– Lynsjestemning og løyndomar

LESARINNLEGG: Me burde kravd ordet for å seie ifrå, seier Harald Eriksen. Han var delegat på det ekstraordinære landsmøtet i Norges Korforbund.

Kalender

Rikke Normann på Hankø

05/12/2020 Kl. 21.00

Viken

Kim, alle klokker

06/12/2020 Kl. 18.00

Oslo

Kreativt Mandagsmøte

07/12/2020 Kl. 14.00

Vestland

Hayseed og Odd Einar Nordheim på Hankø

11/12/2020 Kl. 21.00

Viken

På fyrstereis til Ekstraordinært Landsmøte i Norges Korforbund:

Lite visste eg vel kva eg gjekk til då eg sa ja til å vere ein av NKSF sine representantar på det ekstraordinære landsmøte i NK. Eg visste at den valde presidenten hadde gått av fordi han var i utakt med det styret han var vald saman med. Eg visste og at det var økonomiske problem i organisasjonen, samt at usemje om vegval og satsingsområde gjorde at det var misnøye so vel i medlemskora som i distriktsledda. Det skulle og finnast eit regionledd utan at eg hadde noko formeining om kva dette gjorde utover å samarbeide om å lage Prosjektkor og arrangere ”Kick off”. Det skulle og finnast nokre korkonsulentar som var tilsette i regionane, men dei har i alle høve ikkje eg sett eller høyrt mykje gjete (jf. gjetord, her i tydinga ”til”).

Sett i ettertid ser eg at eg nok burde sett meg betre inn i organisasjonen. Ikkje minst i historia til organisasjonen dei siste fem åra. No er det likevel slik at dei fleste har nok med sitt, og håpar at dei som skal passe på gjer det. So og med meg.

Me visste det hadde vore ein del aktivitet i førekant av møtet, og då særskild knytt opp mot dei fire personane som sat som regionsleiarar. Me var på førehand førespurde korleis me ville røyste i høve til tillit eller ikkje til styret utan at me hadde gjeve noko klart svar på det.

Siste nytt rett i innboksen: Ballades nyhetsmail

Det hadde og kome ein del skriftelege innspel til regionmøtet som skulle vore gjennomgått. Materialet var i utgangspunktet meint til å påverke distriktsleiarane slik at dei i neste omgang skulle ”legge føringar” på landsmøtedelegatane. Innhaldet i dette hadde eg ikkje fått heilt med meg og hadde inga klar oppfatning av det ”store bildet”.

Seint fredag kveld mottok eg to rapportar som skulle lesast fordi dei omhandla samspelet eller mangelen på det, mellom styre, tidlegare styreleiar(president), kontrollkomiteen og administrasjonen/dei tilsette.

Til tross for at den interne granskingsrapporten var på 86 sider var lesing av denne prioritert. Ikkje heilt uoverkommeleg på eit par timar å få med seg rapporten pluss ein del av vedlegga, som mellom anna inneheldt revisorrapportar med til dels krass kritikk av dei økonomiske tilhøva i organisasjonen fram til 2012.

Les også: [link id=68614 title=»Anbefaler intern granskning«]

Rapporten frå kontrollkomiteen v/leiar Harold Jensen var råd å komme gjennom på flyturen til Oslo og inneheldt ein del kritikk av arbeidsgrunnlaget for kontrollkomiteen, men lite om dei kritiske revisjonsrapportane og økonomistyringa i organisasjonen. Elles var der henvisningar til gamle årsmøtevedtak heilt tilbake til år 2000.

Vel framme førebudde me oss på litt mat før møtet i Region Vest og ein roleg kveld med lesing og førebuing til landsmøtet og årsmøtet i SfK.

Heilt tilfeldig vart me klar over at det var eit orienteringsmøte på gang i regi av eit par regionar. Etterpå har me skjønt at det nok ikkje heilt var meininga at me skulle vere med på det, all den tid regionleiaren i Vest ikkje gjorde distriktsleiaren vår merksam på møtet til tross for at dei stod og hadde ei samtale.

På møtet vart me orienterte om tilhøva ved kontoret i Oslo av ein oppsagt medarbeidar, Rune Frank Brunslid, og eit alternativt budsjett «basert på førebelse tal frå 2013» vart presentert. Møtet hadde preg av «lynsjestemning» i det tette lokalet som måtte vere lukka i tilfelle styret eller andre som skulle haldast utanfor tilfeldig skulle gå forbi. Fleire av dei tilsette som hadde fått større eller mindre delar av sine stillingar inndregne deltok og.

Sett i ettertid var nok dette det reelle landsmøtet, eit hemmeleg møte som berre skulle vere for dei innvigde.

Les også: [link id=68616 title=»Utfordret grasrota«]

Straks dette møtet var slutt bar det til neste møte som var i Region Vest med gjennomgang av saker som ikkje hadde med landsmøtet å gjere. Leiar i region»rådet» Stein T. B Høyer kom likevel til slutt inn på dei ulike delegatane si haldning etter orienteringsmøtet vi hadde vore på tidlegare. Han antyda då at det ville verta fremja framlegg om at saka om intern gransking ville verta føreslege fjerna frå saklista grunna at rapportane hadde kome så seint.

Søndag på årsmøte i SfK (Studieforbundet KOR) var eg ikkje til stades før mot slutten av møte. Det som då var tema var kor mykje av VO-midlane som skulle verte att i SfK i høve til kva som skulle kome medlemmane til gode direkte. Eit alternativt budsjett vart vedteke der ein let det vere att omlag 640 000 kroner meir enn i budsjettframlegget frå styret. Elles vart nytt styre vald i samråd med det valnemnda hadde føreslege.

