Kulutrminister Linda C. Hofstad Helleland Foto: Thomas Haugersveen

Kulturdepartementet finansierer ny eksportpris for norsk musikk

Gir 100 000 til stipendet «Det var her det begynte», som er initiert av Music Norway og Spellemann.

Kalender

Sommerkonsert

25/06/2021 Kl. 18.30

Viken

Kulturdepartementet finansierer stipendet til den nyoppretta Eksportprisen for norsk musikk. Prisen er initiert av Music Norway og Spellemann og skal heidre musikarar som fremjar norsk musikkeksport.
Stipendet heiter «Det var her det begynte» og går til ein kandidat som i løpet av 2015 har bidratt til å synliggjere norsk musikk internasjonalt. Ideen er at prismottakaren skal gi pengane vidare til ei viktig kjelde eller eit miljø som har bidratt til at prisvinnaren byrja med musikk og motiverte til vidare musikalsk utvikling.
Prisen består av spellemannstrofeet, det offisielle diplomet og eit stipend på 100 000 kroner frå Kulturdepartementet.
Ein jury på fem fagpersonar skal velje prismottakaren ut frå kriterium som bidrag til noregs-profilering, godt entreprenørskap, kunnskapsdeling og kompetanseoverføring. Juryen vil òg sjå på relevante salstal (fysisk platesal, strømming, nedlastingstenester, radiospeling m.v.). Prisvinnaren vert annonsert i mai, og prisen skal delast ut i byrjinga av juni under Music Norways årlege sommarfest.

For å kommentere her må du ha en Facebook-konto. Dersom du har en mening du ikke får postet her kan du sende oss en e-post.
Digitale festivaler og konserter

Stillinger

Rådgiver kultur

Agder fylkeskommune

Kirkemusiker

Aurskog-Høland kirkelige fellesråd

Salgs- og markedsansvarlig

Festspillene i Bergen

Daglig leder

Balansekunst

Hold deg oppdatert

Meld deg på vårt nyhetsbrev