Hopp til innhald
Rosa frå Betlehem, ein norsk moderne klassikar

(Foto: Kirkelig Kulturverksted)

Full meny og speleliste med Bratland, Kleive, Reiersrud – og Vinnacia

Vår jazzmann vil ha det søtt, søtt, søtt, han vil ha juleshopping og «Hjemme alene». Og kårer den norske juleplata over alle.

Eg likar min julemusikk som eg likar julematen. Eg vil ha julestrømpa, med kvalmande søtt snop. Lite har meir nostalgisk sukker enn John Williams sitt hovedtema frå Home Alone.

Eg vil ha øla med ein kompis på juleshoppinga. – Take 2, now? haha. Sjenerte Bill Evans som syng Santa Claus is coming to town med ei lun ironisk distanse, er befriande på same måte som når vi i ølpausa tenkjer: «jaja, dei får berre halde på».

Eg vil ha den høgtidlege ribba (eller som de austlendingar seier; «pinnekjøtt» … sukk). Paukene i opninga av Bach sitt Juleoratorium fyller heimen like kraftfullt som ribbelukta. Eg synest Ton Koopman og Amsterdam si innspeling frå 1989 er den beste – han treff det rette tempoet:

Eg vil ha altfor søte småkaker – alt går i grisen i jula, det gjeld også musikk. Den unisone vokal- og saksofonsoloen på God Rest Ye Merry Gentlemen med Yellowjackets treff noko djupt, djupt inne i meg. Det er kvalmande, tacky og e-stoff-søtt. Gi det til meg!

Eg vil gå i kyrkja. Etter e-stoffet frå Take 6 må vi ha noko ekte. Ekte er eit vanskeleg omgrep når det kjem til musikk, men i Marit Karlbergs 2021-ferske utgjeving av ein av dei aller finaste julesongane eg veit om, «No koma Guds englar», så rører ho, Sigbjørn Apeland på pumpeorgel og Frank Henrik Rolland på fele ved ekte råvarer med tradisjonar langt tilbake som er godt å vere i kontakt med. Årets beste julesingel!

Eg vil til slutt, stappmett og sliten på slutten av julekvelden, setje på sjølvaste juleplata. Sondre Bratland, Iver Kleive og Knut Reiersrud – Rosa frå Betlehem. Når klokkene frå fødselskyrkja kling etter «Den Fagraste Rosa», landar eg i jula.

NRK sende i samband med 25-årsjubileet i 2018 ein konsertversjon frå Kulturkirken Jakob. Ekstra sterkt er det å sjå Paolo Vinnacia her, som gjekk bort året etter:


Frå NRK.no

Ledige stillinger

Relaterte saker

Utan Dom. En duo fra Sarpsborg som staver bandnavnet fast med punktum.

Gå din vei, plag noen andre (snart er det jul)!

Mange i norsk musikkliv kjenner Ballades redaktør. Men hva velger hun seg før jul? Historien om drankeren, den skjelvende, den...

Lindvall, Wallumrød, Tanaka opnar musikalske univers i og rundt pianoet som ein skulle tru var umogleg.

Desse tre spelar piano så hjernen lurer oss – Wallumrød opnar nye univers i instrumentet

Det umoglege pianoet. Christian Wallumrød er her igjen, på ei av hans sterkaste plater. Som igjen er kobla til tre...

Flere saker

Stillbilde fra Ava Freddys musikkvideo Sushi

Ballade video CVI: På veg til deg

Seks nye videoer – og fem norske premierer. Med Bjarte Eike og Barokksolistene, Ava Freddy, Tom Roger Aadland, Thom Hell...

Magnus Wiik

– Tren din menneskelige algoritme, da vel

INNLEGG: – Noen ganger tenker jeg at mange får litt kick av å slenge ut påstander a la Nicolai Tangens...

Marit Larsen mottok prisen i sitt hjem i New York. Foto:

EDVARD-pris til Marit Larsen

Larsen vinner prisen i kategorien Populærmusikk, for albumet «Joni was right I & II».