Utgreiinga vart lagt fram for Kunnskapsdepartementet 15. juni. I to år har utvalet under leiing av Sten Ludvigsen jobba med delutgreiinga ”Elevenes læring i fremtidens skole – et kunnskapsgrunnlag” og hovudutgreiinga som ligg føre no.
Målet har vore å sjå på kva for kompetansar det er viktig for elevane i framtida og kva endringar som må gjerast for at elevane skal kunne utvikle dei. Resultatet skal takast vidare i det politiske arbeidet til Regjeringa, og det blir mellom anna arrangert ulike høyringskonferansar i haust.
Kva er det elevane ifølge Ludvigsen-utvalet treng å lære i dei neste 20-30 åra? Kva for rolle får dei estetiske faga generelt og musikkfaget spesielt?
Breie kompetansar i fokus
I skulereforma Kunnskapsløftet, som vart sett i kraft i 2006, er fem grunnleggjande ferdigheiter sentrale: Elevane skal kunne uttrykkje seg skriftleg, uttrykkje seg munnleg, lesa, rekne og bruke digitale verkty. Intensjonen har vore at desse skal gjennomsyre alle fag og bli omforma til relevante mål i dei einskilde faga. Med Kunnskapsløftet kom nye fagplanar med svært spesifikke læringsmål, og dei nasjonale prøvene i norsk, engelsk og matematikk vart innførte. Mange musikklærarar og musikkutdanningsinstitusjonar har vore kritiske til Kunnskapsløftet, først og fremst fordi dei estetiske faga blir trekte i ei instrumentell retning gjennom reduksjon i timetalet og vekt på basiskompetanse i alle fag.
Med dette som utgangspunkt kan ein trekkje eit lite sukk av lette når ein les ”Fremtidens skole”. Sten Ludvigsen har kritisert den såkalla stofftrengselen i skulen tidlegare. Det gjer at utgreiinga raskt kjem med framlegg om meir fokus på breie kompetansar framfor målbare småmål. Ein ynskjer seg meir fokus på djupare forståing, og meir fokus på å utforske og skape.
Kreativitet i alle fag
”Å utforske og skape” er eitt av dei fire viktige kompetanseområda Ludvigsen lanserer. Dei tre andre er fagspesifikk kompetanse, kompetanse i å lære og kompetanse i å kommunisere, samhandle og delta. Det vert understreka at nysgjerrigheit og utforskartrong må stimulerast, og kreativitet bør inn i alle fag.
I forlenginga av dei fire kompetanseområda tilrår utvalet at fagfornyinga ikkje tek til i dei einskilde faga, men i dei fire ulike fagområda i skulen. Dei er i sin tur delte inn i matematikk, naturfag og teknologi, språkfag, samfunnsfag og etikkfag og praktiske og estetiske fag.
Praktisk-estetiske fag eige område
Igjen er det godt å sjå at praktisk-/estetiske fag er eitt av hovudområda. Vi kan lesa at ”Fagene bidrar til å utvikle en annen type forståelse enn vitenskapelig orienterte fag og gir rom for å utforske og eksperimentere uten at målet er å komme fram til riktige svar. ” Vi finn spanande refleksjonar rundt omgrepa ”kreativitet” og ”innovasjon”. Som kompetansar har desse mange felles element, men ifølge Ludvigsen er omgrepa henta frå ulike tradisjonar , det vil seie ”estetiske fag/kunstnerisk utøvelse og nærings- og arbeidsliv”.
Utvalet jobbar med ein definisjon av kreativitet som det å utvikle idear. Innovativ kompetanse omfattar å kunne omsetje idear til handling og ta initiativ, og utvalet vil at kreativitet og innovasjon får meir vekt i alle fag.
Utvalet jobbar med ein definisjon av kreativitet som det å utvikle idear. Innovativ kompetanse omfattar å kunne omsetje idear til handling og ta initiativ, og utvalet vil at kreativitet og innovasjon får meir vekt i alle fag. Til dømes bør elevane lære å tenke kreativt og prøve ut ulike løysingar for å kunne mestre komplekse problem i matematikk.
Kva med dei estetiske faga direkte?
Alt dette er fine tankar, og ein kan ane konturane av ein skule der elevane kan få høve til å gå djupare inn i stoffet, sjå større heilskapar og vera meir skapande. Til ein viss grad ser det ut til at Ludvigsen-utvalet ser kor viktig det er å styrkje dei estetiske faga i framtida. Når det verkeleg kjem til å skje er sjølvsagt eit anna spørsmål, men på side 53 står det til dømes:
”På sikt må de praktiske og estetiske fagene styrkes i skolen (…) Det kan ikke forventes at elevene velger praktiske og estetiske fag dersom de ikke får erfaringer med disse i grunnskolen. Arbeidslivet trenger en lang rekke kompetanser de praktiske og estetiske fagene i skolen tilbyr.” På side 21 blir det viktige ved kunstnarlege uttrykk trekt fram: ”Det er også av stor verdi for samfunnet at det finnes kompetanse til å skape kunstneriske og kulturelle uttrykk. Den åpne og eksperimenterende tilnærmingen til å skape innenfor kunst og kultur kan være berikende både for samfunnet og for den enkeltes liv.”
Emosjonell og sosial musikk
Rett nok er ”musikk” berre éin gong overskrifta på eit avsnitt; i kapitlet som handlar om fornying av skulefaga. Utvalet presenterer der eit sett prinsipp som bør gå inn i eit systematisk arbeid med skulefaga for å gjera dei relevante for framtida. Matematikkfaget blir sett i lys av utvikling av engasjement, før musikkfaget blir sett i lys av sosial og emosjonell læring. Tanken er å syne korleis samspel mellom ulike kompetanseområde kan legge til rette for djup læring.
Å skape musikk er ”forbundet med fleksibel, åpen, spontan og fri innstilling til arbeidet mot løsning av et problem”, kan vi lese, og det blir understreka korleis evnene til å skapa musikk heng saman med evnene til å bruke kunnskap, erfaring og opplevingar i ein skapingsprosess.
Dei emosjonelle sidene er òg vektlagde:
”Emosjonelle sider ved skapende musikkaktiviteter har betydning for barn og unges identitetsdanning. Musikk er på godt og vondt en vesentlig identitetsmarkør. Gjennom skapende arbeid utsetter elevene seg for og øver på å være sårbare, ta sjanser og uttrykke egne meninger” heiter det vidare. Det blir framheva at elevane kan oppleve sosial verdseting og meistring gjennom eit materiale og arbeidsformer som musikkfaget kan tilby.
Dette er viktige poeng. Å vise fram noko ein har skapa kan for både barn og vaksne vera noko av det tøffaste ein kan gjera, og det krev eit heilt anna mot enn å gulpe opp tillært kunnskap.
Musikk som identitetsmarkør
I avsnittet ”Å oppleve musikk” er og musikken som identitetsmarkør viktig. Det blir hevda at elevar som kjenner att ”sin” musikk i skulen kan få identiteten sin bekrefta, medan det motsette òg kan vera tilfelle. Musikk kan forene, men også bekrefte og forsterke forskjeller og splittelse i det sosiale”. I forlenginga av dette framhever utvalet at musikkfaget i skulen kan hjelpe til å skapa musikalske opplevingar som er felles for alle og eit felles musikalsk repertoar i elevgruppa, og at slike fellesskap betyr mykje.
Det fint at utvalet peikar på kva dei estetiske faga kan tilføre den einskilde på det sosiale og emosjonelle planet. Det er jo nettopp å avduke personlege sider ved seg sjølv som er det skumle, men òg det fine med både å skapa noko og å uttrykkje ei meining om det opplevde. For nokre elevar vil dette falle naturleg, for andre vil det vera ein bøyg. Ei viktig røynsle er det uansett.
Rapporten teiknar eit bilete av ein skule der dei estetiske faga sine kvalitetar kan bli viktigare enn det vi har sett dei siste åra. Men den gjer det gjennom å leggje vekt på humanistiske verdiar generelt, og ikkje så mykje ved å styrkje dei estetiske faga direkte.
Korleis kan musikkfaget utviklast på sine eigne premiss?
At Ludvigsen-utvalet legg vekt på viktige sosiale kompetansar når dei set musikkfaget i samband med noko utanom seg sjølv er viktig, fordi det er lite av akkurat dette i Kunnskapsløftet. Samtidig blir det noko frustrerande at også utvalet vel å gje stor vekt til musikken sine moglege funksjonar utanom seg sjølv i det einaste, vesle avsnittet som handlar om musikk direkte.
Skulle ein trekt fram faget i seg sjølv, hadde det vore spanande å sjå fornyinga i lys av ulike formar for fagspesifikk kompetanse. Og om ein hadde lagt til fokus på djup læring kunne ein kanskje fått til å skissere fornying av faget berre på faget sine eigne premiss og vist korleis harelabb-mentaliteten frå Kunnskapsløftet kan bli lagt daud. Men vi får stole på at dette kjem etter kvart som ein utviklar læreplanane.
Eit steg i rett retning
Rapporten teiknar eit bilete av ein skule der dei estetiske faga sine kvalitetar kan bli viktigare enn det vi har sett dei siste åra. Men den gjer det gjennom å leggje vekt på humanistiske verdiar generelt, og ikkje så mykje ved å styrkje dei estetiske faga direkte.
”Fremtidens skole” er i alle fall eit steg i rett retning, og rapporten signaliserer mogelegheiter for ein skulekvardag med mindre einsidig vekt på målbare ferdigheiter og større vekt på heile mennesket . Det gjer grunn til optimisme.

