I dag melder Norsk visearkiv at organisasjonen frå 2014 vil vera ein del av Nasjonalbiblioteket si musikkavdeling.
Arkivet har sidan 1982 hatt som oppgåve å ta vare på og fremja interessa for nyare folkelege og litterære viser. Dei fungerer som opplysningsinstans for den som er på jakt etter viser eller bakgrunnsstoff om slike, og arkivet gjev også ut publikasjonar og artiklar om norske viser.
Det er Kulturdepartementet som har definert at Visearkivet skal bli del av Nasjonalbiblioteket, og båe aktørar melder at dei ser på innlemminga som eit gode. Innlemminga «inneber ei styrking og sikring av oppgåvene som til no har vore utført i Norsk visearkiv og eit viktig tilskott til den samla musikkompetansen i Nasjonalbiblioteket», seier styreleiar Liv Kreken og nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein i ei pressemelding.
Les også: [link id=67291 title=»Ut av skyggen. Om første del av Norske middelalderballader«]
«For Norsk visearkiv representerer innlemminga ein tilgang til ein større kompetansebase, mindre økonomisk sårbarheit og større moglegheit til langsiktig planlegging. For Nasjonalbiblioteket representerer det viktig sjangerkompetanse og ei utviding av oppgåvene med å ta vare på, og gi tilgang til ein samla kulturarv», skriv dei vidare.
Stabil struktur
Visearkivets daglege leiar sidan 1982, Velle Espeland, ser fram til å få meir stabile forhold for arkivet.
— Visearkivet har opp gjennom åra hatt trong økonomi, og det å få eit tettare samarbeid med eit større miljø gjev meining i så måte. Det vil nok også gjera det lettare for oss å få sikra midlar til dei prosjekta som vi ynskjer å driva på med, i tillegg til informasjonsverksemda vi held på med i det daglege. Prosjektet me er mest opptekne av for tida er arbeidet med mellomalderballadar. Vi ynskjer å gje ut norske ballademelodiar og balladetekstar i bokform. Der ligg vi bakom dei andre nordiske landa. Dessutan er det også andre visesjangrar som vi gjerne skulle tatt tak i.
— Veit du kva Nasjonalbiblioteket går inn med av midlar til prosjekt og drift?
— Nei, men strukturen blir annleis. Fram til no har vi vore avhengig av å få løyva pengar frå Kulturrådet til prosjekta våre. Nasjonalbiblioteket er ikkje drivne av prosjektmidlar på same måten, men har ei meir langsiktig drift, forklarer Espeland.
Følg musikkdebatten: Ballade på Facebook
Ballade på Twitter
— Det betyr altså at Nasjonalbiblioteket sikrar drifta arkivet i tilsvarande nivå som i dag?
— Vi har inntrykk av det. Når ein er knytt saman med eit såpass stort miljø finst det også andre måtar å tenkja om ressursar på. For å kunna gjennomføra prosjektet med mellomalderballadar treng vi eigentleg fleire kvalifiserte personar som kan lesa gotisk handskrift. Slike personar finst på Nasjonalbiblioteket, og om vi ikkje kan tilsetja nokon særskilt for denne oppgåva, så kan vi vonleg få låna kompetansen deira i ein periode.
Ingen radikale endringar
Brukarane vil i første omgang ikkje oppleva store endringar, trur Espeland. Dei tilsette i arkivet er allereie lokalisert i Nasjonalbiblioteket. I starten vil dei vera i same lokale som før, og halda fram med dei prosjekta som er sett i gang.
Visearkivet vil ikkje lenger behalda namnet sitt, men ein skal stadig kunna ta kontakt med dei tilsette gjennom epost-adresser som har vore i bruk, og bloggen «Visearkivaren» vert teke vidare.
Per i dag eksisterer eit samarbeid med musikkseksjonen Visearkivet inngår i, så ei samlokalisering med denne på sikt medfører heller inga radikal endring, trur Espeland.
— Vi kjem dessutan til å behalda referansesamlinga vår. Viseregisteret inneheld mellom 70 000-80 000 viser, og er nøydd til å bestå i si noverande form for at skal kunna driva den servicen som vi har hatt til no, seier han.
— Ei sentral endring er det likevel at det frå no av er opp til Nasjonalbiblioteket å definera oppgåvene i Visearkivet. De er ikkje redde for å forsvinna litt inne i den store institusjonen?
— Vi vonar at dette vil gå utan problem, og samarbeidet har så langt vore positivt. Eg ser på dette som ei forbetring både når det gjeld økonomien og høvet for fagleg utvikling. Det vil naturlegvis vera meir bunde, og det kan bli annleis om det vil komma andre føringar for kva vi skal gjera. Men førebels ser vi på dette som svært nyttig, avsluttar Espeland.
Norsk visearkiv har hatt driftsmiddel gjennom tilskot frå Kulturrådet. Desse midla går no direkte til Nasjonalbiblioteket, ifølgje styreleiar Liv Kreken Kvalsnes.

Blodtur til København
I midten av januar dro ein full buss frå Oslo og omland til København med Tuvas Blodklubb. Sjå korleis det gjekk med "den norske invasion” på dansk folkemusikkfestival.

Slik ble jeg en diva
KRONIKK: – Jeg må slutte å late som om forståelsen av sangerens rolle i jazzmusikken ikke henger sammen med likestilling og en kjønnsdefinert og forutinntatt forståelse av hva sangere befatter seg med.

Ballade video: Trygghet og kontroll
På utstilling med Himmelleite, Luna Mare, Andie Loui, Maizu & Richard, Kristine Blir Rapper, Kamelen, Rule Of Two og Clawfinger.

Mari Boine hedret
Artist og låtskriver Boine fikk ærespris for langt og betydningsfullt virke. Og avslører at hun skriver på ei bok.

Adama Janlo lar seg ikke stanse av musikalske grenseposter
Fra Sagene til Mississippi-deltaet, via Senegal og Gambia – Adama Janlo er Norges mest oppsiktsvekkende tilskudd til den tradisjonelle bluesen, og hun er ikke redd for å hente inspirasjon utover det forventede.

Ballade på Tidsskriftbonanza: Samtale med Peter Case & Sid Griffin
En sjelden mulighet til å møte to amerikanske legender, når Balladeskribent Arvid Skancke-Knutsen snakker med Peter Case & Sid Griffin på Deichman Grünerløkka torsdag 5. mars.










































