8. november kl. 19 blir det lanseringskonsert på Deichmanske Hovedbibliotek for den kritikarroste spelemannen Nils Økland. «Bris» er Økland...

Flere saker

Den chilenske poeten, pedagogen, visesangeren og politiske aktivisten Victor Jara. Han ble torturert og myrdet under kuppet i Chile i

Politikk, sjanger og etnisitet – musikk som naudsyn

Om du ikkje engasjerer deg i andre menneske sin situasjon, så kan det same skje med deg.

Illustrasjonsfoto: Praktiske og estetiske fag i skolen

Estetiske fag i samfunnet: Vitenskapelig antologi søker bidrag

Oslo Met planlegger en vitenskapelig antologi som skal favne behovet for nytenkning innen estetiske fag, i ulike utdannings- og samfunnskontekster,...

Ticvaniumare – bandet Martin Olsen spiller i.

Den store stillheten som ble til innsikt

Martin Olsen våknet en dag og var ikke i stand til å lage lyd på instrumentet sitt. Hva betyr det...