Ved konstituering av det Ekstraordinære landsmøtet vart det frå Stein T.B. Høyer fremja at framlegg om at granskingsrapportane var kome møtedeltakarane så seint i hende at dei ikkje kunne realitetshandsamast. Etter ordskifte der Høyer (regionleiar Vest), Harold Jenssen (regionleiar Nord og leiar i KK) og regionleiar Olav Sørebø i Sør-Øst var ivrige forkjemparar for å avvise granskinga.

Les [link id=68657 title=»Stein T. B. Høyers kommentar til leserinnlegget«].

Særskild vert dette merkelig når det var det landsmøte var innkalla for. Eit stort fleirtal av delegatane stemde for å utsetje saka til etter valet, og då berre som orienteringssak.

Les også: [link id=68615 title=»Skuffa over landsmøtet«]

Det er nok her eg har gjort den største synda og ikkje kravd ordet for å seie frå. Det me var komne for var å få ”klart for oss” kva som hadde skjedd i organisasjonen, og finne ein veg ut av uføret. Som nemnd ovanfor var ikkje internrapporten avskrekkande å kome gjennom om ein hadde vilje til å prioritere. Men som delegat utan særskild innsikt i organisasjonsstrukturen er det eit tøft val å ta ordet so tidleg i forhandlingane. So tøff var ikkje eg.

Landsmøtet handsama budsjett etter gjennomgang av økonomirådgjevar for sentralstyret. Alternativt budsjett vart framlagt og vedteke med stort fleirtal utan noko nærmare gjennomgang.
Leiar i Kontroll og konstitusjonskomiteen, Harold Jensen som var ein av fire-fem landsmøtedelegatar som vekselvis hadde ordet (jf over), stilte intrikate spørsmål som antyda at fungerande president Liv Oda Dale skulle ha skodd seg på rolla etter at president Hådi trekte seg i september.

Dale hausta applaus på sitt svar at ho ikkje berre hadde teke på seg oppgåva som president og med mange saker å rydde opp i, men og sagt frå seg einkvar økonomisk godtgjersle ut over det ho i alle høve hadde rett på som visepresident. Ho kom og inn på at Jensen som leiar for kontrollkomiteen hadde ringt opp hennar arbeidsgjevar for å forhøyre seg om kva ho fekk i lønn derifrå sidan ho tok over presidentvervet.

Jenssen på si side avviste konsekvent at han hadde ringt ”som leiar i kontrollkomiteen ” i NK.

Ved valet vart styret oppmoda til å stille plassane til disposisjon, noko dei ikkje gjorde. Det vart då fremja misstillitsframlegg der 13 av på det tidspunkt 59 stemmeberettiga, stemde for vidare tillit, medan 45 stemde mot.

Les også: [link id=68655 title=»Et kuppliknende landsmøte?«]

Styret forlet etter dette møtet og etter å ha sett «konspirasjonsutvalet» med Høyer, Sørebø, Jenssen og den fjerde regionsleiaren Åge Ofstad frå Trøndelag, føreslå og velje inn kvarandre og sine folk, fann og me det på tide å forlate det heile.

Følgjande oppsummering gjelder for alle oss delegatene frå Sogn og Fjordane:
* Me syntes me hadde fått for lite informasjon frå styret på førehand, og difor var me ”under sterk tvil” med på å be dei stille sine plassar til disposisjon. Men konspirasjonane og bakvaskingane som styret vart utsett for høyrer ingen stad heime i ein frivillig organisasjon.

* Har ein ynskt eit ekstraordinært landsmøte for å kome til botn i kva som har skjedd i organisasjonen kan ein ikkje avvise at det vert realitetshandsama. Særlig grelt er det når ein vel å bruke tida til undergravande verksemd framfor å freiste lese gjennom sakstilfanget, sjølv om dette kom lovleg seint ut til delegatane.

Les også: [link id=68656 title=»Kontrollen over det økonomiske har vi nå«]

Både eg og dei andre representantane frå Sogn og Fjordane er lite stolt over oss sjølve og vår passivitet under landsmøtet. Men det er andre som bør vere endå meir skjemde over kva de har vore med på.

Eg trur at store delar av det nye styret er før bak lyset og får ei tøff oppgåve med å skape ein heilskap i organisasjonen som gjer den til det beste valet for songarar i heile Noreg. Likevel ynskjer eg dei lukke til med arbeidet.

Om eg sjølv vil råde medlemmane i Sogn og Fjordane til å framleis vere med i Norges Korforbund veit eg ikkje enno. Alternativ organisering vil verta fremja som sak til årsmøtet i NK Sogn og Fjordane i mars.

Harald Eriksen var delegat frå NK Sogn og Fjordane

Leder i kontrollkomiteen, Harold Jenssen er gjort kjent med at Ballade trykker denne artikkelen. Han ønsker imidlertid ikke å få innholdet opplest på telefon. Han vil ikke gi oss noen muntlig kommentar, og oppgir at han ikke har tilgang til sin e-post før i morgen kveld. Ballade tolker dette slik at Jenssen foreløpig ikke ønsker å kommentere saken.

Leder i Korforbundets Region Vest, Stein T. B. Høyer, og leder i NK Midtnorge, Åge Ofstad kommenterer leserinnlegget i [link id=68657 title=»denne artikkelen«]. Ledar i NK Sør-Øst, Olav Sørebø, sier at han støtter seg til Inger-Johanne [link id=68656 title=»Molvens uttalelser «]i denne saken.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev