Det er Center for Creative Industries BI i samarbeid med Menon Economics som står bak rapporten, på oppdrag frå Kulturdepartementet. Utvalet er sett saman av musikkvitarar, økonomar og humanistar med førsteamanuensis ved BI, Irina Eidsvold-Tøien, som leiar.

Utvalget som har laget utredninga (Foto: BI)
Mandatet for utvalet var å foreta kartlegging, analyse og vurdering av den økonomiske utviklinga i det norske musikkfeltet dei siste tiåra samt å vurdere og skildre kva moglegheiter og utfordringar musikkfeltet står ovanfor som følge av den teknologiske og digitale utviklinga.
Representantar for musikkorganisasjonar og presse var samla under framlegginga av rapporten på BI i Nydalen i Oslo, der også Kulturminister Trine Skei Grande var tilstades.
I tillegg til omfattande statistisk analyse og spørjeundersøkingar, har utvalet sett på «cases», som youtubaren PelleK og plateselskapet Kirkelig Kulturverksted. Der PelleK er eit døme på ein ny marknadsmodell i musikkbransjen, er KKV blitt tvinga til å redusere kostnadar og blitt meir avhengig av for eksempel statleg støtte.
Ut i frå dette er hovudfunna delt inn i fire delar: forbruk og digitale plattformer, omsetning og strukturendringar i heile musikkbransjen, økonomiske vilkår for skaparar og utøvarar og mangfald i musikkbransjen.
Omsetningsvekst kjem ikkje norske musikarar til gode
Når det gjeld forbruk og digitale plattformer slår rapporten fast at fire av ti nordmenn har strømmetenester som sitt førsteval for å lytte til musikk. Likevel: «Omsetningsandelen for norsk innspilt musikk gikk ned i 2009, dvs. rett etter at Spotify ble lansert i 2008.»
Trenden er også at sjølv om inntektene har auka for strømmetenester, går mindre av desse pengane til dei som lagar musikken. Andelen til opphavarar, utøvarar og plateselskap av den totale omsetninga i musikkbransjen har gått ned frå 39 til 33 prosentpoeng frå 2011 til 2017.
«(…) strømmetjenestene økt sin andel av samlet omsetning i musikkbransjen fra 5 til 14 %, mens opphaverne og utøvernes andel er redusert fra 29 til 24 %.»
Utøvarar og opphavarar taper også på live-marknaden sjølv om omsetninga frå konsertar har auka med 10 % sidan 2012.
«Det betyr at omsetningsveksten i live ikke kommer flertallet av norske musikere til gode.»
For å snu denne trenden foreslår utvalet mellom anna å heve norskandelen i radio med konsensjonskrav, innføre koding og registrering av framført musikk på digitale plattformer, og styrke rett til betaling for musikkbruk i sosiale medier.
Auka kjønnsforskjellar
Under punktet mangfald i musikkbransjen hadde utvalet sett på ulike dimensjonar som geografi, alder og sjanger, men det var inntektsforskjellen på kvinner og menn dei ville fokusere på under presentasjonen.
Der rapporten nemner at det generelt er færre utøvarar og skaparar med høg inntekt, er tendensen tydeligast hjå kvinnene.
«Det blir flere kvinner i mellominntektskategorien 300 000-600 000 kr, men langt færre i inntektsgruppen over 600 000 kr.», slår rapporten fast. Vidare peikar dei på at av desse inntektene hjå kvinnene kjem ein større del frå pedagogisk verksemd enn frå utøvande/skapande verksemd.
– Det er eit funn at digitaliseringa svekker kvinnene sin økonomiske posisjon, seier ordstyrar Anne-Britt Gran.
Under den opne spørsmålsrunda stiller Bente Leiknes Thorsen frå Norsk komponistforening spørsmål ved kva som kan vere grunnen til nettopp dette. Sjølv om ikkje utvalet har sett på akkurat dette, svarar Gran:
– Det fylgjer den same tendensen vi ser i digitaliseringa forøvrig. «The winner takes it all» over heile linja. Og det er jo gutta. Så når den tendensen styrkes, så er det unge menn på topp.
Bente Leiknes Thorsen stilte vidare spørsmål til kvifor det ikkje er lagt inn nokon forslag til tiltak på dette punktet. Gran nemner at no som kulturdepartementet i mellomtida er blitt likestillings- og kulturdepartementet, er dette noko ministeren i endå større grad blir tvinga til å ta innover seg.
Så gjenstår det å sjå kva kulturministeren og departementet vel å gjere med rapporten dei fekk i hende i dag.
Etter å ha påpeika at ho ikkje kunne seie så mykje utan å ha lest rapporten, ville Trine Skei Grande understreke bodskapen i Kulturmeldinga: Å bidra til å gi betre vilkår for skaparar og utøvarar.
– Vi vil også fokusere på betre sosiale rettigheiter for frilansarar og sjølvstendig næringsdrivande.
Utover slike generelle utsegn, kom også kulturministeren med eit konkret tiltak: Eit nytt eksportprogram for musikk skal bli lansert rett over sommaren.
– Vi skal aldri meir snakke om Norgesfremme, men norsk eksport. Det er snakk om å få ut norske artistar for å opne nye marknader, slik den digitale marknaden også er.
Men som Ole Henrik Antonsen, nesteleiar i NOPA, kommenterte – det er flott med eksport, men denne rapporten slår først og fremst fast at det går dårleg med norskdelen i Noreg.

Hvordan løfte kunstnerisk forskning fra marginalisering til vitenskapsdiskurs?
Er kunstnerisk forskning moden og klar for å tre inn i en vitenskapelig diskurs? Hvis ikke, er jeg redd den er på vei inn i en (muligens noe selvforskyldt) marginaliseringsprosess, skriver Henrik Holm.

Storsatsing på kultur i hele Norge: – Har du en god idé, vil vi høre fra deg, sier daglig leder i Kulturrom
Regjeringen styrker Kulturrom med hele 21 millioner kroner – det største tilskuddet siden oppstarten.

Tid og kunstnerliv: Korpsbevegelser
Akkurat som i 1989 er det like før det vil kry av uniformer, marsjhefter og bandolærer. Korpsbevegelser er å gjenta seg selv, år etter år. Gjentakelsene er tradisjon. Tradisjon er kultur. Kultur er musikk. Og musikk er korpsbevegelse.

Vossa Jazz-sjefen slutter
Daglig leder i Vossa Jazz, Roger Urhaug, har sagt opp etter knapt et år.

Hvor brenner det, Egon Holstad og Sigurd Elgenes?
Hvor er musikkjournalistikken på vei? Hvordan imøtekommer vi en stadig mer uforutsigbar fremtid? Hva kjennetegner god anmelderkunst? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

Fest i klangfargerike med forstyrrande ubehag og lågfrekvent stille
Ballade jazz: Superspreder har naila det på si andre plate, Geir Sundstøl feirer ti år som soloartist, vi får klangleg skulptur frå Sofa, og orkestrert stille frå Bristol.