Hopp til innhald
Endre Hareide, Gunnhild Sundli, Kenneth Ekornes, Andreas Ljones, Rune Tylden

(Foto: Kjell Arne Steinsvik)

Dei nynorske festspela veks

– Eg trur vi har etablert oss som ein festival der folk kan stole på at det er kvalitet, seier programansvarleg Åshild Widerøe.

— I ei pressemelding kan ein lese at Dei nynorske festspela hadde eit overskot på 173.000 kr i 2010, og i år har billettsalet auka med ytterligare 23% frå fjoråret.

Åshild Widerøe legg vekt på særpreg kombinert med både kunstnarleg og fagleg breidde, og generelt høg kvalitet.

–Vi har utvikla ein tydeleg profil, og tilbyr noko folk ikkje kan oppleve andre stadar, seier ho.

Solid opningskonsert
Eit døme på dette er årets opningskonsert, som var ved Kari, Ola og Lars Bremnes. Konserten ved Dei nynorske festspela er den einaste dei har saman i Sør-Noreg i år. Festspela har arbeidd i fleire år med å få til denne konserten, og det blei stor suksess. Uteamfiet ved Ivar Aasen-tunet var heilt fullt, med 708 gjestar.

— Vi vil at opningskonserten skal vere interessant for eit stort publikum. Dette gir fleire festivalgjester lyst til å oppleve meir, og legg eit godt grunnlag for dei tre resterande festivaldagane,seier Widerøe.

Unik danseforestilling
Widerøe trekk fram danseforestillinga med Solveig Styve Holte i spissen som ein unik programpost ho er spesielt stolt av. Ho samarbeida med forfattarane Maria Parr og Hilde Myklebust, samt kulturskulelevar frå Vanylven kommune. Komponist Magnar Åm stod for musikken.

-Dette var eit stort kunstnarleg prosjekt som dei har jobba med det siste halve året. Vi er svært glade for å få syne forestillinga under festspela, og stolte av at Solveig Styve Holte har laga ei forestilling som er skreddarsydd for Ivar Aasen-tunet, fortel ho.

Fornøgd publikum
-Det viser seg at det har vore ein god idé å korte ned festivalen frå fem til fire dagar, og vi ser ut til å ha funne ei form på festspela som publikum er fornøgd med. Eg trur vi har etablert oss som ein festival der folk kan stole på at det er kvalitet. Likevel prøver vi alltid å utvikle festivalen, seier ein nøgd programansvarleg.

Ledige stillinger

Relaterte saker

Shibusa Shirazu Orchestra, Molde jazzfestival

Folkefest og jazzfestival

Jazzfestivalen i Molde har på «en imponerende måte» forent jazzfestival og folkefest, mener Kulturrådet. Tallene som brukes for å begrunne...

Anniken Huitfeldt mot 1%

Politikere som redskap

INNLEGG: Kunsten trenger gode rammer for å være fri, skriver Kulturrådsmedlem Arnfinn Bjerkestrand.

Knute

Kirkemusikk og knuter

Evalueringen av knutepunktfestivalene «minner om en skandale», mener stortingspolitiker.

Lars Petter Hagen på SPOR

Gjestekurator i 2012 med folkekultur som utgangspunkt.

Sommerøya i fare

Elektronikafestivalen har ikke fått klarsignal fra politiet.

Det Norske Solistkor – bungy

Korklang, kveding og klassisk

Hvordan kan folkemusikk fremme formidlingen av nye kunstmusikalske uttrykk?

Flere saker

Skjermbilde 2022 06 17 kl. 08.35.24

Ballade video spesial: Kort og godt i Grimstad

Sju musikkvideoer og en teaser fra Kortfilmfestivalen i Grimstad. Med General Forsamling, Knut Kippersrud, Oslo Airport, Ane Brun, Murmur, Kristian...

Stillbilde fra videoen Lavender and heaven av IRIS

Ballade video LXXIV: Duften av vi og lavender

Åtte ferske videoer, fire fine premierer. Og et rimelig toppet lag, med Iris, Angelina Jordan, Das Body, Sofia Aarvik, Not...

Den etterlatte spiller videre: Utdrag fra albumomslaget til Kristina Vårlid.

Uka i redaksjonens ører: Vi som trenger trøst

Ny musikk av dem som trøster seg selv – og oss som hører på. Noen store, selvsagte, menneskelig viktige, temaer...