Ballade video: Fristeder og intergalaktisk dans
Vi deler et romskip med Vegar Vårdal, Rebekka Karijord, Ora The Molecule, Don Juan Dracula, Gunerius & Verdensveven, Rimmslimm, Simon Moholt, Chris Eriksen, De Press og Statsmenn.

Hvor brenner det? Stemmer i musikkbransjen svarer
KI-innblanding i musikkproduksjon? Spotifys fordelingsmodell? Spellemannprisen? Her er spalten for deg som vil høre mer om de store spørsmålene i musikkbransjen.

– For meg er det sikreste tegnet på at jeg har mestret låta, at jeg klarer å skru av hjernen
Brede Sørum anses for å være en av de virkelig store favorittene i det norske jazzmiljøet. Men musikken han formidler er alt annet enn den 'den nordiske jazzen'.

Elna skal jobbe for likestilling i nordisk kunstmusikk
Databasen ELNA – Equality Library for Nordic Art Music skal bidra til likestilling i kunstmusikken i Norden.

– Det er ikke algoritmene, men håndverket som til syvende og sist gir resultater
Gitarist Magnus Berg gav nylig ut albumet «Electric Sugar» til strålende kritikker. Ballade har fått innblikk i prosessen bak verket.

Bylarm lanserer «Bransjeprisen»
Musikk-Norges største bransjekonferanse og -festival presenterer Bransjeprisen: Til menneskene som sjelden får applausen, men som alltid fortjener litt mer av den.